FOTO: Berit Roald/ANB arkiv

Kontroversielle spørsmål i klasserommet

Korleis skal ein behandle elevar med synspunkt som strir mot skulens verdigrunnlag? Skal lærarar halde seg nøytrale eller skal dei fronte bestemte verdiar?

For nokre år sidan sat eg og retta ei bunke eksamensoppgåver. Eg støytte på ei oppgåve som først verka imponerande. Ho var velskreve, godt disponert og argumentativt sterk. Problemet var innhaldet. Studenten brukte nemleg evnene sine til å forsvare nazistiske synspunkt. Dette sette meg i eit dilemma.

Kva karakter skulle eg gi? Etter vanlege kriterier var oppgåva framifrå, men samtidig var det utåleleg å gi toppkarakter til ei oppgåve med eit slikt innhald.

Kva gjer ein når elevar seier ting som er sexistiske, homofobe eller rasistiske?

Dette set på spissen eit problem som mange lærarar kan kjenne igjen. Kva gjer ein når elevar seier ting som er sexistiske, homofobe eller rasistiske?

Til dømes ein elev som seier at kvinner bør halde seg heime ved kjøkkenbenken eller at det er deira eige feil om dei blir valdtekne når dei går ut lettkledde. Eller ein elev som meiner at homofili er ei synd som bør straffast hardt. Eller andre utsegner som ein finn moralsk uakseptable og i strid med skulens verdigrunnlag.

Problemet oppstår ikkje berre om uttrykte meiningar. Det kan også vere andre måtar å markere synspunkt på. Forskaren Ingunn Marie Eriksen fortel til dømes om ei gruppe jenter med muslimsk bakgrunn som forlét timen i protest når dei skulle lese Olaug Nilssens bok Få meg på for faen.

Korleis skal ein lærer reagere på dette? Skal undervisinga tilpassast elevane, til dømes ved å velje andre bøker eller å gi desse jentene andre oppgåver, eller skal ein krevje at elevane tilpassar seg undervisinga, slik at protestar som dette fører til straff eller anna oppfølging?

Me kan presisere problemet med hjelp av Michael Hand sin distinksjon mellom styrande («directive») og ikkje-styrande («non-directive») undervising.

Når ein driv styrande undervising, har ein som mål at elevane skal tileigne seg bestemte verdiar og oppfatningar. Desse vil typisk vere å finne i lovverk og lærebøker, og ofte vil dei falle saman med læraren sine eigne verdiar og oppfatningar. Intensjonen bak undervisinga er då at elevane skal overta det som er sant, eller i det minste unngå det som er usant. Her vil ein ikkje primært at elevane skal finne sin eigen veg, men ein vil leie dei på den rette vegen.

Slik styring kan vere meir eller mindre eksplisitt, meir eller mindre subtil. Det kan vere alt frå å sette elevar ned i karakter fordi dei har gale oppfatningar eller å forsiktig dytte elevane i riktig retning ved hjelp av tonefall, ansiktsuttrykk og leiande spørsmål.

Ein har sjølvsagt ikkje noko garanti for at det vil verke, men med denne strategien er det overtaling eller overtyding som er målet for undervisinga.

Spørsmålet blir då: når skal undervisinga vere styrande og når skal ho ikkje vere det?

Når ein driv ikkje-styrande undervising, så har ein ikkje som mål at elevane skal overta bestemte verdiar og oppfatningar. Ein prøver ikkje å styre dei mot visse svar, men heller å presentere alternativa balansert og upartisk, slik at elevane kan gjere seg opp si eiga meining (alternativt at ein overlét den styrande opplæringa til foreldra). I staden for å leie elevane på den rette veg vil ein at dei skal finne sin eigen veg (alternativt at dei går den vegen som foreldra har staka ut for dei).

Ein kan gjerne diskutere, men læraren skal då fungere som ein mest mogleg nøytral samtaleleiar. Målet her er å øve opp elevane si evne til kritisk tenking snarare enn å få dei til å overta bestemte synspunkt, i tråd med Margareth Meads berømte formulering: «Children must be taught how to think, not what to think.»

Spørsmålet blir då: når skal undervisinga vere styrande og når skal ho ikkje vere det?

