FOTO: Fra omslaget av Charlie Hebdo

Harselas av religion

 
Raino Malnes skriv at det er dumt å harselere over islam. Kanskje er det det, men det kan også vise seg å vere dumt å la vere.

Poenget til Malnes i Agenda Magasin 8. januar, er at harselering over religion – i dette tilfellet islam – er kontraproduktivt, fordi harselering kan gjere det vanskelegare å få slutt på omskjering av barn, barneekteskap, kvinnediskriminering og andre etisk forkastelege praksisar legitimert i religiøse eller kulturelle førestillingar.

Kven bestemmer når ei ytring er harselerande?

Malnes tar ikkje til orde for å innskrenke ytringsfridomen juridisk, men argumentasjonen hans er like fullt normativ: Han vil at vi alle skal “holde tann for tunge når det er god grunn til å gjøre det”. Tanken er denne: Dersom vi alle held litt tilbake på eitt gode – ytringsfridomen – vil samfunnet oppnå eit større gode – slutt på dei nemnde forkastelege praksisane. Målet til Malnes er sympatisk og det kan godt tenke seg at han har rett. Likevel er eg usamd. Kvifor det?

Problemet med argumentet til Malnes er at eit sosialt krav eller forventning om å avstå frå harselas av religion, er svært vanskeleg å setje ut i praksis utan samstundes å sparke bein på ytringsfridomen. Malnes vil at vi skal la vere å harselere over religion, men kva er harselas og kven bestemmer når ei ytring er harselerande?

Det er vanskeleg å sjå føre seg semje om ein slik harselasstandard i dagens mangfaldige samfunn. Vi har alle ulike syn på kva som er harselas og kva som er rettmessig kritikk. Noko vil alltid kunne vere heilagt for nokon. Bør til dømes ateistar som Richard Dawkins avstå frå å harselere over den teologiske idiotien til Ung jord-kreasjonistar, som fornektar evolusjonslæra og anna vitskapleg bevist kunnskap om jorda?

Religionar har ikkje juridisk vern mot harselas.

Det eg er redd for med Malnes’ peikefinger mot harselas av religion, er eit kappløp mot botnen, der dei mest hårsåre truande får setje standarden for kva som er samfunnets akseptable ytringar overfor religionen deira. I så fall står vi att med eit svært snevert ytringsklima.

Sjølvsensur blir norma. Det er lett å tenke seg at ein held litt ekstra tilbake for å unngå å såre dei religiøse kjenslene til nokon der ute og kanskje langt vekke. Spetakkelet rundt Muhammed-karikaturane i 2006 er illustrerande. Redaktøren av den britiske avisa The Independent har erkjend at han i frykt for reaksjonane utøver sjølvsensur i avisas omtale av dei omstridde karikaturteikningane. Han er neppe den einaste redaktøren som gjer det.

Det er ein grunn til at ytringsfridomen er gitt svært vide juridiske rammer i Noreg. Religionar har ikkje juridisk vern mot harselas. Du kan fritt harselere over religiøse dogme, praksisar og førestillingar. Juridisk går ytringsfridomens grenser ved diskriminerande eller hatefulle ytringar som trugar, hånar eller fremjar hat eller forfølging av einskildpersonar eller minoritetar.

Det er gode grunnar for eit skilje mellom ytringar mot religion og person, og at personar også må tole ein god del. Noko anna er også uråd å praktisere utan samstundes å legge klamme band på ytringsfridomen. Eg kan heller ikkje sjå gode grunnar til å gi religionar eit sosialt vern mot harselas innanfor dei juridiske rammene, sjølv om dei truande kan oppleve religionskritikk som sårande.

Ja, du las rett.

Malnes vil som sagt til livs etisk forkastelege praksisar med religiøst eller kulturelt opphav. Ei slik etisk opprydding må likevel samfunnet kunne klare utan å innskrenke ytringsklimaet ved å stryke religionar med håra. Her må vi ty til dei same instrumenta som for anna samfunnsregulering: Anten pisk i form av straff og tvang eller gulrot i form av insentivordningar, tilrettelegging og opplysning. Kvifor skal vi behandle religiøst funderte praksisar annleis enn praksisar som har eit politisk eller ideologisk grunnlag?

For ein rettshistorikar som meg treff kritikken til Malnes også ein historisk nerve. I dag står vi fritt til å kritisere religion, men vi må ikkje gløyme at dagens vide ytringsfridom er eit relativt nytt fenomen her i landet. Statsreligionen har stått sterkt. Inntil 2012 stilte Grunnlova krav om at minst halvparten av regjeringsmedlemmane måtte vere evangelisk-lutherske kristne. Ja, du las rett.

Historisk har også religion nytt vern mot satirisk kritikk. Blasfemiforbodet i straffelova vart fyrst oppheva i fjor, vel og merke etter nokre år i tornerosesøvn. Grunnlovas vern av ytringsfridomen i § 100 vart utvida til dagens standard så seint som i 2004. Inntil då var det trykkefridom, som det heitte då, men denne var mellom anna avgrensa mot skrifter som viste “Ringeakt mot Religionen”.

Eg, for min del, gjer ikkje det.

Her er det lange historiske liner. Grunnlovas innskrenking av ytringsfridomen overfor harselas mot religionen var det gamle dansk-norske eineveldets måte å forstå ytringsfridom på. Under trykkefridomsdebattane i København i 1790-åra argumenterte jussprofessoren og filosofen Johan Friedrich Wilhelm Schlegel for ein trykkefridom innskrenka mot det han kalla “Trykkefrækhed”. Vel skulle ein kunne ytre seg skriftleg, sa Schlegel, men ikkje på ein måte som håna eller spotta den einskilde eller statens institusjonar, som på den tida også omfatta kyrkja og statsreligionen.

Rettshistorikaren Dag Michalsen har vist at Schlegels skilje mellom trykkefridom og “Trykkefrækhed” vart vidareført i Grunnlova § 100 i 1814 , der harselas av religion var utanfor trykkefridomens grenser.[1] I 1833 konkluderte den statsrettslærde og seinare statsminister Frederik Stang autoritativt at Grunnlovas vern av ytringsfridomen var avgrensa til den “anstændige Prøvelse” av religionen, statsmaktene og anna. Høyrest det kjend ut? Dette er ikkje så langt unna Malnes’ oppmoding om å avstå frå harselas av religion, eller kva?

Ønsker vi oss tilbake til ei tid der ytringsfridomens rammer er definert av kva eit religiøst fleirtal, eit mindretal eller ein politisk elite meiner er anstendig? Eg, for min del, gjer ikkje det.

[1] Dag Michalsen, “Mellom frihet og frekkhet”, Klassekampen 30. mai 2009 s. 22-23.