FOTO: NRK

Landbrukets framtid heng på at vi klarer å bruke naturen klokt

Naturkrisa er for viktig til å vikla inn i forenkla identitetspolitikk.

Har du nokon gong høyrt om hønsehirse? Det hadde ikkje eg, før eg las i rapporten til naturrisikoutvalet i førre veke.

Hønsehirse er eit ugras som kom til Noreg på 1980-talet gjennom importerte frø og fuglefrø. Bonden møter dette ugraset i potet- eller grønsaksåkeren, for eksempel i Østfold og Vestfold, og det kan gi stor reduksjon i avlinga. Denne arten har potensiale til å true norsk matproduksjon om ein ikkje klarer å hindre at den spreier seg meir. Framande artar som denne er éin av ei rekke truslar mot norsk natur.

Vi kan sjå på det som eit naturleg forsvar mot framtidige kriser.

Akkurat no er det ein større debatt om nedbygging av natur, mellom anna etter NRK-serien Oppsynsmannen. Eg klarer ikkje slutte å tenkje på paradokset i at landbruksminister Geir Pollestad frå Senterpartiet, som er kjent som bondens parti, har vore ute og tatt til orde for å bygge ned meir natur. Ja, han gjekk så langt som å påstå at alle 44.000 norske naturinngrep dei siste fem åra har vore verdt det.

Det er paradoksalt, for bøndene står i fyrste rekke når kostnadene ved klima- og naturkrisa skal teljast opp.

Hønsehirse er eit eksempel på det. For i områda der denne arten finst, får bøndene råd om å gå ut i åkeren og leite, for å kunne reagere raskt om den er der. Finn dei ugraset, må dei luke plantene og destruere dei. Treskaren, halmpressa og andre reiskap bør bli gjort grundig reine før dei kan brukast andre stadar. Bønder jobbar allereie langt meir enn andre yrkesgrupper, og dei har mindre ferie. Denne typen ekstra arbeid og økonomisk risiko vil neppe gjere det meir freistande å etablere seg i yrket.

Mange av dei tinga vi må gjere i møte av klima- og naturpolitikken kostar oss.

Landbruket og naturen blir særleg sårbart for framande artar når drifta er basert på lite artsmangfald og naturmangfaldet blir svekka. Med ein variert produksjon og ein mangfaldig natur rundt oss, blir matproduksjonen meir robust i møte med nye plantar og andre utfordringar knytt til klima- og naturkrisa. Landbrukspolitikarane kan bidra ved å for eksempel legge meir til rette for beite, som bidrar til å oppretthalde artsrike kulturlandskap. Då blir matforsyninga til folk tryggare.

Vi kan sjå på det som eit naturleg forsvar mot framtidige kriser.

På globalt nivå er det alvor no. To av fem plantearter i verda er utrydningstrua. Hovudårsaka til det er arealbruksendringar. Produktiviteten i landbruket i verda går ned, og mange spår at matprisane vil stige i åra som kjem.

Då gjer vi lurt i å ta vare på vår natur og vårt jordbruk. Men vi klarer ikkje heilt å ta skikkeleg vare på matjorda vår. Årsaka til det er nettopp nedbygging av natur, også matjord, for å bygge kjøpesenter, parkeringsplassar, hytter og motorvegar. Heldigvis har regjeringa stramma opp måla for jordvern, men utfordringa er ikkje løyst med det.

Den tverrpolitiske utfordringa, som Senterpartiet burde ha interesse i å vere med å finne svaret på, er korleis vi kan justere jordbruk og annan aktivitet til å bli meir berekraftig. Korleis produserer vi mat på eit vis som gjer det sannsynleg at barnebarn og oldebarn kan fortsetje drifta, om dei har lyst til det?

Det er digg når det er lite kø på bilvegen.

Jordbruket har allereie bidratt ved å få på plass eit forbod mot nydyrking av myr. Dei siste åra har det ikkje vore lov å grave opp myra for å lage åker. Myra er eit skikkeleg karbonlager, så det å la ho ligge gir færre CO2-utslepp. Men myra er også heimen til ei lang rekke artar, og fungerer som ein svamp som samlar opp vatn når styrtregnet kjem.

Storflaumen på Austlandet råka 1 million dekar med matjord i 2013. Det er rundt ein tidel av all matjord i Noreg. Det er eit eksempel på at flaumsikringstiltak er avgjerande viktig for landbruket.

Eg har full forståing for at det ikkje var populært i heile næringa med eit forbod mot nydyrking av myr då det kom. Mange av dei tinga vi må gjere i møte av klima- og naturpolitikken kostar oss. Og nokre gongar rammar det enkeltgrupper meir enn andre.

Noko av det eg likte godt med NRK-serien Oppsynsmannen var at programleiar Bård Tufte Johansen gjekk inn i dei konkrete dilemmaa natur- og klimakrisa gir oss. Det er praktisk og lettvint for oss å fly når vi skal bevege oss langt. Det er topp å ha ei hytte å slappe av på. Det er digg når det er lite kø på bilvegen.

Det er bøndene som vil merke det fyrst.

Men eg ynskjer meg ein debatt om natur og klima der vi kan gå skikkeleg inn i dette. Folk fortener at vi kan snakke om kva som må til for å nå natur- og klimamåla våre, og at vi kan anerkjenne at det vil koste.

Då kan vi også byrje snakke om korleis vi kan gjere desse overgangane enklare. Vi kan snakke om korleis dette kan bli gjort mest mogleg rettferdig. Og vi kan kanskje også få på bordet dei økonomiske hindringane som står i vegen for ein meir miljøvenleg politikk. Kanskje må vi på eit eller anna tidspunkt byrje bruke meir pengar på å sikre naturmangfald enn på å bygge ned natur.

Dit kjem vi ikkje om natur- og klimadebatten blir vinkla som ei kunstig motsetnad mellom by og land. For i møte med meir tørke, flaum, styrtregn og mindre artsmangfald er vi alle i same båt. Men det er bøndene som vil merke det fyrst.

(Teksten er også publisert i Dagsavisen.)