I dei fleste faktaspørsmål, som i matematikk eller historie, så driv ein styrande undervising. Ein let det ikkje vere opp til elevane om to pluss to er fire eller om når den andre verdskrigen var. Spørsmålet er om og når ein kan vere styrande også i kontroversielle, verdilada spørsmål. Tidlegare dreiv ein styrande undervising om kristendommen, men no prøver ein å unngå det. Ein lærer barn om kristendom og andre religionar, men ein søkjer ikkje å overtyde dei om sanninga av ein bestemt religion. Skal noko liknande gjelde verdiar og livssyn generelt?

Det er ikkje plass her til å gå inn på dei ulike argumenta for og mot dei ulike alternativa. Eg skal heller avslutte med å kort presentere mitt eige syn, som byggjer på den politiske filosofien til John Rawls.

John Rawls

Rawls sitt ideal om offentleg fornuft seier at ein skal kunne forklare og grunngi politiske standpunkt ut frå offentlege grunnar, ikkje grunnar som berre høyrer til eins eigen religion eller livssyn, sidan det er urimeleg for borgarar å tvinge på andre det som dei sjølve ser som den fulle og heile sanninga.

Kva er så desse offentlege grunnane? Innhaldet i den offentlege fornuft er for det første dei grunnleggjande politiske ideane og rettane, inkludert det som følgjer av dei. For å gjere det enkelt kan me tenkje på dei som menneskerettane. For det andre inkluderer offentleg fornuft eit sett verdiar som me kan forvente at alle rimelege borgarar vil akseptere.

Desse omfattar mellom anna fred, velferd og helse. Og for det tredje inkluderer offentleg fornuft etablert vitskapeleg kunnskap.

Av dette følgjer det ei meir nyansert tilnærming til korleis skulen og lærarar skal handsame kontroversielle spørsmål. Når det gjeld det som fell innanfor offentleg fornuft, dei tre typane over, så kan skulen som heilskap og den enkelte lærar trygt prøve å forme elevane gjennom styrande undervising.

Dette viser at livssynsnøytralitet ikkje tyder det same som verdifridom.

Målet er at elevane skal støtte opp om dei nemnde offentlege verdiane (typisk uttrykt i formålsparagraf og overordna del av læreplan) og velfundert vitskapeleg kunnskap (typisk uttrykt i lærebøker i dei tradisjonelle faga). Når det gjeld det som fell utanfor offentleg fornuft, dvs. det som høyrer til bestemte livssyn aleine, så må skulen nøye seg med ikkje-styrande undervising. Ein kan gjerne diskutere kontroversielle spørsmål om livssyn, og hjelpe elevar til å kome fram til eigne synspunkt, men skulen og læraren kan ikkje då ha som mål å overtyde elevane om bestemte synspunkt.

Dette viser at livssynsnøytralitet ikkje tyder det same som verdifridom. Livssynsnøytralitet tyder nemleg ikkje at ein ikkje kan formidle verdiar og normer i det heile. Men det tyder at verdiane og normene må vere bygde på offentlege grunnar. Desse verdiane har staten både rett og plikt til å promotere og kultivere, mellom anna gjennom utdanning.

Kva ein lærar skal gjere heilt konkret kan ein ikkje avgjere på skrivebordet.

Kva følgjer har dette for eksempla me såg på innleiingsvis? Kva ein lærar skal gjere heilt konkret kan ein ikkje avgjere på skrivebordet. Det kjem an på svært mange kontekstuelle faktorar. Her er den enkelte lærar sitt praktiske skjønn både uunngåeleg og uvurderleg. Men målet må vere klart.

Den grunnleggjande ideen i eit liberalt demokrati er ideen om borgarar som frie og like. Av denne følgjer det mellom anna at alle har rett til vern mot vald og diskriminering. Målet bør difor vere å styre elevar vekk frå rasistiske, sexistiske og andre typar synspunkt som bryt med ideen om borgarar som frie og like.

Det er tvilsamt om dette best let seg gjere med straff og sanksjonar, men ein skal heller ikkje vere ettergivande. I samfunnet må ein stundom tolerere intolerante synspunkt, men ikkje i skulen. Dette er ikkje å vere intolerant, men å verne om toleransens vekstvilkår.

nyhetsbrevet