Alexander Papas og Marthe Hammer, SV
FOTO: Line Kydland SV

Trollmannen frå Os som redda valet!

Det som journalistane burde ha gjort for lengst, gjorde ein frivillig SV-ar på fritida si.

Førre veke avviste Sunnmøre tingrett søksmål frå fire bedriftseigarar fordi dei meinte at formuesskatten braut med Grunnlova og menneskerettane. Stortingsvalet er over, men om du trudde du var kvitt debatten om formuesskatten – må du tru om igjen!

Resultatet har vore at debatten har handla om dei aller rikaste sine påståtte utfordringar

For det er nesten absurd: Ein skatt som dei aller fleste av oss aldri kjem til å betala, fekk dominera den politiske samtalen. I staden for å diskutera velferd, miljø og solidaritet, har me snakka om ein skatt som berre nokre få betaler. Det er ikkje tilfeldig.

 

Når dei rikaste set dagsorden

Dei rikaste har i fleire år og heilt inn i valkampen spytta millionar inn i lobbyorganisasjonar, PR-byrå og i valkampstøtte til høgresida for å spreia forteljinga om kor krevjande og urimeleg det er å driva næring i Noreg, og kor vilt det er at me i det heile tatt har ein formuesskatt.

Gjennom store annonsekampanjar, fekk høgresida lenge fortelja historia si offensivt og uimotsagt.

Resultatet har vore at debatten har handla om dei aller rikaste sine påståtte utfordringar – ikkje kvardagsøkonomien til folk flest. Ei stund såg det heile ut til å vera ei vinnarsak for høgresida. Men så ramla korthuset saman.

 

Korthuset som fall

Gjennom store annonsekampanjar, fekk høgresida lenge fortelja historia si offensivt og uimotsagt. Sympatiske og ærverdige familiebedrifter blei framstilte som offer for ein urimeleg skatt. Desse bedriftseigarane var så overtydde om at dei hadde rett at dei var snare med å invitera oss motstandarar til besøk

Når nokon av oss våga å peika på kven som faktisk ville tena på å fjerne formueskatten, blei det bråk. Då me trekte fram det vesle som var gjort av journalistisk arbeid i formueskattedebatten, til dømes at Oleana-eigaren i Bergen, Gerda Fuglerud, berre betalte 12 000 i formuesskatt, så blei det krisestemning hos NHO og Aksjon for norsk eigarskap. Oleana betalte berre 12 000 kroner i formueskatt. Viss ein «ærverdig familiebedrift» fell saman av eit slikt beløp, er det ikkje skatten som er problemet, skreiv vi. I debatten var vi skulda oss for å spreia «fordummande skremselspropaganda», og meinte at me gjekk etter bedriftene – og nesten dreiv med uthenging. Og reaksjonen er jo ikkje så rar, for heile forteljinga til Aksjon for Norsk Eigarskap er stort sett anekdotar om kor vanskeleg det er å driva næring i Noreg, og sjeldan tal som kan stadfesta dette.

Når eigarane sjølve tek ut millionar i utbytte, kan dei ikkje samstundes klaga på at skatten øydelegg.

Sjølv om det er solid dokumentasjon i både forsking og skattekommisjonar som viser at formuesskatten er ein av dei mest utjamnande skattane me har, og at han er svært treffsikker når det kjem til at å sikra at dei aller rikaste bidreg til fellesskapet, så fekk likevel forteljinga frå sympatiske bedrifter prega debatten i fleire år.

 

Trollmannen frå Os

Det var først då trollmannen frå Os tok til at korthuset verkeleg byrja å ramle.

Asle Olsen – oljearbeidar, SV-politikar og medlem av valkampgruppa til SV i Hordaland – følgde debatten om Oleana tett. Han gjorde ein utretteleg innsats i kommentarfelta, men viktigare: Han tok fram tala. Og Olsen stoppa ikkje der.

 

Nettstaden som snudde valkampen

Gjennom sommaren bygde Olsen opp nettstaden faktaomformuesskatt.no. Der gjekk han systematisk til verks. Kor mykje i formueskatt, kor mykje i utbytte? Nesten samtlege har tatt ut langt meir enn det som nokon gong var betalt i formueskatt. Dermed fall forteljinga om at skatten stal frå investeringane i bedrifta. Når eigarane sjølve tek ut millionar i utbytte, kan dei ikkje samstundes klaga på at skatten øydelegg.

