FOTO: Morten Brakestad / Stortinget

Republikk pakka inn som monarki

I praksis har vi alt ein fungerande republikk, pakka inn i kulturelt og historisk glanspapir som eit monarki.

Bør vi skifte ut monarkiet med republikken? Dette spørsmålet behandla Stortinget torsdag 31. mars. Tradisjonen tru avviste Stortinget med stort fleirtal (137 mot 26) nok eit grunnlovsforslag om å avskaffe monarkiet. I alle valperiodar sidan 1968 har SV sett fram forslag om å innføre republikk. Like sikkert som tyngdekrafta vil det store fleirtalet på Stortinget halde på monarkiet.

Når vi diskuterer monarkiet som statsform, burde kongens konstitusjonelle rolle stå i sentrum.

Det er noko paradoksalt, men samstundes også vakkert, over at Stortinget kvart fjerde år røystar over ei i prinsippet udemokratisk statsform på beste demokratisk vis. Ingen kan seie at det norske monarkiet saknar demokratisk legitimitet.

På Stortinget var argumenta for og mot monarkiet velkjende. Argumenta for republikken gikk på at arvelege offentlege posisjonar ikkje høver seg i eit representativt demokrati. Argumenta for å halde på monarkiet var ei blanding av vyrdnad for tradisjonen og vektlegging av den store folkelege oppslutnaden om monarkiet. Fleire representantar argumenterte med meiningsmålingar til fordel for monarkiet som eit slags politisk trumfkort. Mon tru om dei vil leggje avgjerande vekt på meiningsmålingar i andre saker, til dømes om kommunereforma eller alkoholavgifter?

Ei side ved monarkiet som ikkje vart diskutert i den korte stortingsdebatten, og som også forsvinn i den offentlege monarkidebatten – prega som den er av kongehusets økonomi, hemmeleghald, sponsa feriar, privatskular og engleskular, kronprinsessas luksuskjolar og stilige handvesker – er kongens konstitusjonelle rolle. For det er jo kongens konstitusjonelle rolle monarkiet eigentleg dreier seg om. Mykje av det andre er strengt tatt berre kulturell staffasje. Når vi diskuterer monarkiet som statsform, burde kongens konstitusjonelle rolle stå i sentrum.

Kva er så kongens konstitusjonelle rolle i Noreg? Les vi i Grunnlova, og det bør jo alle gode statsborgarar gjere frå tid til annan, lyser monarkiet mot oss i § 1 og deretter frå § 3 og vidare til § 48, nesten halve grunnlovsteksten. Kongen er vår statssjef og innehavar av statens utøvande makt. Tar vi Grunnlova på ordet, kan kongen bestemme både det eine og det andre, krig og utanrikspolitikk, embetsutnemningar og allmenn statsforvaltning.

Kva uformell makt har kongen i kraft av den arvelege posisjonen sin?

Dette er ting som betyr noko for deg og meg. No veit vel dei fleste at vi ikkje kan ta Grunnlova heilt på ordet på dette punktet. På kongehusets nettsider er kongens konstitusjonelle rolle skildra på sjølvutslettande vis: “Hans Majestet Kongens plikter er i hovedsak representative og seremonielle. Når Grunnlovens bokstav fortsatt sier at den utøvende makt ligger hos Kongen, betyr dette i dag Regjeringen.”

Om det er slik at kongen ikkje utøver offentleg makt, men berre har ei seremoniell og representativ rolle, står republikanaranes demokratiargument svakare. Likevel, det at kongen i hovudsak har ei seremoniell og representativ rolle, betyr ikkje at kongen er juridisk avskoren frå å utøve makt etter Grunnlova. På nokre få område utøver faktisk kongen makt og kan potensielt påverke politikken. Det er her kongens konstitusjonelle rolle blir litt komplisert og ullen.

For det fyrste, embetsutnemningar og viktige saker må regjeringa vedta i statsrådet, leia av kongen og halde på Slottet kvar fredag kl 11. Etter Grunnlova § 31 blir avgjerdene til statsrådet formelt gjort av kongen, men må kontrasignerast av statsministaren for å vere gyldige. Les vi Grunnlova kan vi få inntrykk av at det er kongen som bestemmer, medan statsministaren berre kontrollerer. Slik var også systemet i 1814 og ut over 1800-talet, då kongen personleg og åleine kunne styre den utøvande makta, noko han også lenge gjorde. Gradvis overtok regjeringa meir og meir den praktiske styringa av landet på vegner av kongen.

