FOTO: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix

Barnevernskandale eller granskingsmord?

Advokatane Geir Kjell Andersland og Thea Totland hevder at min kritikk av granskingsrapporten deira ikkje var konstruktiv og sakleg, og mangla eit barneperspektiv. Desse innvendingane er det ikkje grunnlag for.

Eg har peikt på metodiske manglar. Om eg skal bruke orda til Andersland og Totland; I staden for å gå i skyttargravene burde dei ta det til seg i læringsaugemed. Det kan kome til nytte i nye granskingsoppdrag.

Ein prosedyreadvokat vil plukke rapporten frå kvarandre i ei eventuell rettssak

Kommunestyret i Samnanger, som vurderer erstatningssøksmål mot tidlegare tilsette, kan også ha nytte av at rapporten vert vurdert med eit kritisk blikk. Nokre av representantane der let til å sjå han som ein fasit som gjev svar på kvaliteten av arbeidet til barnevernstenesta. Det bør dei vere varsame med. Ein prosedyreadvokat vil plukke rapporten frå kvarandre i ei eventuell rettssak. Ein domstol kan ikkje gjere som advokat Elden og legge konklusjonane i rapporten til grunn som eit premiss for dei rettslege vurderingane sine.

 

Sakleg kritikk

Eg kritiserte kvaliteten på granskingsrapporten med utgangspunkt i metodikk og språkføring, og konkretiserte med fleire døme. Min kritikk kan vurderast som godt eller dårleg underbygd, men ikkje usakleg.

Det eg ikkje veit, og heller ikkje har sagt, er om konklusjonane i granskingsrapporten faktisk er feil. Det skuldast at eg ikkje kan vurdere bevis eg ikkje har sett og vitneforklaringar eg ikkje har høyrt. Difor er eg tilvist til å vurdere metoden.

Min kritikk kan vurderast som godt eller dårleg underbygd, men ikkje usakleg

Det som ville ha vore usakleg, var om eg hadde stilt spørsmål ved hensiktene og føremålet til advokatane Totland og Andersland, med å skrive rapporten slik dei har gjort. Det same om eg hadde valt å lese rapporten inn i eit mønster hjå dei med vedvarande barnevernskritikk. Det har eg ikkje gjort. Diverre har ikkje Andersland og Totland halde seg for gode til å bruke denne typen argumentasjon mot meg og min klient.

Sidan dette framleis ikkje synest forstått: Føremålet med min kritikk var dels å få fram at erstatningssøksmål mot tilsette i barnevernstenestene kan føre til eit dårlegare barnevern. Dels var det å synleggjere at rapporten har for store manglar til at han bør overtyde om at det er grunnlag for erstatningskrav.

Til dømes når det i granskingsrapporten vert hevda at ei omsorgsovertaking reelt handla om dårleg økonomi og eit tomt kjøleskap. Det er så oppsiktsvekkande at det ikkje står til truande utan dokumentasjon på at det faktisk er dette som står i kravsmålet til Fylkesnemnda. At omstende rundt denne episoden kan ha vore ei utløysande årsak til at barnevernstenesta vurderte at omfattande hjelpetiltak ikkje lenger var tilstrekkeleg, er noko anna.

 

Barneperspektivet

Eg set ikkje fagforeningspolitikk framom omsynet til barn som barnevernet – etter Totland og Andersland sine vurderingar – har påført unødvendige lidingar. Mitt poeng er at dersom norsk barnevern skal forbetrast og vidareutviklast, så må det førast ein arbeidsgjevarpolitikk som gjer at kommunane klarer å rekruttere og halde på gode tilsette i desse tenestene. Erstatningssøksmål, av den typen det er tale om i Samnanger, medverkar ikkje til det.

Om norsk barnevern skal forbetrast , så må det førast ein arbeidsgjevarpolitikk som gjer at kommunane klarer å halde på gode tilsette

Eit barneperspektiv er elles irrelevant som målestokk for om ein granskingsrapport er god eller dårleg. Kvaliteten på ei gransking i ei barnevernssak, må vurderast etter dei same overordna kriteria som ei gransking av ei ulukke eller handteringa av ei krise: Er faktum forsvarleg fastlagt, er normene vurderingane tek utgangspunkt i korrekt angitt, er vurderingane tilstrekkeleg reflekterte og har det som bør belysast blitt belyst?

 

Fakta og teieplikt

Eg skal gje Totland og Andersland rett i at fakta, medrekna sensitive personopplysningar, må fram når barnevernssaker skal granskast. Det er likevel fleire problem med faktaframstillinga dei har gitt.

For det første er den lite utførleg sett opp mot at det er tale om tre saker, ni barn, årelang historikk, tusenvis av dokumentsider og mange intervju. Ein tynn faktadel gjev eit dårleg utgangspunkt for å etterprøve vurderingane og konklusjonane.