Der la han fram tal for bedrift etter bedrift: formueskatt versus utbytte. Gjekk det opp? Nei. I dei aller fleste tilfella var formueskatten eit ikkje-problem.

Det var milliardærane som tente på denne kampanjen, medan folk flest blei lurt til å tru at bedriftene stod i fare.

Det som journalistane burde ha gjort for lengst, gjorde ein frivillig SV-ar på fritida si. Og først då han hadde lagt tala på bordet, skjønte lokalaviser og Oslo-pressa kva for sprengstoff som trollmannen frå Os sat på. Bedrifter måtte innrømma at forteljinga deira ikkje heldt. Millionkampanjar frå Aksjon for Norsk Eierskap og Fellesaksjonen – som hadde brukt titals millionar på reklame forkledd som journalistikk – blei punktert av Olsen og fakta..

Sanninga var at det ikkje var små og mellomstore bedrifter som bar byrda i det heile tatt. Det var milliardærane som tente på denne kampanjen, medan folk flest blei lurt til å tru at bedriftene stod i fare.

Det er skremmande. For det me verkeleg risikerte var at milliardærane skulle lykkast med å kjøpa valet med eitt mål: å redusera skattane for dei aller rikaste og auka dei økonomiske forskjellane.

 

Å halda ut kampen

Kampen mot forskjells-Noreg må førast på mange frontar. Nokon må våga å seie høgt at me ikkje treng milliardærar. Nokon må vise kva verkelegheitsbilete dei rikaste faktisk har, slik SV-leiar Kirsti Bergstø gjorde i fjor haust. Når folk les kva dei aller rikaste seier om Noreg, får dei bakoversveis – men i staden for å ta debatten, blei partileiaren vår håna og latterleggjort.

Gandhi sa ein gong: «Først ignorerer dei deg, så ler dei av deg, så kjempar dei mot deg – så vinn du.» Slik har det jammen vore i skattedebatten. Venstresida har blitt håna, avskilta og angripe av ei samla høgreside og milliardærar på offensiven. Det gjaldt ikkje berre SV – også Ap og Sp opplevde eit valdsamt press frå krefter som ikkje ville skattleggjast.

Utan at fleire våga å leggja seg ut med landets rikaste, ville ikkje debatten snudd.

Kampen for fellesskapet er aldri lett. Ein blir latterleggjort og motarbeidd, men om me står saman, kan me vinne. At Asle Olsen tok fram tala, var avgjerande – men ingen kjempar i eit vakuum. Utan dei ekstreme utspela frå milliardærane og støttespelarane deira, utan arbeidet til tankesmia Agenda, utan at fleire våga å leggja seg ut med landets rikaste, ville ikkje debatten snudd.

SV har vore både ignorert og latterleggjort for å peika på kor absurde desse utspela frå rikfolket er. Samstundes har dei rikaste brukt titals millionar på å halda  liv i forteljinga om at Noreg er eit elendig land å driva næring i. Då debatten endeleg snudde, kom politikarar frå sentrum og resten av venstresida på bana. Heile våren hadde dei halde seg unna skattedebatten for ikkje å provosera milliardærane. Men når SV hadde teke seg av grovarbeidet og «trollmannen frå Os» hadde gjort reknestykket, kunne Jens og Jonas skumma fløyten – og knusa høgresida i valet.

 

Milliardærane tapte – kampen om verkelegheita fortset!

Raudgrøn side vann valet, men høgrekreftene gir seg ikkje. At nokon vågar å påstå at formuesskatten bryt menneskerettane, er ikkje berre feil – det er rein og skjer galskap. Forteljinga om kor «urimeleg» skatten er, har nådd eit punkt der dei aller rikaste no prøver å skriva om verkelegheita for å fremja sine eigne interesser.

Ingen truslar om søksmål, ingen millionkampanjar eller tåkeprat frå høgresida og landets rikaste vil stoppa oss.

Då handlar ikkje dette berre om skatt – men også om makt.

Kampen for eit rettferdig skattenivå, for at stemmesetelen skal telja meir enn pengesetelen, og for eit samfunn der dei som har mest, faktisk bidreg mest, er langt frå over. Me i SV kjem til å stå på, leggja fakta på bordet og avsløra mytane. Ingen truslar om søksmål, ingen millionkampanjar eller tåkeprat frå høgresida og landets rikaste vil stoppa oss.

Når me går saman for fakta og fellesskap, tapar nemleg pengemakta så det syng!

Nyhetsbrev Agenda Magasin