FOTO: Int. Red Cross/Flickr cc

Hjartet til venstre, hovudet på

Har du hjartet til venstre, skal du insistere på å bruke det. Vil du delta i politikken, må du i tillegg insistere på å bruke hovudet. Elles blir ikkje humanismen reell.

Medan du les dette, står 20 millionar menneske i fare for å svelte i hel. Eg har ikkje barn sjølv, men vil tru det er ganske vondt for ei utmatta mor å hjelpelaust sjå ungen sin døy sakte av svolt. 20 millionar er tregongaren Holocaust. Så er det då òg den største humanitære katastrofen sidan nettopp andre verdskrigen, skal vi tru OCHA-sjef Stephen O’Brien frå brifinga av Tryggingsrådet 10. mars.

Kapasiteten til å bry seg om Dei andre, har sine grenser.

Berre spesielt interesserte veit kor spesielt det er. Under radaren har dei tradisjonelle svoltkatastrofane så å seie forsvunne. Etiopia/Live Aid 1984/85 var ein av dei siste. Sør-Sudan 1993 og Nord-Korea 1996/97 må nemnast, men vi snakkar 20 år sidan. I mellomtida har mange land løfta seg frå kritisk nivå, medan bistanden og naudhjelpsfaget er kraftig profesjonalisert. Krig kompliserer, men det er primært finansiering det står på.

Vestlege regjeringar har så mykje anna å prioritere om dagen, media så mykje anna å fokusere på, at den nemnte mora blir sitjande å vente.

 

Empatisk totalkapasitet

Kapasiteten til å bry seg om Dei andre, har sine grenser. Sjølv i eit land som vårt. Denne kapasiteten blir no, i all hovudsak, brukt på situasjonen for einslege mindreårige, på asylbarn. På afghanske 17-åringar som ikkje opplever norsk standard i livet sitt. Slik hadde det ikkje vore, om vi ikkje hadde lokka dei, han (alltid han), hit i første omgang. Eg har ikkje eitt godt ord å seie om Listhaug, men det er ikkje primært hennar feil at han har det vondt på eit norsk mottak. Vi har lagt til rette for at det nettopp er han familien og landsbyen skrapar saman pengar til å sende frå seg.

Dette burde ikkje vere så vanskeleg.

I hendene på bandittar blir han frakta gjennom ei rekke fredelege land for å kome til verdas rikaste. Der skal han søke om “beskyttelse” frå krig, med spesialbehandling fordi  han er mindreårig “utan omsorgsperson”. Heime sit mor og andre reelle omsorgspersonar og ventar. Ikkje på at han skal bli ein del av det norske samfunnet. På sårt trengte pengar. Dei kjenner til fleire som jamleg kan hente litt ekstra på sitt lokale Western Union/Forex/Ria.

Les også svaret fra Rune Berglund Steen her. 

Dei ønskjer det same. Dette veit gutungen. Kanskje må han betale bandittgjeld først. Saknet er stort, presset endå større. Han må kome i gang. Sjølvskading og sjølvmordsforsøk? Folk med utdanning i psykologi og ymse sosialvitskapar er overrepresentert på norsk venstreside. Dette burde ikkje vere så vanskeleg.

 

Handlar om fattigdom

Verken asylrett, flyktningkonvensjon eller barnekonvensjon kom til for å løyse verdas fattigdomsproblem. Som dette handlar om. Då ein handfull, velståande tyrkiske diplomatar og offiserar nyleg fekk asyl i Noreg, var det derimot i tråd med intensjon. Stasjonert her, stod dei i personleg fare ved eventuell heimreise til Erdogan-regimet. Og søkte derfor asyl i næraste trygge land. Vi snakkar sjeldne tilfelle. Reelle krigsflyktningar finst til gjengjeld i millionar. Dei finn vi helst i usle kår nær krigsområda, internt eller i naboland.

Då skulle ein tru at alle gode hjarte prøvde å få heimesummen ned, for å få naudhjelpa opp.

Blant desse overlever mange på våre bistandspengar, i FN-leirar. I tillegg kan dei ha eit lite håp om å kome seg til Noreg som kvoteflyktning. I praksis bidrar asylpolitikken vår til at dette håpet blir endå meir mikroskopisk, og at dei i tillegg risikerer kutt i det vesle dei får av rasjonar og skuletilbod til ungane.

