erna solberg elkem foto Maria Korkunc SMK
FOTO: Maria Korkunc/SMK

Viser veg for offensiv grøn omstilling

Korleis skal vi sikre verdiskaping, eksport og sysselsetting når oljealderen går mot slutten? Se til Kristiansand!

For andre gang har Elkem/REC-miljøet i Kristiansand utvikla ny revolusjonerande teknologi for framstilling av silisium til solceller. I ein beinhard internasjonal konkurranse, er slik innovasjon heilt avgjerande for å overleve og sikre arbeidsplassane.

Samtidig er det viktige skritt mot det grøne skiftet. Materiale til produksjon av fornybar energi blir framstilt med stadig mindre energiforbruk og utslepp.

Norge med sine lange tradisjonar innan prosessindustri har potensiale til å bli ein leiande produsent av materiale til nullutsleppssamfunnet.

Kvifor skjer dette nettopp ved Elkem/REC i Kristiansand, og kan vi lære noko av denne industriutviklinga?

Då eg engasjerte meg i miljøkampen på sytti- og åttitalet, var prosessindustrien den store syndaren. Belona klatra i fabrikkpiper og fotograferte avløpsrøyr for å protestere mot utslepp til luft og vatn, og etter kvart kom det strengare miljøkrav. Mange meinte at krava ville føre til konkursar og utflagging.

Men bransjen tok utfordringa og utvikla ny teknologi som gav mindre utslepp og styrka konkurranseevna. Elkem utvikla blant anna ny filterteknologi som fanga opp utsleppa frå silisiumproduksjonen og foredla dei til det høgverdige produktet microsilica. Presset frå miljøkrava bringa bransjen i teknologifronten.

Då klimaengasjementet blei ein del av miljøkampen, fekk miljørørsla eit nytt syn på prosessindustrien. Frå å vere eit forureiningsproblem blei den ein alliert i arbeidet for omstilling til fornybarsamfunnet. Metall og andre materiale er viktige element i produksjon av fornybar energi.

Norge med sine lange tradisjonar innan prosessindustri har potensiale til å bli ein leiande produsent av materiale til nullutsleppssamfunnet, og produksjonen kan etter kvart bli utslippsfri.

Det er ein unik situasjon som du ikkje finn i forskingsmiljø med større avstand til produksjonsmiljø.

Elkem har lenge hatt ein omfattande forskingsaktivitet i Kristiansand. Forskingssenteret er langt meir kjent i industrimiljø i utlandet enn det er blant norske politikarar. Det var dette miljøet som utvikla ny filterteknologi då miljøkrava kom, og som gjorde forureininga til eit høgverdig produkt.

Her starta også arbeidet med å utvikle ein ny prosess for framstilling av silisium til solceller, og bedrifta gjekk inn i ein heilt ny marknad. Nyleg kom så meldinga om at dei har revolusjonert denne prosessen på ny ved å resirkulere avfall som oppstår i produksjonen. Dette forskingsmiljøet satsar også på nye materiale til den veksande marknaden for batteri.

Lytt til vår podcast!

Forskingssenteret til Elkem ligg vegg i vegg med smelteverket, og det har mange fordelar. Topp utdanna forskarar har dagleg kontakt med erfarne driftsfolk og konstruktørar som kan gi råd og teste ut nye idear. Samlokaliseringa gjer det også lettare å teste ut ny teknologi i kontinuerleg drift over tid.

Det er ein unik situasjon som du ikkje finn i forskingsmiljø med større avstand til produksjonsmiljø. Eg ser ikkje bort i frå at denne samlokaliseringa kan vere ei medverkande årsak til at dette miljøet har hatt så stor evne til å utvikle ny teknologi og ta den i bruk i kommersiell drift.

Den har potensiale til å bli verdsleiande innan utslippsfri produksjon og kan spele ei viktig rolle i det grøne skiftet.

For tida går det ein diskusjon om korleis vi skal omstille norsk industri og næringsliv til nullutsleppssamfunnet. Korleis skal vi sikre verdiskaping, eksport og sysselsetting når oljealderen går mot slutten? Mange peikar på at vi må bygge ny industri på skuldrene til den vi har.

Dei innovasjonane vi har omtalt ovanfor, er gode eksempel på det. Resultata som er oppnådd i det metallurgiske forskingsmiljøet i Kristiansand, viser at det er lettare å utvikle nye produkt og nye prosessar når du kan knytte forskinga opp i mot den drifta du alt har. Kompetent industri kan avle ny industri.

Norsk prosessindustri har solid industriell erfaring og kompetanse som vi treng i den krevjande omstillinga vi står overfor. Den har potensiale til å bli verdsleiande innan utslippsfri produksjon og kan spele ei viktig rolle i det grøne skiftet.

Men vi bør utfordre bransjen til å arbeide for å auke sysselsettinga ved å satse på prosess- og produktutvikling slik vi har sett eksempel på i Elkem. Det er nødvendig for å møte konkurransen og for å få maksimalt ut av dei omfattande kraftressursane denne bransjen disponerer. Her har bransjen, verkemiddelapparatet og politikarane eit felles ansvar.