For det andre har Totland og Andersland ikkje gjort greie for kva beviskrav og prinsipp for bevisvurderinga dei har lagt til grunn. Dette er vanleg å gjere i granskingar. Sjå til dømes Fritz Moen-granskinga i NOU 2007:7. Der vert det opplyst at det vert bygt på eit prinsipp om sannsynleggovervekt, og peikt på at vitneforklaringar lang tid etter ei hending, særleg der vitne kan ha ei eigeninteresse eller særinteresse i resultatet av saka, normalt får vesentleg mindre vekt enn skriftelege bevis frå tida nær opp til hendinga.

Ei slik utgreiing finn vi ikkje i Samnanger-rapporten. I staden finn vi konklusjonar som: “Vi sitter med gnagende uro om at guttene ikke var krevende […],” “Det legges til grunn at det er fordi (A) skal ha sagt at han ønsker hun fortsetter, men dette blir en spekulasjon fordi det står ikke noe om dette i dokumentene”.  “Det kan virke som om barnevernlederen i denne saken forholder seg som saken er personlig. Det er vanskelig å få tak i hvorfor han ellers skulle handle som beskrevet ovenfor.” (Alle kursiveringane er mine). Utsegnene syner ikkje kva som er funne bevist og med kva grad av visse.  Det er eit rettstryggleiksproblem for dei som får kritikk mot seg.

Det er eit rettstryggleiksproblem for dei som får kritikk mot seg

For det tredje er faktum, vurderingar, kjensleutbrot og retoriske spørsmål sausa godt i hop. Det gjer det vanskeleg å fylgje argumentasjonen. I tillegg etterlet det eit inntrykk av mangel på den typen nøytralitet som ei gransking bør og skal ha. Det siste vert ikkje mindre alvorleg av at granskarane også har gått ut i Dagbladet og skrive at funna i rapporten er sjokkerande og kastar lys over allmenne problem i norsk barnevern.

Eit anna problem med faktadelen er at det ikkje går fram av rapporten at teieplikta er korrekt handtert i granskinga. Opplysningar i rapporten gjev tvert om grunn til tvil om alle involverte har gitt eit informert samtykke til fritak frå teieplikt. Dette burde vore betre gjort greie for.

Det gjeld mellom anna for ein forelder som det er opplyst at er analfabet, ein person som det er opplyst at er under verjemål og to mindreårige som det står at ikkje lenger bur i landet. Vidare gjeld det for to mødre som det ikkje går fram at granskarane har vore i kontakt med. Dei blir det begge gitt personsensitiv og infamerande informasjon om.

Sjølv om folk flest i Samanger kjenner desse barnevernssakene, har dei neppe kjent alle detaljar kring mogelege lovbrot, seksualitet, psykiatri og medisinering

Sjølv om folk flest i Samanger kjenner desse barnevernssakene, har dei neppe kjent alle detaljar kring mogelege lovbrot, seksualitet, psykiatri og medisinering. Eg er difor ikkje samd med Totland og Andersland når dei kritiserer Fylkesmannen i Vestland for å ha prøvd å stanse publisering.

Brot på teieplikt er strafflagt, og problemstillingane kring dette burde ha vore fullt avklart før rapporten vart lagt ut på nett. At lovlegkontroll etter kommunelova var feil verkemiddel, er ei anna sak.

 

Menneskerettighetsdomstolen

Granskarane meiner elles at alle nye lovreglar dei har brukt, berre er lovfesting av reglar som allereie galdt på ulovfest grunnlag. Det har dei ikkje underbygt, og det stemmer heller ikkje. Barn sin rett til medverknad, som kom inn i barnevernlova i 2018, stiller til dømes andre krav til sakshandsaming enn den gamle regelen om barn sin rett til å bli høyrt. På dette området har det skjedd ei gradvis rettsutvikling, frå den første barnevernssaka i Samnanger starta, men 2018-regelen tilfører også noko nytt.

Vi kan operere med ein fiksjon om at menneskerettane er evige og allmenngyldige

Tilsvarande gjeld for rettsreglar om barnevern som er utvikla av EMD. Vi kan operere med ein fiksjon om at menneskerettane er evige og allmenngyldige, og at reglane eksisterer som ein slags naturrett som barnevernstenesta skal kjenne. Dersom vi er meir realistiske, må vi derimot vedgå at EMD lagar rettsreglar og gjev dei tilbakeverkande kraft. Vi kan då ikkje klandre norsk barnevernsteneste for ikkje å ha fylgt rettsreglane før EMD artikulerte dei.

Påstanden om at det er eit ynskje frå FO om deling av skuld og ansvarspulverisering, som gjer at eg hevdar at barnevernstenesta i Samnanger ikkje har ansvar for alle feil i saka, er vanskeleg å ta på alvor. FO organiserer ikkje berre tilsette i kommunale barnevernstenester, men også i Bufetat og på barnevernsinstitusjonar. Uavhengig av kvar FO har medlemmer, kan det ikkje vere slik at ei kommunal barnevernsteneste skal ha skulda for feil i spesialisthelsetenesta eller statlege barnevernsinstitusjonar.