FOTO: Stian Lysberg Solum / NTB

Sosialdemokratiets fall og vegen vidare

Hovudproblemet til Arbeidarpartiet er at sosialdemokratiet, enn så lenge, framleis står sterkt i Noreg, sjølv om Arbeidarpartiet gjer det dårleg.

Det er ein situasjon Arbeidarpartiet har skapt, som var mogleg å unngå. Dersom venstresida, og Arbeidarpartiet, skal forbli ein politisk maktfaktor, må me representere populær sosial-økonomisk politikk forankra i folke- og arbeidarrøsler, framfor politikk laga av heiltidspolitikarar og partielitar.

 Ørnen har landa

Lite har gått rette vegen for Arbeidarpartiet etter valet i 2017. Det har vore langt mellom dei positive oppslaga for både Støre og partiet han er leiar for. Det er lett å sparke nokon som allereie ligg nede, går ting dårleg er det lett å retta kritikk og tolke ting i verste meining: Støre må bli meir folkeleg, men nåde han om han drikk Jägermeister og har rotete kjøkkenbenk. At Erna inviterte pressa heim til det rotete kjøkkenet hennar, blei derimot heidra.

Det er nok òg ekstremt kjekt for pressa å skriva om den politiske ørna i norsk politikk som ser ut til å gå inn for landing. Eit ihelkokt og utbrent Arbeidarparti er gourmetmåltid for journalistar, og som Mimir Kristjánsson peika på, må det vere mogleg å spørje seg om ikkje pressa faktisk er blitt i krassaste laget mot opposisjonen. Partiet og Støre har hatt absolutt alt og alle i mot seg dei siste åra. Diverre kan ikkje problema i Arbeidarpartiet berre skuldast pressa og journalistar. Det stikk òg djupare enn leiarevnene eller personlegdomen til Støre. Eg trur heller ikkje partiprogrammet dei går til val på no korkje er løysinga eller årsaken til at ting går som dei går. Kva er då problemet?

Eit ihelkokt og utbrent Arbeidarparti er gourmetmåltid for journalistar.

Som medlem i Arbeidarpartiet og AUF frå 2010 inntil nyleg, har eg ikkje sett partiet raudare på eit nasjonalt plan enn det dei er no. Det er diverre ikkje nok, og det kjem for seint. Venstredreiinga kjem først etter Raudt er inne på Stortinget og har gjort suksess på målingane med mykje gjennomslag, trass i sitt eine mandat. Venstredreiinga kjem først etter SV, som Arbeidarpartiet i stor grad forsøkte å distansera seg frå ved vala i 2015 og 2017, er i full fart på veg oppover, og gjer sine beste målingar på snart 20 år.

Problema til Ap ligg i at dei veldig lenge har hatt manglande tru på deira eigne verdiar og politikk. Eg har nokre personlege døme og erfaringar frå mi tid i partiet som eg meiner illustrerer dette, som kan vere med på å forklare korleis partiet har tenkt og fungert i det store, men og nokre meir spesifikke døme på kva som har gått gale i Arbeidarpartiet dei siste åra (nærare bestemt i periodane under Stoltenberg og Støre). Eg er innforstått med at mange vil peike på at det byrja allereie før, men det skuggar over poenget eg vil gjere: Situasjonen til Arbeidarpartiet har vore fullt mogleg å unngå. Det er altså ei historie som innsidevitne, der eg i periodar har vore tilsett i AUF.

Forlikspartiet

På sommarleiren til AUF i 2016 var dåverande finanspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, Torstein Tvedt Solberg, tilstades. Han forsøkte i ein samtale med meg og ein gjeng andre AUF-medlemmar å forsvara skatteforliket Arbeidarpartiet hadde inngått med Solberg I-regjeringa. Kva i all verda gjorde Arbeidarpartiet i eit skatteforlik med den mest høgrevridde regjeringa Noreg har hatt sidan krigen? Liknande forlik veit me jo det var mange av i dei store sakene mellom 2013 og 2017: politireforma, forsvarsbudsjettet og nedlegginga av Andøya, vingling i kommune- og regionreforma, flyktningkrisa (sjølv om Støre var framifrå her og først offentleg støtta å ta imot 10 000 flyktningar) for å nemne nokon. Slik eg skjønte det, gjekk deler av argumentasjonen på at det ikkje var fyrste gongen Arbeidarpartiet hadde vore med på eit skatteforlik med dei borgarlege, og at ein «stoppa dei verste skattekutta». Det ville blitt mykje verre om Ap ikkje gjekk med på eit forlik!

Desse forlika tener som eit godt døme på kor inngrodd Arbeidarpartiet har vore i såkalla «styringsideologi». I mine auge har styringsideologien i praksis gått ut på at uansett kor høgrevridd regjeringa er, er det eit gode med forlik, konsensus, kompromiss og eit samla storting i dei store spørsmåla og konfliktlinjene. I tillegg er ein alltid opptatt av kva som er «realistisk» å få til, der «realistisk» er synonymt med det ein kan få til på ein 4-års periode – som sjølvsagt legg strenge føringar for kva ein kan lova i eit val. Store, langsiktige visjonar eller reformar, blir då umoglege – noko som er rart all den tid Støre i boka I bevegelse stod fram som ein leiar med sine eigne visjonar, idear og langsiktige tankar for Noreg, Europa, sosialdemokratiet og ikkje minst fagrørsla(!). Eg har ikkje vore samd med han i alt basert på det som stod i boka, men då Støre blei leiar var han rekna for å vera ein visjonær og idealist samanlikna med teknokraten og realisten Stoltenberg.

