FOTO: Jon Tyson/Unsplash

Utjamning nedover

Utjamning nedover er ikkje utan vidare galt.

Det er to måtar å få til likskap på, enten i samfunnet generelt eller i utdanning spesielt. Ein kan gjere dei dårlegare stilte betre stilte eller ein kan gjere dei betre stilte dårlegare stilte. Alle er samde om at det første er best. Men kritikarar vil gjerne hevde at sosial utjamning i praksis ofte leier til det andre, såkalla “levelling down”: ein gjer det verre for nokre utan å gjere det betre for andre.

Kva verdi har eigentleg likskap? Dersom du har mykje og eg har lite, kan me enkelt få til likskap ved å sørgje for at begge to har like lite (eller ingenting). Det kan verke irrasjonelt. For å bruke Derek Parfits berømte eksempel: Dersom likskap verkeleg var av verdi, så ville det vore ei forbetring om ein stakk ut augo på dei som kan sjå, slik at alle vart blinde. Dette er sjølvsagt sett på spissen, men argumentet peiker likevel på noko viktig.

Når andre får meir, får eg mindre, og vice versa.

Innan utdanning tyder “levelling down”, eller utjamning nedover som me kan kalle det på norsk, at ein jamnar ut ved å halde tilbake dei best stilte elevane utan at nokre andre får det betre. Dersom ein forbyr eliteskular, gjer ein kanskje elevar likare, men på eit lågare nivå. Dersom ein avskaffar heimelekser, fører det kanskje til utjamning, men berre ved å gjere dei flinke mindre flinke enn kva dei kunne blitt med lekser.

Kort sagt, utjamning gjer alle elevar middelmåtige. “Det er typisk venstresidens tankegods at forskjeller skal utjevnes ved å gjøre de sterke svakere, og ikke ved å gjøre de svake sterkere”, slik ein representant for Høgre formulerte det i eit forsvar for heimelekser.

Dette er irrasjonelt, kan ein tenkje, fordi utdanning er godt og verdifullt, på mange ulike måtar. Utdanning leier til auka produktivitet i samfunnet som heilskap, med meir velstand og betre kår for alle. Det gjer livet rikare for dei som får utdanninga, og det kan også gjere livet for andre meir interessant, til dømes gjennom kunst og vitskap.

I eit moderne samfunn er utdanning, enten ein likar det eller ikkje, eit gode med sterke posisjonelle aspekt.

Ifølgje dette argumentet vil det vere dumt å fremje politiske tiltak som minkar mengda av eit slikt gode i samfunnet utan at nokre får det betre som konsekvens. Det vil, for å bruke Parfits metafor, vere som å stikke ut augo på dei som kan sjå slik at alle blir blinde. Eller som den vesle guten som heller vil kaste det siste kakestykket enn å sjå at søstera får det. Berre misunning, seier kritikaren, kan få ein til å ville dra andre ned utan at ein sjølv får det betre.

Men er utjamning nedover nødvendigvis galt? Ikkje utan vidare. Utdanning er nemleg i slekt med det økonomen Fred Hirsch kalla eit posisjonelt gode. Som eit posisjonelt gode vil verdien som utdanninga har for den utdanna, minke når andre får meir av det. Slik sett er utdanning eit nullsumspel: Når andre får meir, får eg mindre, og vice versa. Kor mykje mi utdanning er verdt for meg som eit posisjonelt gode, er grovt sett omvendt proporsjonalt med kor mykje utdanning andre har.

nyhetsbrevet

I eit moderne samfunn er utdanning, enten ein likar det eller ikkje, eit gode med sterke posisjonelle aspekt, sidan utdanning er ein del av eit konkurransesystem. Utdanning, både med omsyn til lengde, type og karakterar, blir brukt som kriterium for å tildele folk ulike posisjonar, med tilhøyrande løn, makt og andre fordelar. Sjølv om verdien av utdanning varierer frå land til land, er det likevel slik i dei fleste land at status, makt og økonomi heng saman med korleis ein gjer det i utdanningssystemet.

Men her er den relative plasseringa i fordelinga av utdanning avgjerande: Meir utdanning betyr meir relativt til andre. Dermed kan utdanning også vere gjenstand for inflasjon. Fullført vidaregåande ville for nokre generasjonar sidan plassert ein i samfunnets øvre lag, medan det i dag nesten er nødvendig for å unngå å hamne i dei nedste laga.

Konklusjonen blir at såkalla “utjamning nedover” ikkje utan vidare er problematisk.

Med dette omgrepet om posisjonelt gode i bagasjen vil me vere i stand til å svare på argumentet om utjamning nedover. Med omsyn til utdanning som eit posisjonelt gode finst det nemleg strengt sett ikkje noko slikt som utjamning nedover, for når dei betre stilte blir dårlegare stilte, så blir også dei dårlegare stilte betre stilte.

Det er lettare å sjå dette viktige poenget når ein ser utdanning som ein konkurranse mellom berre to studentar (eller to grupper av studentar). Tenk at dei konkurrerer om plass på ei prestisjefylt utdanning som ganske sikkert vil gi dei ein godt betalt jobb etterpå, til dømes medisinstudiet i Noreg eller eit amerikansk eliteuniversitet.

Per har ein fordelaktig sosial bakgrunn, med foreldre med høg inntekt og høg utdanning. Kari har ein mindre fordelaktig sosial bakgrunn, med foreldre med låg inntekt og låg utdanning. Begge er flinke og flittige, men Kari har i utgangspunktet litt meir talent og motivasjon.

Dersom ein ikkje har restriksjonar på den typen hjelp som velståande foreldre kan gi til barna sine, så vil Per gå på gode, men dyre privatskular, og han vil få privatundervising som hjelper han til betre karakterar. Kari vil derimot gå på middels skular og må i stor grad klare seg sjølv. I eit slikt samfunn vil Per få litt betre karakterar enn Kari, og dermed vil Per, men ikkje Kari, bli teken opp på den prestisjefylte utdanninga, sjølv om Kari i utgangspunktet hadde noko betre evner og innsats.

Sjølv om rettferd ikkje er alt i verda, er det ein svært viktig verdi.

Tenk no at Per og Kari veks opp i ein annan type samfunn, der det er restriksjonar på kva hjelp foreldre kan gi til barna sine. Privatskular er forbodne, og det er heller ikkje høve for foreldre til å kjøpe privatundervising. Alle går i offentlege skular, som det er jamn kvalitet på, uavhengig av geografisk område. Ein har også avskaffa heimelekser for å minke effekten av sosial bakgrunn.

I eit slikt samfunn vil den vesle fordelen som Kari har med omsyn til talent og motivasjon, vege tyngre, og det vil vere ho i staden for Per som får plassen på det prestisjefylte studiet.

Mange av oss vil meine at det andre samfunnet er mest rettferdig, fordi det herskar større grad av sjanselikskap her. Men samanlikna med det første samfunnet inneber likevel det andre at ein oppnår meir likskap ved å sørgje for at Per får ei dårlegare utdanning. Samtidig ser me at dette har som følgje at Kari blir betre stilt i konkurransen. Konklusjonen blir at såkalla “utjamning nedover” ikkje utan vidare er problematisk, men tvert imot kan vere rettferdig. Og sjølv om rettferd ikkje er alt i verda, er det ein svært viktig verdi.

nyhetsbrevet