FOTO: Netflix

Fart, formue og forskjellar

Nokre timar på Netflix illustrerer problema med at nokon har langt meir pengar enn andre.

Raske bilar, rike folk og veldig mykje drama. I det siste har eg vore hekta på tv-serien Drive to survive. Eg er fleire år bakpå. Formel 1-dokumentarserien har vore ein snakkis lenge, og eg er berre ferdig med sesong 1.

Dette vesle innblikket i ei framand verd, der løpa går på stadar som Monte Carlo, Baku og Abu Dhabi, er fengande å sjå på av fleire grunnar. Løpa er jamne, og førarane risikerer omtrent livet på banen i det dei knivar om posisjonar. Ikkje sjeldan går ein bil i veggen. Den psykologiske kampen mellom dei ulike førarane er beinhard. Det er god tv. Men det er også ei oppvisning i problema som dukkar opp når dei økonomiske forskjellane mellom folk blir store.

Heime i sofaen sit eg og himlar med auga.

Eit stykke ut i sesongen, som finn stad i 2018, blir ein kjent med laget Williams, som ligg nedst på lista. Familiebedrifta slit og manglar pengar. Håpet deira er at milliardæren Lawrence Stroll, som kjem inn frå sidelina, skal berge skuta. Strolls krav for å kome inn som redningsmann er at hans son, Lance, får lov til å vere førar på laget.


Les også: Det er ikke omfordeling å gi litt mer til de fattige. Man må også våge å ta fra de rike.


Heime i sofaen sit eg og himlar med auga. Formel 1 har berre 20 førarar, fordelt på ti lag. Og det er tøff konkurranse for å vere god nok til å vere med. Men sporten er også avhengig av å ha råd til gode nok bilar for å vinne. Williams må nikke, bukke og gjere Lance til førar, sånn at dei skal få nok pengar i kassa. Men det går ikkje så veldig bra. Sesongen blir tøff.

Sjølv om det er frustrerande å sjå korleis pengar kan styre, og arvingar får fortrinn andre ikkje får, er det også litt frigjerande med ein serie som viser fram mekanismar som dette i det opne. For vi har dei rundt oss stadig vekk i ulike former, også i Noreg.

Vi har også ei rekke små og store ordningar i samfunnet som gjer livet enklare for dei med mest.

Ser vi for eksempel på kven som er så heldige å vere rikast i Noreg, ser vi at mange av dei ikkje er rike som følgje av hardt arbeid, men fordi dei er arvingar. Akkurat som milliardærsonen Lance. Då avisa DN såg på Noregs 300 rikaste i Noreg, var nesten 200 av dei arvingar. Denne gruppa har naturleg nok eit heilt anna utgangspunkt i  livet enn resten av oss.

Vi har også ei rekke små og store ordningar i samfunnet som gjer livet enklare for dei med mest. Dei aller rikaste betaler langt mindre i skatt enn resten av oss. I skattesystemet vårt går satsen på inntektsskatt gradvis opp når du blir rikare, for så å gå ned for den rikaste prosenten i Noreg. Og ser vi på den rikaste promillen, er det enno lågare.


Les også: Penger er makt.


Vi har eit offentleg helsetilbod som er bra på mykje, men som samtidig går i ei retning der ein i stadig større grad kan kjøpe seg forbi køen med nok pengar. Då kan forskjellar i storleik på lommeboka fort også bli forskjell i helse, og i verste fall i levealder, for ulike pasientgrupper. Ein studie fann ein forskjell i levealder på heile 14 år mellom den rikaste og fattigaste prosenten i Noreg, målt med utgangspunkt i hushaldningsinntekt for menn. Det er ei lang rekke grunnar til at det er sånn, men dei kan kanskje oppsummerast med at livet er lettare når du har mykje pengar, og då er det også enklare å leve på ein måte som er bra for helsa.

Talent tapte for pengar.

Også flytransporten er organisert på eit vis som uttrykker klasseforskjellar tydeleg. Nyleg måtte eg forklare sonen min at kø-reglane frå barneskulen ikkje gjeld på flyplassen. Det var greitt at det solbrune paret med trillekoffert gjekk forbi oss, fordi dei hadde betalt for det. Og sjølv om alle som har råd til å fly på eit vis er privilegerte, påverkar denne klasseinndelinga alle negativt. Forsking viser at fly med klasseinndeling har langt meir uro, også på fyrste klasse, enn på fly der alle reiser på like vilkår og står i same kø.

Men tilbake til Formel 1.

Etter kvart blir vi kjente med den dyktige føraren Esteban Ocon, som køyrer for laget Force India. Familien hans måtte bu i campingvagn nokre år for å ha råd til å betale for satsinga hans. Men fordi milliardæren Stroll etter kvart vil bytte lag og heller vil satse på Force India, må Ocon ut. Han får heller ingen ny kontrakt hos andre lag inn mot neste sesong. Og igjen: inn kjem Lance som ny førar. Talent tapte for pengar. Også dette ser vi i fleire samanhengar. Den amerikanske samfunnsforskaren Robert Putnam har for eksempel vist at det i dag i USA er større sjanse å komme inn på høgare utdaning dersom du har dårlege resultat, men rike foreldre, enn om du har gode resultat, men fattige foreldre. Som TV-sjåar er det frustrerande å sjå på.

Det er ei heilt vill utvikling.

Milliardæren Stroll har masse pengar og har lov til å bruke dei som han vil. Men at pengar gir makt, er det lite tvil om. Stroll valte å bruke dei på Formel 1. Og det er trass alt meir uskyldig enn verdas rikaste mann, Elon Musk, som har valt å bruke si pengemakt meir direkte inn politikken. No er han viktig for skjebnen til både Putin, Trump og demokratiets framtid. Amazon-eigar Jeff Bezos bruker derimot makta si til å undergrave arbeidstakarar sin rett til å organisere seg i fagforeining.

Dei fem rikaste i verda dobla si formue frå 2020 til 2024. Dei får med det stadig meir makt enn andre til å forme samfunnet vi alle lever i, på tvers av landegrenser. Det er ei heilt vill utvikling. Denne gongen var det ein tv-serie om gamle Formel 1-sesongar som skulle til for å minne om det.

Teksten ble også publisert i Dagsavisen 18. mars 2024.