FOTO: Stortinget/Flickr cc

Du må ha tillit til oss, Ropstad

“Kan du bere fram eitt, kan du bere fram to”, sa ein mann med makt.

Ny regjering i debatt, og eg høyrer: «Kan du bere fram eitt, kan du bere fram to.»
Hm. Eg høyrer at han tenkjer det er eit rimeleg argument. Eg prøver å tenkje over saka slik han tenkjer den: To versus ein.

Noko gjer vondt i magan. Så slår det meg, hardt: Eg veit jo, Hr. Ropstad, at du også meiner, at: «Kan du bli gravid, må du føde barnet også.»

Ekkoa av same tanke gjallar plutseleg tydeleg:

«Kan du klare å ha sex, kan du klare å få barn.»

«Vil du vere med på leken, må du tole steken.»

Det er ein dom, Hr. Ropstad. Det blei så tydeleg, slik orda glapp ut av deg. Ein dom du feller over oss. For Ropstad: Vi veit at i din politikk, så skal alle vi kvinner alltid måtte klare å bere fram alle barn. Nesten. Utan. Unnatak.

Kjære Hr. Ropstad. Det er ikkje slik det er å vere gravid.

Men dei av oss som har blitt gravide, vi veit også kva det kjenst som å bli gravid. Det kjenst som ansvar. Det kjenst som det største ansvaret eit menneske kan få.

Graviditet: Eit ufødd menneske kjem til eit menneske, og spør: «Kan du ta vare på meg heile livet? Kan du passe på meg, frå eg blir fødd naken, til eg sjølv kan stå, gå, leve lenge? Kan du gje meg alt eg treng, alt eg fortener, for å leve godt?» Spørsmålet rungar gjennom heile kroppen i alle oss som får vite at vi er befrukta, at det kan bli eit barn. Eller fleire. Barna det kan bli spør inni kroppane våre: Kan du det?

Men det du snakkar om, Ropstad, det er så rart. Det er «å bere fram». Som om det å vere gravid, var litt sånn: «Jaja … Eg går no her og ber. Som eg ber ei veske, ber eg no eit barn. Det skal berast fram, og så er livet fødd, og alt er rett.»

Kan du førestille deg å vere i ein livssituasjon der du er svakare enn du vil?

Og om ein så kom i tankar om tida etter all beringa, kunne det vere noko slikt som: «Kanskje er eg ikkje heilt i stand til å passe godt på dette vesle mennesket? Sannsynlegvis ikkje.

Men det finst då både sosialvesen, barnevern, adopsjonsbyrå og korger å setje utanfor kjerka. Vi får ta det som det kjem. So ro, lille barn. No skal mamma bere.»

Kjære Hr. Ropstad. Det er ikkje slik det er å vere gravid.

nyhetsbrevet

Kan du førestille deg å vere i ein livssituasjon der du er svakare enn du vil?

Der du vil eit anna ufødd menneske, eller to, alt godt. At alt du vil, er det beste – alt det beste! Men så kan du ikkje. For du veit du sannsynlegvis vil svikte. At det er noko du ikkje vil kunne klare å levere. Noko alvorleg.

Ikkje tråkk på oss då.

Kanskje har du aldri hatt det sånn, at du har hatt sex utan å vere i eit stabilt forhold med eit stabilt menneske ved sida di, og der båe er utan sjukdom, angst og depresjon – med grei økonomi, potensielle besteforeldre som vil trø til, med eit trygt hus med all ting og med rom som har plass til ein til eller to?

Ropstad. Eg veit at eg eventuelt ikkje kan bruke dette mot deg, i ditt liv. Vi kan ikkje vente av kvarandre at vi skal ha opplevd det same. At vi alle skal kunne leve oss inn i alles erfaringar. Eg aner ikkje kva situasjon det kan vere, som får ei kvinne til å be om éin abort, men ikkje to.

Du må ha tillit til oss – til kvinnene som blir gravide.

Nettopp derfor må vi to syne respekt. Vi kan ikkje setje oss til doms. Ikkje tenkje at vi veit betre, at vi er meir moralske, at vi ville tatt betre val i same livssituasjon. Vi må ha tillit til menneska.

Du må ha tillit til oss – til kvinnene som blir gravide. La meg samanlikne dét å vere gravid med dét å vere eit anstendig menneske: Møter vi ein som treng oss, så vil vi gjerne hjelpe. Slik er vi menneske. Vi vil bere andre om vi kan, for å seie det slik.

Men: Finst det livssituasjonar der eit menneske tenkjer det ikkje kan bere eit anna menneske – eller to – resten av livet? Ja. Slike finst. Det er ikkje alltid vi kan. Ikkje tråkk på oss då. For kvar gong eit menneske må ta det valet, då er vi ikkje akkurat ovanpå. Tru du oss.

nyhetsbrevet