FOTO: woodleywonderworks/Flickr cc

Skulen gjer ikkje gutar urett

Eg kan ikkje sjå klare teikn på at gutar blir systematisk diskriminerte i skulen. Eg kan heller ikkje sjå at skulen er betre tilpassa jentene på ein urettmessig måte.

Diskusjon om kjønnsforskjellar i skuleprestasjonar går fort over i hypotetisk metadebatt. Då blir det ikkje berre debatt om debatten, men attpåtil debatt om korleis debatten ville ha vore dersom verda var annleis.

Harriet Bjerrum Nielsen meiner til dømes at me blir meir bekymra når gutar er taparane enn kva me ville ha vore om jenter var det. Einar Lie meiner det rakt motsette: når kvinner dominerer, blir me mindre bekymra enn om det hadde vore mennene som dominerte.

Dette er lite fruktbart. Det er betre å gå rett på det etiske spørsmålet om kva som eigentleg er galt med kjønnsforskjellar i skuleprestasjonar. Medan det finst mykje forsking på kvifor jenter gjer det betre enn gutar, er det få som tek seg bryet med å reflektere grundig over kva me bør sikte mot. Bør det ideelt sett vere lik fordeling av menn og kvinner i høgare utdanning? På alle fag? Bør gutar og jenter ideelt sett ha identisk karaktersnitt? Dersom me ikkje veit kva målet er, kan me heller ikkje vite kor langt vekke det er, og då kan me heller ikkje vite kva som eventuelt er galt her og no.

Blir gutane gjort ei urett i skulen eller har dei berre seg sjølve å takke?

Her er det viktig å gjere to distinksjonar. For det første må me skilje mellom absolutte og komparative spørsmål. Ein ting er at det er problematisk dersom gutar gjer det for dårleg på skulen, til dømes at dei fell frå på vidaregåande. Det vil dei fleste vere samde om. Ein heilt annan ting er om det er problematisk at gutar gjer det dårlegare enn jenter. Dette er meir kontroversielt, sjølv om mange skriv som om forskjellane i seg sjølve er problematiske, som om dei nakne statistiske fakta åleine betyr at noko er galt.

For det andre må me skilje mellom urettferd og andre omsyn. Eit spørsmål er om kjønnsforskjellar i skuleprestasjonar er teikn på urett. Eit anna spørsmål er om forskjellane er uheldige på andre måtar. Her kan ein svare bekreftande på begge spørsmåla, men ikkje alle gjer det. Eit eksempel er Harriet Bjerrum Nielsen, som ser ut til å meine at kvinnedominansen på profesjonsfag som medisin og psykologi ikkje er urettferdig, men likevel problematisk av omsyn til pasientane, til dømes fordi mange menn kjenner seg meir komfortable med mannlege legar.

Det vanskelege spørsmålet her er det første, om kjønnsforskjellane er teikn på urettferd eller ikkje. Blir gutane gjort ei urett i skulen eller har dei berre seg sjølve å takke?

Både i offentleg debatt og politisk teori er sjanselikskap det vanlegaste synet på rettferd i utdanning. Målet er ikkje at alle skal gjere det like godt, men at alle skal ha hatt like sjansar til å gjere det godt. I følgje dette synet er ikkje statistiske kjønnsforskjellar utan vidare teikn på urettferd. Dei er berre urettferdige dersom dei skuldast at gutar og jenter ikkje har hatt like sjansar å få gode resultat.

Men kva vil det seie å ha like sjansar? Idealet om sjanselikskap finn støtte langs heile det politiske spekteret, frå venstre til høgre, men konsensus blir forvandla til konflikt så snart ein prøver å presisere kva sjanselikskap eigentleg betyr. Som eit minimum må me skilje mellom to ulike typar. Inspirert av Jerry Cohen skal me kalle den første for borgarleg sjanselikskap og den andre for egalitær sjanselikskap.

Men gitt visse andre føresetnader kan me lett gli frå prinsipp om sjanselikskap til ideal om gruppebasert resultatlikskap.

