FOTO: Benjamin Davies / Unsplash

Korleis skal vi planlegge for framtida?

Det er lurt av politikarar å ta meir omsyn til framtidige generasjonar. Men kanskje ikkje på den måten William MacAskill tar til orde for.

Denne veka gjestar den skotske filosofen William MacAskill Tankesmien Agenda, og han skal onsdag halde ei innleiing i aulaen til Universitetet i Oslo om si siste bok, What we owe the future.

Aula-foredraga er ein årleg Agenda-tradisjon, og det gir ofte sjansen til å løfte blikket og tenkje litt lengre tankar. MacAskill er ein av dei innleiarane som utfordrar oss, og så stiller spørsmål ved måten vi tenkjer på.

No er det så store endringar teknologisk, sosialt og miljømessig i samfunnet at korleis dette ender vil kunne ha mykje å seie for framtida vår.

Han tar utgangspunkt i den filosofiske retningen utilitarisme, og bruker dette tankegodset til å seie noko om kva som er moralsk rett av oss å gjere. Han har tidlegare oppretta organisasjonen Giving What We Can, som prisverdig nok oppfordrar folk til å gi ti prosent av inntekta si til gode føremål. Han har også laga 80 000 hours, som gir folk råd om korleis dei kan bruke det dei gjer mest av i livet, nemleg arbeidstid, på å gjere mest mogleg godt i verda. Her har han skapt høg diskusjon ved å seie at det er nyttigare for verda at folk tar høgt lønna jobbar, for å gi av lønna si til gode føremål, i staden for å ta idealistiske lågtlønna jobbar.

MacAskill er også for mange kanskje mest kjent som filosofen som inspirerte kryptovaluta-milliardæren Sam Bankman-Fried, som rakk å bli verdas rikaste under 30 år, før han i fjor gjekk konkurs og blei tatt for svindel. MacAskill har tatt sterk avstand frå dette. Det er uansett relevant å ta ideane i bøkene hans på alvor, for dei har fått stort gjennomslag. Kanskje særleg blant IT-gründerar i Silicon Valley, men også for eit breiare publikum.

Eit stykke på veg følger eg hans resonnement.

I si siste bok, What We Owe The Future, skriv han ut tenkinga bak såkalla longtermism, eller framtidsetikk på norsk. Han peikar på at det er enkelte tidspunkt i historia som har mykje påverknad på framtida, og at vår tid er eit sånt tidspunkt. No er det så store endringar teknologisk, sosialt og miljømessig i samfunnet at korleis dette ender vil kunne ha mykje å seie for framtida vår.

Og eit stykke på veg følger eg hans resonnement. Han ber oss gi menneska som skal leve etter oss lik verdi som oss som lever i dag. Og når klimaendringane stadig aukar og eg kjenner klimaangsten presse på, er det befriande med ein filosof som ber oss tenkje meir på dei som kjem etter oss.

Utfordringa for eigen del kjem når han drar denne tenkinga langt. Vi skal ikkje berre tenkje nokre generasjonar fram, men heilt til enden av menneskeheita. Han viser til at pattedyr vanlegvis lever i ein million år. Om det stemmer, er det veldig, veldig, veldig mange menneske som kjem etter oss, og som vi bør ta omsyn til. Homo Sapiens har berre eksistert i tre hundre tusen år, så mesteparten av menneskeheita si tid er før oss.

MacAskill peikar på ei rekke eksistensielle truslar som vi bør førebygge, for å vere betre rusta for å sikre menneskeheita for framtida.

På eit tidspunkt byrjar han spekulere i om vi i framtida kan flytte ut i verdsrommet, og med det forlenge vår levetid vesentleg. Og ved dette punktet i boka kjenner eg at mi vilje til å følgje resonnementet om å gi alle framtidsmenneske lik verdi som alle som lever i dag forsvinn.

MacAskill peikar på ei rekke eksistensielle truslar som vi bør førebygge, for å vere betre rusta for å sikre menneskeheita for framtida. Han peikar på utfordringar som pandemiar, kunstig intelligens og global oppvarming. Eg klarer likevel ikkje tru heilt på klimaengasjementet hans. I starten av boka skriv han om det å bekjempe klimaendringar som «vinn-vinn», som noko som kan tene interessene til alle som lever i dag, og til alle som lever i framtida. Eg ynskjer han lukke til med å forklare det til ein oljearbeidar i Nordsjøen eller ein fabrikkeigar som protesterer mot politiske ambisjonar om å kutte i fossile utslepp.

Seinare i boka verkar han heller ikkje overbevisande i si bekymring for klimaendringane, sånn som når han skriv at det er vanskeleg å sjå for seg at sivilisasjonar vil kollapse ved sju gradars oppvarming, eller at matavlingane i mange regionar vil kunne overleve sjølv med 15 (!) gradars oppvarming. Det er i kontrast til FNs klimapanel, som i Miljødirektoratets oversetting spår at ved tre gradars oppvarming vil verda i 2100 kunne «være nærmest ugjenkjennelig sammenlignet med 2020, med en nedgang i forventet levealder og lavere livskvalitet i mange regioner som følge av hyppige ekstreme klimaehendelser».

Korleis vil det gå med maktfordelinga i samfunnet om vi styrer mot ein elite som blir veldig rike, for så å sjølv skulle dele ut pengar til gode føremål ut i frå eigne preferansar?

Resultatet av denne filosofien, dersom ein drar den for langt, kan vere at vi får politikarar og veljarar som er viljuge til å oversjå og underspele store problem for dagens levande menneske av kjøt og blod, til fordel for ein ide om kyber-menneske som teoretisk sett kan eksistere i verdensrommet om hundre tusen år. Då gir det meir meining å tenkje som den australske filosofen Roman Krznaric, som i si bok Hvordan tenke langsiktig tar til orde for å tenkje sju generasjonar fram.

Det er også grunn til å stille spørsmål ved makt- og demokrati-perspektivet til MacAskill. Korleis vil det gå med maktfordelinga i samfunnet om vi styrer mot ein elite som blir veldig rike, for så å sjølv skulle dele ut pengar til gode føremål ut i frå eigne preferansar?

Vi har betre modellar for omfordeling enn det, som skatt, der fellesskapet saman sett ein sats for kor mykje alle skal bidra med, og fellesskapet bestemmer kva pengane skal gå til.

Hans idear kan gi artige teoretiske debattar, men om ein tar alt han skriv på alvor kan det fort bli problematisk for folk som lever her og no

Akkurat no føregår det ein prosess i FN som kan føre til ein ny global skattekonvensjon som kan gi eit betre og meir rettferdig skattesystem der det vil bli vanskelegare for skatteparadisa å føre eit kappløp mot botn. Eg må innrømme at det gir meg meir håp for framtida enn det ga meg å lese boka til MacAskill. For hans idear kan gi artige teoretiske debattar, men om ein tar alt han skriv på alvor kan det fort bli problematisk for folk som lever her og no, og dei fyrste sju generasjonane som følger oss.