Då vårt noverande kongehus vart oppretta etter unionsoppløysinga i 1905, var det klårt for alle at regjeringa skulle vere det styrande organet, medan kongens gjeremål gikk over til å bli i hovudsak representative og seremonielle. Denne maktforskyvinga frå kongen til regjeringa vart formalisert ved ei grunnlovsendring i 1911, som fjerna kongens personlege makt ved å krevje statsministarens kontrasignatur på alle vedtak i statsrådet. I realiteten var og er det motsett: Statsministaren og regjeringa bestemmer, medan kongen skriver under etterpå (les meir her).

Men kva rolle vil kongen spele i ein krigssituasjon?

Problemet, sett med dagens auge, er at kongen ikkje mista formell makt etter Grunnlova. Framleis er kongens signatur rettsleg nødvendig for at vedtak i statsrådet skal vere gyldige. Teoretisk kan kongen lamme regjeringa ved å nekte å skrive under på vedtak. No er det naturlegvis ikkje lett å tenke seg at kongen i dagens harmoniske politiske klima vil gripe inn i politikken på denne måten. Men det er like fullt eit demokratisk skadepotensial i dagens ordning, og grunnlover skal som kjend ikkje berre fungere i gode tider.

For det andre utøver kongen reell makt på eitt viktig område, nemleg ved regjeringsdanningar. Etter § 12 i Grunnlova er det kongen som formelt nemner ut regjeringa etter eit stortingsval. I praksis er det likevel slik at kongen følgjer rådet han får frå den avtroppande statsministaren. Normalt vil kongen be statsministarkandidaten frå det partiet eller den koalisjonen som har størst oppslutnad på Stortinget etter valet om å skipe regjering.

Problemet oppstår i ein uavklara og tilspissa parlamentarisk situasjon. I slike tilfelle må kongen utøve skjønn. Vi kjenner døme på dette frå mellomkrigstida. Mest kjend er då kong Haakon i 1928 utnemnte Christopher Hornsrud som statsministar for Noregs fyrste arbeidarpartiregjering. Utnemninga var kontroversiell, både fordi Arbeidarpartiet var eit revolusjonært parti på den tida, og fordi dei borgarlege partia hadde fleirtal i Stortinget. Arbeidarpartiregjeringa fall også etter knappe tre veker. Kongens skjønn den gongen viste seg likevel å vere godt, då det sementerte hans posisjon som nøytral og samlande.

I dag er det politiske klimaet i Noreg harmonisk, men eit kjapt blikk på utviklinga i Europa syner at det i framtida vil vere fullt mogleg å kome i ein situasjon der kongen må utøve skjønn ved regjeringsdanningar. I slike situasjonar vil kongen måtte tre ned frå den elles seremonielle rolla og tre inn i ei politisk rolle. Dette er ikkje luftig teori eller spekulasjon, men gjeldande konstitusjonell rett.

Eg er heller ikkje imponert av monarki-tilhengaranes historiske argument.

På andre område kan det vere uklårt kvar grensa går for kongens konstitusjonelle rolle. Mange vil kanskje hugse debatten etter at dåverande statsminister Jens Stoltenberg i 2011 nekta kongen å dele ut Krigskrossen på veterandagen 8. mai. Etter Grunnlova § 23 ligg retten til å gje ordenar til «Kongen». Kven er det? Kongen har også ei militær rolle som landets formelt øvste befalingsmann etter Grunnlova § 25. I praksis styrer regjeringa forsvaret, medan militær kommandomakt er delegert til militære sjefar. Men kva rolle vil kongen spele i ein krigssituasjon?

Amagasin_mandag_hvit 3

Når vi ser på monarkiets konstitusjonelle rolle i dag, kan vi heller ikkje sjå bort frå at kongen står i ein unik posisjon til å påverke skiftande regjeringar i kraft av å vere permanent statssjef. Vi veit lite om kva som skjer bak statsrådets lukka dører. Kva uformell makt har kongen i kraft av den arvelege posisjonen sin?

