Donald Trump og Barack Obama
FOTO: NTB/Rob Carr/AP

Eit oppgjer med den «smarte» politikken

Om politikarane ikkje har respekt for folk, blir politikken flat og vegen mot større forskjellar open.

Korleis snakkar vi om politikk vi trur på? Er vi for eit politisk tiltak fordi det er rettferdig? Eller fordi vi meiner det er smart?

Filosofen Michael Sandel besøkte i førre veke Oslo for å snakke om si siste bok, The Tyranny of Merit. Her tar han, mellom anna, eit grunnleggande oppgjer med retorikken dei amerikanske demokratane, og særleg tidlegare president Barack Obama, har brukt for å få veljarar til å stemme på seg. Poenga hans er relevante også for Noreg.

Han ville ha smarte kutt, ikkje dumme kutt.

I boka går Sandel mellom anna gjennom framveksten av ordet «smart» i amerikansk politikk. Mens det tidlegare hadde vore ein tradisjon for å snakke om politiske avgjerder som «rettferdige» eller «urettferdige», eller «rette» eller «gale», vaks det fram ein kultur for å snakke om «smarte» eller «dumme» politiske tiltak.

Då Bill Clinton og George W. Bush kom i posisjon, brukte dei adjektivet «smart» meir enn 450 gongar kvar. Barack Obama brukte det over 900 gongar. Samtidig var det ei kraftig auke i bruken av ordet «stupid», altså «dum».


Les også: Merito-hva-sa-du? Som skyld for Trump?


Då Obama skulle kutte i dei statlege budsjetta, argumenterte han for at diskusjonen burde bli heva over ideologisk diskusjon. Han ville ha smarte kutt, ikkje dumme kutt. Han brukte ordet «smart» for å argumentere for å bekjempe AIDS, auke minstelønn, styrke kvinners rettar og auke bistandsbudsjettet, for å nemne nokre fleire eksempel. Det var ei retorisk dreiing, der demokratane meinte ein skulle gjere ting fordi dei var smarte, ikkje fordi dei var i tråd med ei gitt ideologisk overtyding eller samfunnsinteresse.

Kvifor skjedde denne vendinga bort frå diskusjonar om rettferd og over på intelligens, og kva har den ført til?

Å karakterisere politikk som smart eller dum, der «dei flinkaste folka» må få tillit til å finne ut av ting, mobiliserer ikkje veljarar. Det er også slapp argumentasjon som underspeler at det finst interessemotsetningar og ulike ideologiar i politikken. Det viser liten tru på demokratiets kraft til å forandre samfunnet til det betre.

I ettertid har vi fått fire år med Trump, og kanskje får vi fire til. Ei årsak til det er at veljarar som ikkje har tatt høgare utdaning gradvis har bytta side. Mens fleirtalet i denne gruppa røysta på demokratane fram til tusenårsskiftet, har vi sidan år 2000 fått eit skifte over til den republikanske sida.

Sandels gjennomgang av den demokratiske retorikken er tankevekkande, og spørsmålet tvinger seg fram: Kvifor skjedde denne vendinga bort frå diskusjonar om rettferd og over på intelligens, og kva har den ført til? Særleg er dette tankevekkande fordi dei økonomiske forskjellane har skutt fart som ein rakett i same periode.

I staden for å diskutere politikk som om det er spørsmål om intellekt mot dumskap, bør det bli ramma inn som interessemotsetningar.

Demokratar som Obama har snakka om si eiga klassereise og oppfordra fleire til å jobbe hardt for å oppnå det same. For veljarar som berre vil ha ein trygg jobb med den bakgrunnen dei har, utan å måtte ta meir utdaning, har han hatt få svar. I staden har han forsvart utviklinga der tilgangen på trygge jobbar utan høge utdaningskrav har forsvunne. Han har for eksempel sagt:

«If you don`t have a good education, then it is going to be hard for you to find a job that pays a living wage.»


Andre leser også: Har du fått som fortjent? Neppe.


Med tanke på at det er vanlegare å ikkje ta høgare utdaning, enn å ta det, er det ikkje rart at mange veljarar som har vendt demokratane ryggen. Fyrst og fremst fordi demokratane ikkje har hatt god nok politikk for denne gruppa, men kanskje kan også retorikken hatt noko å seie.

Sandels bok er ein kritikk av ideen om at vi lever i eit meritokrati, der dei flinkaste får den høgaste lønna og dei fremste posisjonane. Han kritiserer også ideen om at eit reelt meritokrati hadde vore eit godt samfunn. Boka er fyrst og fremst ei analyse, men han har også tankar om kva som kunne bli gjort annleis. I denne samanhengen meiner han for eksempel at i staden for å diskutere politikk som om det er spørsmål om intellekt mot dumskap, bør det bli ramma inn som interessemotsetningar, som ulik vekting av verdiar eller ulik ideologi.

Det blir, paradoksalt nok, ein meir meiningsfull og smart debatt, om vi sluttar å snakke om våre eigne meiningar som «smarte» og motpartane som «dumme».

Det gir rom for ein heilt annan respekt for folk som meiner noko anna enn seg sjølv. For eksempel treng ikkje ein oljearbeidar som er skeptisk til klimapolitikk å vere dum eller mot vitskap, men hen kan vere skeptisk fordi hen er usikker på om politikarane har svar som kan gi ein trygg jobb i framtida. Det blir, paradoksalt nok, ein meir meiningsfull og smart debatt, om vi sluttar å snakke om våre eigne meiningar som «smarte» og motpartane som «dumme», men heller lyttar til kva folk faktisk seier.

Sandel vil også tilbake til å snakke om verdig arbeid, der du skal kunne få deg ein jobb som har meiningsfulle oppgåver, gir trygg inntekt og mat på bordet, uavhengig av om du har studiepoeng på ryggen eller ikkje. Det er oppløftande at folk som Olaf Scholz i Tyskland har fanga opp denne analysen og vann valet i 2021 med «respekt for deg» som slagord, inspirert av Sandel. I Storbritannia er Labour-leiar Keir Starmer inspirert av den same tenkninga.

Vi står i ei tid med stadig meir polarisering, der avstanden mellom folk blir større. Då treng vi å sjå meir på kva som har blitt gjort dei siste åra som ikkje har vore særleg konstruktiv. Å ikkje tilby gode svar til heilt vanlege folk som berre vil ha ein trygg jobb, er eit eksempel. Sandels poeng om retorikken om politikk som smart og dum er eit anna. Venstresida må kunne betre enn det.

Nyhetsbrev Agenda Magasin