trine østereng
FOTO: Siw Pessar

Gi meg litt håp

No er verda er så dyster at vi må sjå etter dei lyspunkta vi finn.

På lokalradioen ein morgon i førre veke prøvde programleiarane å liste opp alt det urovekkande som skjer rundt oss i verda akkurat no. Dei var, som meg, oppgitte over at det er så mykje no at det er vanskeleg å halde oversikt. Den natta hadde Pakistan gått til angrep på Iran. Samtidig har USA gått til angrep på Houthi-militsen i Jemen. Det er krig og sultkatastrofe på Gaza. Det er krig i Ukraina. Så byrja dei gruble høgt rundt om det var noko viktig dei hadde gløymt. «De gløymte Trump», sa eg høgt til meg sjølv, der eg stod og laga kaffi.

Trump er i posisjon til å kunne vinne årets presidentval i USA, og retorikken hans går i stadig meir fascistisk retning. For tjue år sidan hadde det sprengt alle avis- og nyheitssendingar. Men no er det så mykje, heile tida, i alle kanalar, at noko så stort og viktig som at vi kan få ein fascist i verdas mektigaste presidentstol kan bli gløymt når ein skal nemne alt det skumle som skjer.

Eg får lyst til å kaste telefonen ut av vindauget.

Den ekstreme amerikanske presidentkandidaten er også symptom på noko større. Det nylege skremmande presidentvalet i Argentina minner oss om det. Dei autoritære leiarane i verda er på frammarsj. Og i år står det ekstra mykje på spel. 2024 er eit stort valår, mange av jordas innbyggarar skal stemme, og utfalla av vala vil ha mykje å seie for statusen for demokratiet som styreform i verda resten av tiåret.


Andre leser også: Utfallet av valgene i 2024 er kritiske av tre grunner.


Det er svimlande å tenkje på. Eg trur ikkje eg er åleine om å ha desse kjenslene. Av å bli overvelda og å kjenne avmakt. Vi fortsett kvardagen, engasjerer oss for dei tinga vi har engasjert oss for før. Men det har ein absurditet over seg når ein veit kor mange liv som er i spel i Gaza, akkurat no.

Så tar vi opp telefonen, og får dei grusamme bileta inn, igjen og igjen. Min Instagram er ein absurd blanding av krigsreportasjar, solidaritetsmarkeringar, vener på ski, matlagingsvideoar, ryddetips og treningspostar. Å få sterkare triceps er ikkje det eg er interessert i rett etter å ha lest om situasjonen til palestinske barn. Men sånn har algoritmane sørga for at det har blitt. Og eg får lyst til å kaste telefonen ut av vindauget.

Det er ekte trøyst i å vere med i eit politisk fellesskap, når verda ser ut til å gå av hengslene.

Men det er ting som har skjedd i det siste som har lindra litt. Det har gjort godt å møte opp på demonstrasjon for Gaza. Det var fint å kjenne at vi var mange tusen som møtte opp og ville seie i frå om at Noreg vil gjere meir. Ein sundag stod vi der ved Operaen i 20 minus. Oslofjorden var full av røykande damp, mange hadde palestinaskjerf og flagg, og vi gjekk i eit langt, langt tog opp til Nobels fredssenter.

Førre veke var eg innom eit årsmøte i partiet mitt, og der var det rekordoppmøte. Aldri hadde dei vore så mange. Sannsynlegvis hadde Gaza vore med på å mobilisere folk til å sitje tre timar i eit møterom og høyre politiske innleiingar, men også behandle vedtekter, årsrapport og planar for neste år. Det er ekte trøyst i å vere med i eit politisk fellesskap, når verda ser ut til å gå av hengslene.

Dei utgjer ein slags folkeleg forsvarsmur i møte med autoritære krefter, og det er noko som trengst i alle land akkurat no.

Det siste tiåret i politikken har eg møtt ei rekke med folk som tok eit val om å bli politisk aktive som følgje av 22. juli. Fleire av dei har lagt ned mykje tid og innsats i ulike organisasjonar i åra som gjekk etterpå. Den forferdelege tragedien mobiliserte folk som ville gjere verda betre, og som har bidratt til det. Det gir eit flik av håp i ei dyster tid.

Sjølv om avstanden er stor mellom håplausheita i krigane rundt oss og effekten av eit lokallagsmøte i ein bydel i Oslo, så er likevel dette lokale engasjementet viktig. Når forskarar skal peike på kva som er sentralt for å forsvare eit demokrati, er det organiserte sivilsamfunnet noko av det dei ofte trekk fram. Mens store folkelege demonstrasjonar organisert over internett raskt kan falle saman igjen i møte med autoritære leiarar, er det meir motstandskraft i folkeleg organisering gjennom ulike organisasjonar. Det kan vere fagbevegelse, organisasjonar og religiøse samfunn, som er organisert med vedtekter og lokallag. Dei utgjer ein slags folkeleg forsvarsmur i møte med autoritære krefter, og det er noko som trengst i alle land akkurat no.

Det kjenst håplaust no, men det er betre å gjere noko enn å gi etter for apatien.

Men det er ikkje lett. Ser vi til land som Iran eller Russland, er det folk som tar enorm personleg risiko for å gjere ein innsats for å vise motstand mot regima. Og det har blitt stadig vanskelegare å vinne fram mot autoritære leiarar, også om ein er med i ein organisasjon som kan gjere motstanden meir robust.

Det er ikkje lett å vite kva som er rett å gjere no. Men å fortsetje å lese, bry oss om verda rundt oss, er viktig. Kanskje er Dagsrevyen eit sunnare format enn Instagram for å halde ut å følgje med på verda rundt oss over tid. Vi kan møte opp på demonstrasjonar, gå på eit møte og snakke om kva vi kan gjere i lunsjen på jobb.


Les også: Det er de redigerte mediene vi må heie på her, ikke de sosiale.


Det kjenst håplaust no, men det er betre å gjere noko enn å gi etter for apatien. Og det er sant at store, gode ting har skjedd i verda før, som følgje av at folk har gjort den lange, seige jobben med å samle seg, drikke kaffi, bygge organisasjon, lage kampanjar og demonstrasjonar. Det er den lærdommen vi må bite oss fast i no.

Teksten ble også publisert i Dagsavisen 22. januar 2024.