Som vi ser har kongen formelt mykje, men reelt lite personleg makt. Det er likevel denne vesle resterande makta i kongens hender som er problematisk i eit demokratisk perspektiv. Sjølv om kongens reelle makt er lita, er det framleis snakk om offentleg makt utøvd av ein person som har fått posisjonen ved arv og som etter Grunnlova § 5 har strafferettsleg og sivilrettsleg immunitet. Regjeringa kan folket trass alt stille til rettsleg ansvar eller sparke ut ved neste stortingsval.

Eit anna problem med ordninga av dagens monarki er at den konstitusjonelle rollefordelinga mellom kongen og regjeringa aldri har blitt skikkeleg juridisk og formelt avklara. På mange måtar har vi eit litt omtrentleg konstitusjonelt monarki. Kongens representative og seremonielle funksjon er ikkje skrive inn i Grunnlova eller formelt avklara, men har vakse fram over tid gjennom praksis og kutyme, godt styrt av ein solid dose kongeleg klokskap og rolleforståing.

Sjølv høyrer eg til det vesle mindretalet som meiner Noreg bør skifte statsform til republikken, av dei grunnane eg nettopp nemnte. Eg er heller ikkje imponert av monarki-tilhengaranes historiske argument. Dagens monarki og kongehus er frå 1905, og har lite til felles med føregåande monarkiske statsformer i Noreg. Hovudprinsippa i republikken, folkestyre og likskap, var sentrale verdiar i Grunnlova i 1814, og har spelt ei langt viktigare og samlande rolle for norsk historie, identitet og samfunnsutvikling enn monarkiet.

Når det er sagt, slik kongen har utøvd si konstitusjonelle rolle så langt, vil ikkje republikken vere noko demokratisk revolusjon for Noreg. Det er urimeleg å karakterisere tilhengarane til monarkiet i dagens form som udemokratiske. For mange er kanskje kongehusets symbolske rolle og innmari koselege framtoning, viktigare enn abstrakte prinsipp og detaljar i det konstitusjonelle systemet.

Det svenske monarkiet minner mest om eit arbeidsmarknadstiltak med glitter og paljettar.

Eit vanleg argument mot innføring av republikk, er at ein vald president som seremoniell statssjef vil kunne verke splittande, medan eit arveleg monarki heva over politikken verkar samlande. Det kan nok diskuterast. Det einaste republikanske alternativet er uansett ikkje å bytte ut kongen med ein president med same gjeremål. Mitt alternativ vil vere å droppe både konge og president, og late statsministaren vere statssjef både formelt og reelt, som ho jo er i dag. Det er ingen tvingande konstitusjonelle grunnar til å halde seg med ein seremoniell president. Representasjonsoppgåvene kongen har i dag kan delast mellom regjeringa og presidentskapet på Stortinget.

Eit kompromissalternativ kan vere å reformere monarkiet slik at kongen mistar si konstitusjonelle rolle. Kongen vil då framleis ha tittelen statssjef og utøve ein reint representativ funksjon, men vil verken formelt eller reelt kunne utøve makt slik dagens grunnlov opnar for. Dette har vore modellen i Sverige sidan grunnlovsreforma i 1974. Fordelen med å gå for den svenske modellen er at ein kan vidareføre monarkiet, av omsyn til tradisjon og alt det der, og samstundes unngå problemet med at personar som utøver offentleg makt er heva over ansvar. Minuset med modellen er at kongen i Sverige har så få og utviktige oppgåver, at det svenske monarkiet minner mest om eit arbeidsmarknadstiltak med glitter og paljettar.

I valet mellom monarki og republikk kan restane av kongens reelle, men i praksis beskjedne makt vere noko av eit tviegga sverd. På den eine sida kan ein seie at kongens makt i dagens ordning er så beskjeden at avskaffing av monarkiet ikkje vil gjere noko vesentleg frå eller til for demokratiet. På den andre sida betyr dette også at overgangen frå dagens monarki til ei republikansk statsform ikkje vil vere særleg stor eller komplisert. Republikken vil ikkje vere eit steg inn i eit ukjend konstitusjonelt univers, men ei reindyrking av det vi alt har. For i praksis har vi alt ein fungerande republikk, pakka inn i kulturelt og historisk glanspapir som eit monarki.

AMagasin_mandag 2