Kvifor viftar du så mykje med sparekniven i det som kunne vore ein håpefull debatt, Aukrust?
Det pågår ein stor debatt om norsk utviklings- og bistandsdebatt om dagen. I VG seier utviklingsminister Åsmund Aukrust at sparekniven er framme, og han etterlyser fleire kuttforslag frå sektoren sjølv. Vi høyrer mindre om kva Aukrust faktisk vil med sin posisjon og pengesekk.
Kor kan Noreg gjere størst forskjell?
Bistandpengene er dei kronene på statsbudsjettet som bidrar med aller mest velferd per brukte krone. Når debatten no handlar mest om kva som skal ned, utan at det er heilt klart kva som skal opp, er det uheldig.
Bistanden er under press i mange land, og Framstegspartiet kallar det sløsing, noko utviklingsministeren sjølv heldigvis har tilbakevist. Men det er noko litt bakvendt med å starte ein reformprosess med kva ein skal slutte med, i staden for kva ein skal gjere meir av. Det gir mindre engasjement, og det er fort vekk mindre konstruktivt.
Norsk utviklingspolitikk har i dag veldig mange mål. Det er mellom anna fordi det er mange urettar å ta tak i. Mange menneske har ikkje jobb, mat på bordet, manglar tilgang på grunnleggande helsetenester, demokrati er i tilbakegang og menneskerettar og likestilling er under press. At verda er så urettferdig gjer også at vi alle har eit litt krevjande utgangspunkt for å føreslå kutt. Difor kan det vere vel så konstruktivt å starte i motsett ende – kor kan Noreg gjere størst forskjell?
Ein viktig del av prioriteringsdebatten må også handle om politiske val – på kva måte skal ein jobbe?
Ved å starte der kan Aukrust få den prioriteringsdiskusjonen han vil ha, men med motsett forteikn. Alle skjønner at om noko blir prioritert opp, vil noko anna bli prioritert ned.
«Nesten ingen foreslår hva vi skal gjøre mindre av. Knapt noen vil kutte (…) Så nå er mitt budskap at tiden for ønske-politikk er forbi», sa Aukrust til VG. Det er litt pussig å ha reist på turne om eige fagfelt og fått tilbakemeldingar om at Noreg bør gjere meir og betre, og å vere misnøgd med det. Å møte mykje engasjement for norsk utviklingspolitikk burde jo kunne fungere som motivasjon og drivkraft inn i reformarbeidet. Er det ikkje ein god ting at mange vil at vi skal få til meir?
Mens eg skreiv denne teksten, har eg tatt eit par skrolle-pausar inne på Facebook. Der var det postar om Gaza i ekstrem krise, om leiting og sorg etter jordskjelvet i Venezuela og alvoret i flyktningeleirane i Sør-Sudan. Alt dette berører oss – og mange vil gjere meir og bruke bistandspengane betre. Det ville vere fornuftig av Aukrust å fortsetje vendepunktdebatten med å bygge på det engasjementet mange i det norske folk har, i staden for å snakke det ned.
Dette kan han få til, samtidig som han omprioriterer. For det er verdt å spørje korleis pengane over bistandsbudsjettet kunne vore brukt betre. Ulike utviklingsminstarar har gjennom åra også starta nye initiativ – og gjerne støtta opp om nye fond til dette føremålet. Resultatet er at pengane går i mange ulike retningar, og vi har ein kompleks flora av aktørar som driv med bistand. Her kan det ryddast opp for å få meir ut av pengane, og for å få enklare pengestraumar.
Ein viktig del av prioriteringsdebatten må også handle om politiske val – på kva måte skal ein jobbe? På global helse er det til dømes dilemma knytt til kva ein skal løfte høgast – er det å vaksinere flest mogleg barn mot polio, eller er det å hjelpe eit land med å bygge opp eige helsesystem – og med det tilby meir mangfaldige helsetenester?
Difor er ikkje dette ein debatt egna for svart-kvitt og enkle løysingar, men det må vere rom for nyansar.
Prioriteringsdebatten i utviklingspolitikken blir uansett fort rotete og forvirrande – fordi ein snakkar om så veldig mange ting på ein gong. Norske bistandsmidlar går i dag til å forebygge plast i havet i Søraust-Asia, bevare regnskog i Brasil, stø menneskerettsorganisasjonar i Myanmar, jobbe mot ebola i Kongo, sikre straumforsyning i Ukraina og ta imot flyktningar i Noreg, men i bistandsdebatten kan det av og til høyrast ut som om bistand er éin ting.
Difor er ikkje dette ein debatt egna for svart-kvitt og enkle løysingar, men det må vere rom for nyansar. Det er også eit stort rom for engasjement og solidaritet, og håp for framtida.
Klarer Aukrust å bygge på det i større grad, kan vendepunktet bli eit lyspunkt som kan gi fleire tru om at Noreg kan gjere meir og betre for å få ei meir rettferdig verd. Det ville gjort debatten betre, gitt fleire hjertebank for utviklingspolitikken og samtidig gitt mindre ammunisjon til aktørar som Sløseriombudsmannen og Frp.
Dei sistnemnte framstår ikkje særleg interesserte i å få betre bistand, men bruker eksempel på dårleg bistand som klikk-åte for å argumentere for skattekutt til dei med aller mest frå før i Noreg. Det er det siste både verda og Noreg treng akkurat no.

Kommentarer