FOTO: Terje Pedersen / NTB

Å kjenne sin eigen by

Historiene vi fortel om byen vår er med på å forme den. Vi må passe på at dei ikkje blir for lettvinte og karikerte.  

Ruter har ein reklamekampanje for tida der dei oppfordrar folk til å utforske nye delar av Oslo og med det gjere byen større:

«Liker du å hoppe på Ingierstrand, vil du nok like et godt svev på Kadettangen»

Eg liker den reklamen.

Dei ulike bustadprisane er med på å skilje folk i byen vår.

Under pandemien, då mange av dei vanlege tinga å finne på ikkje var tilgjengelege, oppdaga vår vesle familie ei rekke nye stadar vi har blitt glade i. Ein dag var det vesle badet på Romsås det einaste med ledig badebillett, og vi fekk ei god badeøkt nesten åleine i det varme barnebassenget. Vi gjekk pandemitur på Stovnertårnet. Eg fekk endeleg gått på toppen av Vettakollen og sett den fantastiske utsikta over byen.

Blir vi betre til å reise på tvers og sjå nye stadar, blir det meir gøy å bu her byen, men byen blir også mindre og tettare. Vi får tilhøyrsle i fleire bydelar enn den vi bur i sjølv.

Media og politikarar har også eit ansvar for å sjå nærmare etter før dei kastar seg på overordna, generaliserande enkeltskildringar av heile bydelar.

For Oslo er på mange måtar ein delt by. Sjølv om bustadprisane er høge, og i mange år har vore stigande, over heile byen, har dei vakse i ulik takt. Vi er mange som ikkje har råd til å bu akkurat kor eller korleis vi vil. Dei ulike bustadprisane er med på å skilje folk i byen vår. Dei økonomiske skilnadene speler også inn på helsa vår. Det er store levealdersforskjellar mellom aust og vest.

Mange av oss bur i nabolag med folk som liknar oss sjølv. Det kan heve terskelen for å utforske nye område og forstå kvarandre.

Difor må vi heile tida jobbe for å bygge vidare på fellesskapet på tvers i denne byen. Det er fyrst og fremst eit politisk ansvar, eit ansvar eg synst det verkar som om dagens byråd tar på alvor. Vi får ein betre by når vi bygger fellesskapsarenaer, reduserer økonomisk ulikheit og styrkar velferda for alle, for eksempel gjennom gratis AKS for alle barn.

Media og politikarar har også eit ansvar for å sjå nærmare etter før dei kastar seg på overordna, generaliserande enkeltskildringar av heile bydelar. At det finst konkrete utfordringar å ta tak i på ein stad, gjer det viktig å følgje opp desse med tiltak, men det må vere proporsjonalt og rom for fleire sanningar på ein gong.

Men korleis kvardagane i denne tilfeldige barnehagen på Haugerud var, vil jo naturleg nok ikkje dei som les Rolness sitt innlegg kunne vite

I sommar skreiv Kjetil Rolness ein tekst om Haugerud i Aftenposten som eg opplevde som spekulativ. Det er ikkje plass her til å gå inn på alt Rolness skreiv der, men eg vil løfte ut eit konkret eksempel. Kort fortalt omtaler han det som skjer på Haugerud no som eit «kulturelt sammenbrudd» som blir «fortiet». Teksten har ei rekke eksempel, men eit av dei han bruker for å dokumentere påstanden er at vår gamle barnehage diverre brann ned i vår. Det var trist og alvorleg, ikkje minst for barna, at denne brann, og eg håpar politiet finn ut av kven som gjorde det. Men det er smått absurd at denne brannen skal kunne bli brukt som eit bilete for at det står dårleg til på Haugerud.

Det har gitt meg eit ynskje om å fortelje om kvardagen i denne barnehagen. Den var heilt super, med flinke vaksne og godt samhald. Siste dag stod eg med tårer i auga og var takknemleg for fine år.

Men korleis kvardagane i denne tilfeldige barnehagen på Haugerud var, vil jo naturleg nok ikkje dei som les Rolness sitt innlegg kunne vite, fordi vi er ein stor by og folk bur spreitt utover ei lang rekke bydelar. Lesarane vil lese «brann i barnehage», «kulturell oppløsning» og ei rekke andre utfordringar blanda saman og fort kunne trekke konklusjonen om at dette er ikkje er ein god stad å bu. Sjølv om mange folk som bur der ikkje vil kjenne seg igjen i det. Aftenposten har heldigvis dekka spørsmålet om buvilkår på Haugerud med fleire saker og avisinnlegg, som til saman har gitt eit meir nyansert bilete.

For ja, det var meir uro på østkantskulen, og ja, det var meir merkepress på vestkantskulen, men det var fine folk begge stadar.

Når det skjer vald eller kriminalitet ein stad, må det bli møtt med merksemd og handlekraft. Forebyggande einingar som skule og barnevern, ungdomsklubbar og politi må ha nok ressursar. Men overdriven negativitet og lite treffsikre generalisering i media vil ikkje gi oss færre problem. Det vil forsterke kulturelle og sosiale forskjellar og heller kunne gjere det vanskeleg å handtere dei problema ein skal løyse.

Sjølv er eg no rotfesta på Oppsal, men før i livet har eg budd i både aust og vest. På ungdomsskulen opplevde eg både vestkant på Midtstuen og austkant på Skøyenåsen. Det var litt slitsamt, men også spennande og nyttig. For ja, det var meir uro på østkantskulen, og ja, det var meir merkepress på vestkantskulen, men det var fine folk begge stadar. Men det var også fordommar begge vegar.

Det er tjue år sidan. Sidan den gang har den forskjellane mellom dei som har mest og dei som har minst auka enno meir. Og forskjellane mellom aust og vest har auka. Det gir større sjanse for å miste rausheit og vilje til å forstå kvarandre når ulike utfordringar oppstår.

No tenkjer eg i alle fall at vi alle kan gjere vårt for å forsterke samhaldet mellom alle slags folk i byen vår.

På ungdomsskulen drøymte eg om at det kunne bli laga ei slags utvekslingsordning, der vestkantelevar kunne gå på østkanten ei veke eller to, og omvendt, for å bygge ned fordommar. Det var kanskje ikkje så realistisk, men no tenkjer eg i alle fall at vi alle kan gjere vårt for å forsterke samhaldet mellom alle slags folk i byen vår. Vi treng meir «vi», mindre «oss og dei».

Då treng vi politikarar som er representerer mangfaldet i byen vår, som vil vere tett på og kjenne fakta på bakken godt nok til å kome med treffsikre tiltak til de utfordringane som finst. Vi treng media som er opne for nyansar og ulike verkelegheitsbeskrivingar av same område. Og vi innbyggarar kan bidra ved å vere opne for å lytte til mangfaldet av historier om bydelar som ikkje liknar på vår eigen.

For vi er ikkje berre mange bydelar ved sidan av kvarandre. Vi er éin by.

Teksten ble også publisert i Dagsavisen 7. august 2023.