Det er ufråvikeleg sant at ein kan hjelpe enormt mange for summen det kostar å dra ein asylsøkar gjennom prosessen frå første gongs registrering til netto bidragsytar. Den første eg høyrde påpeike dette med kraft, var Jens Stoltenberg under asylinnstramminga i 2008/9.

nyhetsbrevet

 

Millionar ute, milliardar heime

I sin desperate appell til Tryggingsrådet konkluderte O’Brien: «To be precise we need $4.4 billion by July, and that’s a detailed cost, not a negotiating number.» Det norske svaret var nei, null ekstra, fordi: «– Vi har nylig kunngjort 135 millioner kroner i humanitær hjelp til Sør-Sudan og 64 millioner kroner til Somalia. Norge bidrar også med humanitær støtte i Jemen og vil delta på en giverkonferanse for Jemen 25. april, sier pressetalsperson Astrid Sehl i Utenriksdepartementet til NTB.»

Merk summane her. FNs naudhjelpssjef ber verda samla om 37,7 mrd. kr. Den humanitære stormakta Noreg avviser med å vise til nokre millionar. Men i 2016 gjekk 6,7 mrd. kr frå bistandsbudsjettet til migrantar på norsk jord.

Er dette den beste måten å hjelpe verdas flyktningar på?

Ikkje berre er det nær 1/5 av budsjettet, eller over det dobbelte av vår samla utdanningsbistand. Det er ikkje langt unna 1/5 av heile FN-appellen! Og sjølv om 2016 var spesielt, er det årlege milliardar vi snakkar om. Då skulle ein tru at alle gode hjarte prøvde å få heimesummen ned, for å få naudhjelpa opp. I realiteten bruker særs mange kreftene på det stikk motsette. Kvifor?

Fordi vi ikkje tar inn over oss skilnaden på det å vere eit godt menneske og det som krev meir: å vere eit godt menneske i politikken.

 

Overmoden debatt

Høgrepartia er uinteressante i denne samanhengen. Når særs fagkompetente og gode sosialdemokratar som Frode Forfang og Sylo Taraku prøver å reise ein overmoden debatt, skuldar vi derimot å tenkje gjennom det dei seier: Vi legg i dag enorme hindringar i vegen for at folk skal kome hit. Om nokon likevel lykkast, er det knapt grenser for kor mange kostnadsutløysande juridiske rettar dei skal ha. Er dette den beste måten å hjelpe verdas flyktningar på?

Likevel blir ikkje dei som tar ansvar for vårt felles nei til fri innvandring, møtt med sorgfull respekt.

Den tidlegare asylsøkaren Taraku har skrive ei heil bok om saka. Mangeårig UDI-sjef Forfang, ein botnseriøs og respektert embetsmann, gjekk til det oppsiktsvekkande steget å skrive ein bloggartikkel med eigne framlegg til politisk endring.

Vi snakkar kompetanse og særs gjennomtenkte ytringar her. Kven har ansvaret for at det då er så vanskeleg å ta tråden opp? Løfte ein sivilisert debatt om dette politisk? Ikkje berre Frp-arane.

 

Vi må kome oss vidare

Ingen sentrum/venstre-parti er for fri innvandring. Den nådelause konsekvensen av nei til fri innvandring, er nei til enkeltmenneske. Som gjer alt dei kan for å få bli her. Slik vi alle ville ha gjort i same situasjon. Likevel blir ikkje dei som tar ansvar for vårt felles nei til fri innvandring, møtt med sorgfull respekt.

No må vi kome oss vidare. Ikkje ture fram som før.

Eksplisitt eller implisitt blir dei skulda for inhumanitet og hjarteløyse. Det skjer kvar gong den praktiske konsekvensen – enkeltmennesket – får namn og ansikt. Og skuldingane kjem frå dei som burde ta ansvar og vite betre: Sentrum/venstre-politikarar på toppnivå, kommentatorar i Dagsavisen, Barneombodet, min tidlegare arbeidsgjevar Redd Barna, biskopar og intellektuelle. Vaksne folk alt i hop.

Dette held ikkje. No må vi kome oss vidare. Ikkje ture fram som før. Hovudet må på. Om ikkje anna så av omsyn til ei mor i Jemen som treng naudhjelp.

Ikkje her. Men no.

Les også svaret fra Rune Berglund Steen her.

nyhetsbrevet