Fotball VM-var ein siger for fotball, idrett og samhald. Men også for kongehuset.
På starten av året såg det mørkt ut. Stadig nye detaljar om kronprinsessas kontakt med den amerikanske serieseksualforbrytaren Jeffrey Epstein vart kjent. Samstundes gjekk rettssaka mot Marius Borg Høiby i Oslo tingrett. I tillegg kom helseproblem. Det var ikkje lett å sjå for seg korleis kongehuset skulle klare dette.
Dei siste åra har eg for eigen del fått ein heil del praktiske innvendingar mot kongehuset.
Men det var før fotball VM, jubel og folkefest, før Ingrid Alexandra og Sverre Magnus troppa opp med supporterskjerf, før kronprinsen stilte i ro-laget på slottsplassen og før kongen helsa landslaget velkomen heim.
Raudts Sofia Rana oppsummerte situasjonen presist i Morgenbladet sist fredag: «Det er vanskelig å gjøre opprør mot en konge som vår.»
Dei reint prinsipielle argumenta mot monarki finst i fleng. At posisjonen som øvste, leiar er arveleg er pussig i ein moderne, demokratisk stat. Adelskap og tankar om eit unikt, blått blod, står i kontrast til det stort sett egalitære norske sinnelaget.
Han er konge på å vinne situasjonen.
Dei siste åra har eg for eigen del fått ein heil del praktiske innvendingar mot kongehuset. For at eit kongehus skal fungere optimalt, må det ha ein viss aura av noko mystisk eller opphøgd rundt seg. Og akkurat det er vanskeleg å kombinere med ei presse som følgjer familiemedlemene tett.
Vi har ikkje britiske tilstandar i norsk kongehus-journalistikk. Men sosiale medium har flytta på grensene for kva som blir rekna å ha offentlegheitas interesse. Og det blir mykje.
Eg har fleire gongar dei siste åra tenkt at kongehuset burde avskaffast. Ikkje av omsyn til demokratiet, og heller ikkje på grunn av feiltrinn frå kongehuset. Men rett og slett fordi eg har tenkt at dei burde få sleppe.
Men så har ein jo alt dette andre. Kjensla av kven vi i Noreg er, korleis vi vil vere og kva vil samle oss om. Og der har du kongen. Han er konge på å vinne situasjonen. Under OL på Lillehammer i 1994 sjarmerte han heile landet med sin folkelege boblejakke. Og det var godt gjort, midt i den elleville jubelen over norske prestasjonar.
Men alle hugsar at det var kongen som sa det.
Under VM på ski i Oslo i 2011 vart kongen dratt heilt inn i gullfesten då Therese Johaug kasta seg rundt halsen på han i ellevill sigersrus. Og no nettopp, då den VM-draumen så mange nordmenn har bore på så lenge, endeleg vart realisert, reiste landslaget rett til slottet etter å ha landa på Gardermoen.
Bileta av kongen som helsar landslaget velkomen vil gå inn i historia både om norsk kva norsk fotball er og av kva kongehus vi har.
Ein kan lage meiningsmålingar om kva folk synest om kongehuset. Men når det kjem til stykke, eller til festen, viser det seg at svært mange er glade i kongen og familien hans. Grunnen til det handlar sjølvsagt om svært mykje meir enn om sport. Kongen er god med ord.
Han klarer å formulere tankar om ein fellesskap som er brei og inkluderande og som mange vil vere del av. På kongeparets sommarfest i 2016 sa han det slik:
Nordmenn er jenter som er glad i jenter, gutter som er glad i gutter, og jenter og gutter som er glad i hverandre. Nordmenn tror på Gud, Allah, Altet og Ingenting.
Etter VM-festen ser det ut til at kongehuset, og den norske fellesskapen, har fått nye krefter
I åra etterpå har desse orda blitt sitert så mange gongar i så mange ulike samanhengar at dei fleste har gløymd akkurat når dei vart sagt. Men alle hugsar at det var kongen som sa det.
Denne veka er det 15 år sidan 22. juli-terroren. Eg hugsar framleis den uverkelege kjensla frå dagane etterpå. At 77 menneske blir brutalt myrda av høgreekstrem terrorist er mykje å ta inn. Alle dei døde barna, alle skadde, all sorga gjorde det vanskeleg å finne ord. Men det var mange som fann dei.
Frode Grytten skreiv om at kjærleiken er kraftigare enn ei 500 kilos bombe, at å halde hender er mektigare enn ladegrepet og at eit lite kyss er viktigare enn 1500 sider med hat.
Eg hugsar ikkje kva kongen sa den gongen. Men eg hugsar at han måtte stoppe opp midt talen sin fordi han hadde gråten i halsen. Etter VM-festen ser det ut til at kongehuset, og den norske fellesskapen, har fått nye krefter.

Kommentarer