Skal Oslo vere ein verkeleg grøn storby, må kommunen klare å la grasklypparane stå.
Ein kar i nabolaget mitt er djupt engasjert i insekt, biller, plantar og samspelet mellom dei. I mai i fjor sendte han ein klage til Oslo kommune. Grunnen? Eit stort område med gras, blomstrande kløver og løvetann var blitt meia ned av kommunens tunge traktorgrasklypparar.
Dermed var det som hadde vore eit bognande matfat for biar, biller og insekt forvandla til ein biologisk ørken.
For småkrypa er mai månad ein kritisk periode fordi dei nettopp har vakna frå vinterdvale. Det er også på denne tida dei legg egg, i jorda eller i graset. Viss graset blir klypt for tidleg, blir naturens gang forstyrra eller til og med øydelagt. Svaret den engasjerte mannen fekk frå kommunen i fjor, var at gjort var gjort. Men til neste år, då skulle graset få gro slik at humla kunne få suse.
Men kva skjedde?
I Noreg er 22 prosent av sommarfuglartane og 30 prosent av villbiene og humleartene på raudlista.
Jau, mai månad kom og grassletta vart snauklypt, i år som i fjor. På veg til jobb dei siste vekene har eg observert kommunale krefter med kantklypparar og liknande reiskapar langs sykkelstiar, i rundkøyringar og under skilt. Og det er jo litt pussig. For opplysningane den engasjerte billevenen formidla til kommunen i fjor, er langt frå nokon hemmelegheit.
Det er det rådet ein får av alle som er opptatt av å ta vare på naturmangfaldet.
La det vere sagt: Oslo kommune har ein strategi for å ta vare på naturen. Og det naturmangfaldet som er å finne i urbane grasareal høyrer ikkje til blant kommunens mest verdifulle. Oslo har ein rik natur. Jordsmonnet som er kalkrikt, eit mildt klima og fjord og mark gjer at Oslo, ifølgje Artsdatabanken, er den kommunen i landet som har flest påviste arter. Så mange som 15.063 faktisk.
1354 av desse artene står oppført på den nasjonale raudlista. Andre har status som truga, sterkt truga eller som prioriterte arter som har krav på særleg vern etter naturmangfaldsloven. Ifølgje FNs naturpanel IPBS er 25 prosent av alle insektartar på jorda truga. 10 prosent kan forsvinne i løpet av nokre tiår. Heile 40 prosent opplever bestandsnedgang.
I Noreg er 22 prosent av sommarfuglartane og 30 prosent av villbiene og humleartene på raudlista. Sanninga er at det eigentleg ikkje er fullt oversyn over korleis det står til.
Kløver og løvetann i Oslo kjenst smått oppe i alt dette.
Eg skal ikkje dra heile historia om korleis alt heng saman med alt, men berre minne om at 90 prosent verdas ville planter er avhengig av insekt for pollinering. Det same gjeld for mesteparten av frukt, bær og grønsakene som blir produsert i jordbruket. I tillegg er pollinerande insekt mat for fuglar, ein art som får stadig fleire oppføringar i Artsdatabanken lister over skapningar som det blir for få av.
Eg vil på ingen måte påstå at at Oslos kommunale grasklypparar er drivaren for alt dette. Men dei er ein del av problemet.
FNs naturpanel IBPS påpeikar at årsaka til at så mange arter er truga, er samansett. Det handlar om overforbruk av naturressursar, klimaendringar, forureining, invasjon av framande arter og endringar i arealbruk. At vill natur må vike for asfalt og betong er eit stort problem.
NRK meldte nyleg at europeiske land kvart år bygger ned 1,5 milliard kvadratmeter med natur og matjord kvart år. Det svarar til rundt 600 fotballbaner om dagen, og er langt meir enn ein tidlegare har trudd.
Noreg er det landet som har bygd ned mest natur per innbyggar dei siste åra. Endringar i arealbruk handlar også om at artsrik natur blir erstatta av monokulturar. Og det er her storskalandbruk og Oslos kortklypte grasareal kjem inn.
Ettersom problemet er globalt, finst det sjølvsagt også ei internasjonal rørsle for å gjere urbane småareal om til oasar for naturmangfald.
Kløver og løvetann i Oslo kjenst smått oppe i alt dette. Oslo kommune vil med rette kunne seie at det skjer verre ting andre stader heile tida. Men likevel, kan det vere så vanskeleg å la grasklypparane stå i mai? Kvifor ikkje gjere mai til ein månad for å skape gode livsvilkår for insekt og mikrolivet i jorda?
Ettersom problemet er globalt, finst det sjølvsagt også ei internasjonal rørsle for å gjere urbane småareal om til oasar for naturmangfald. Forfattar Kari Gåsvatn skriv om denne rørsla i boka Geriljahagen. Gåsvatn har anlagt sin eigen geriljahage ein stad i Oslo. Der dyrkar ho blant anna mangold og aroniabær (slike som kan kjøpast til ein avsindig høg kilopris på helsekostbutikkar fordi nokon har funne ut at dei er supermat).
Trass i forsøk på kommunisere til kommunen om nytteverdien denne hageflekken har for naturen i byen, har Gåsvatns hage fleire gongar blitt utsletta av kommunens pågåande patrulje av grasklypparar.

Kommentarer