Den borgarlege varianten seier at me har like sjansar dersom resultata til elevane blir bestemt av deira kunnskap og kompetanse, ikkje av fordommar og forskjellsbehandling. Om kjønnsforskjellane i skuleprestasjonar skuldast diskriminering, så er dei urettferdige. Om dei derimot skuldast at jenter rett og slett er flinkare på skulen, så er det berre rett og rimeleg at dei også får betre karakterar. Meir er det ikkje å seie om den saka, i følgje idealet om borgarleg sjanselikskap.

Den egalitære varianten seier at det ikkje er nok å utrydde diskriminering. For å ha like sjansar må me også ha like sjansar til å tileigne oss kunnskap og kompetanse. Om kjønnsforskjellane i skuleprestasjonar kan førast tilbake til at gutar og jenter har ulike vilkår for å utvikle dei evnene som blir premierte i skulen, så er dei urettferdige.

For å setje det på spissen: dersom jenter får ros heime når dei sit i ro og les, medan gutar får beskjed om å kome seg ut og leike, så er det ikkje gutane sin feil om dei blir svakare i lesing på skulen. Men dersom forskjellane skuldast at jentene er meir talentfulle i utgangspunktet, så er dei ikkje urettferdige, i følgje idealet om egalitær sjanselikskap.

nyhetsbrevet

Begge variantane handlar om sjanselikskap. Dei er difor samde om at det ikkje er noko moralsk galt med statistiske prestasjonsforskjellar i og for seg. Men gitt visse andre føresetnader kan me lett gli frå prinsipp om sjanselikskap til ideal om gruppebasert resultatlikskap, altså at det ideelt sett ikkje skal vere slike forskjellar.

Mange tenkjer til dømes at sidan gutar og jenter har like evner frå naturen si side, så dei statistiske resultatforskjellane bety at det går føre seg diskriminering ein eller annan stad i systemet. Enten me kan påvise det eller ikkje. Sjølv finn eg ikkje dette resonnementet overtydande.

Skulen kan aldri handsame alle talent likt, så nokre vil alltid kome betre ut av det enn andre.

Kva er eigentleg diskriminering? Alle er samde om at det er galt, men ikkje om kva det er. I kjønnsdebatten møter ein av og til påstanden om at skulen er betre tilpassa jenter enn gutar. Mellom andre Peder Haug og Thomas Nordahl har hevda at den moderne skulens vekt på samarbeid og verbal kommunikasjon passar jentene betre. Det er viktig å sjå at dette, sjølv om det skulle vere sant, ikkje nødvendigvis tyder at skulen gjer gutane urett.

Dersom ei gruppe elevar, til dømes gutar, i større grad har talent for X og ei anna gruppe elevar, til dømes jenter, i større grad har talent for Y, er det ikkje utan vidare urettferdig at skulen legg mindre vekt på X enn på Y. Skulen kan aldri handsame alle talent likt, så nokre vil alltid kome betre ut av det enn andre. Det avgjerande er om skulen med rette premierer lesing meir enn gaming og samarbeid meir enn slåssing, ikkje kva kjønn som er best på det eine eller det andre. Skulen som utdanningsinstitusjon bør ikkje la læringsmål bli dikterte av omsyn til gruppebasert resultatlikskap.

Eg kan ikkje sjå klare teikn på at gutar blir systematisk diskriminerte i skulen.

Så kva skal me konkludere med, er det urettferdig at jenter dominerer innan utdanning? I staden for å seie på sedvanlig akademikarvis at dette er veldig kompliserte greier, skal eg avslutte med å seie kva eg meiner.

Eg kan ikkje sjå klare teikn på at gutar blir systematisk diskriminerte i skulen. Eg kan heller ikkje sjå at skulen er betre tilpassa jentene på ein urettmessig måte. Og sjølv om det kan vere visse forskjellar i korleis gutar og jenter blir oppdradde, tvilar eg på om desse er store nok til å forklare særleg mykje av kvifor jentene gjer det betre.

Personleg heller eg difor mot å meine at prestasjonsforskjellane hovudsakleg skuldast forskjellar i skulerelevant talent og innsats. I følgje dei viktigaste oppfatningane av sjanselikskap betyr det at forskjellane i liten grad er urettferdige.

 

nyhetsbrevet