Eg har aldri forstått kvifor såkalla styringsparti er synonymt med politiske parti som er villige til å inngå kompromiss og å gå til val på «minst mogleg» fordi det ikkje er «realistisk» med store endringar eller for radikale forslag. Blir ikkje dogmet om kompromiss og «realisme» då ein sjølvoppfyllande profeti?

Eit styringsparti er blitt synonymt med eit parti som er lojale til det borgarleg-liberale statsapparatet.

Utan å gå for mykje inn i ein diskusjon om at ein ikkje må avgrense seg til parlamentarismen og statsmakta når ein snakkar om demokrati og makt, tenker eg at eit «styringsparti» er eit parti som ønsker å få makt, som vil vere der ein tar avgjersler for å endre samfunnet. For Arbeidarpartiet ser det ut til at styringsparti i den forstand at dei ikkje vil gjere for store endringar, er eit heidersteikn heller enn å vere eit styringsparti som tar makt for å styre i ei anna retning. Store endringar ser ut til å vere det motsette av styring, då det liksom ikkje er ansvarleg eller populær politikk. Med bruk av omgrep som «styringsiver» og «ansvarleg opposisjon» undergrev Ap si eiga rolle som opposisjonsparti, og blir meir ein forsvarar enn den sjølverklærte bremseklossa (altså definerer dei seg ikkje som eit alternativ!) for høgrepolitikk.

Noko kursendring kan dei umogleg representera med desse to eksistensgrunnlaga, det blir meir ei justering eller finpuss i eit politisk landskap stadig meir diktert av høgreliberale, høgrepopulistar og marknadskrefter. Kvar er Arbeidarpartiet som seier at «arbeidsfolk skal ikkje lenger gå med lua i handa»? Kvar er kampen mot lausarbeidarsamfunnet, viljen til statleg og politisk styring for å vri makt, ressursar og velstand til vanlege folk? Eit styringsparti er blitt synonymt med eit parti som er lojale til det borgarleg-liberale statsapparatet.

Arbeidarpartiet dei siste tiåra har vore milevis frå det partiet som i tiår satt med reint fleirtal etter krigen, og som treng mykje av æra for å ha hindra fascistisk makt i Noreg før krigen. Det er Ap som innførte vikarbyrådirektivet saman med Høgre, til store protestar frå fagrørsla, og slik igjen gjorde lausarbeidarsamfunnet mogleg i Noreg! Det er Arbeidarpartiet med Stoltenberg i spissen som stod for næringsnøytralitet i Noreg og la ned Tofte industripark, heller enn å bygga opp norsk industri.

Dette har, i alle fall i retorikken, blitt den store mobiliseringssaka til Senterpartiet. Kva forklarar at Ap ikkje har brukt tida i opposisjon på å fremje alternativ politikk? Hadde ikkje partiet noko alternativ politikk, har dei ikkje ønskja ein annan politikk?

Ei personleg oppleving frå 2017 kan kanskje forklare noko av situasjonen. I 2016 og 2017 var eg ansatt i AUF i Rogaland. Eg hugsar godt at det i programprosessane opp mot landsmøtet blei argumentert for og mot enkelte forslag fordi me måtte «halde oss inne med KrF». Me veit jo alle korleis den soga gjekk. KrF blei òg brukt som argument ved lokalvalet mange stader i 2015. Ved valet i 2015 satt eg i programkomiteen til Stavanger Arbeidarparti. Resultatet av programarbeidet i Stavanger blei derimot eit av dei raudaste programma på lenge, ifølge både ein senior i lokallaget og AUF. Dette skjedde mykje fordi me insisterte på at me måtte stå for vår eigen politikk først i så stor grad som mogleg, og deretter forhandla med dei andre partia. Kompromissa kunne ikkje skje allereie i programarbeidet.

Arbeidarpartiet dei siste tiåra har vore milevis frå det partiet som i tiår satt med reint fleirtal etter krigen.

I det som blei eit jamnt val der dei raudgrøne nesten tok makta i Stavanger etter 20 år med borgarleg styre, og eit rekordgodt val blant unge i Stavanger, er det likevel tydeleg for meg at heilskapen i programmet til Stavanger Arbeidarparti var heilt riktig. Politikken var rank og raud, men òg radikal og grøn. Ein kunne jo lett ha argumentert for at ein i blå og erkeborgarlege Stavanger måtte legga seg tettare opp til sentrumspartia – men det gjorde lokalpartiet altså ikkje. Vel, iallefall ikkje i valprogrammet.

Når det gjeld Stavanger vil eg legga til at Arbeidarpartiet i 8 år, fra 2003 til 2011, satt med makta i byen saman med mellom anna Høgre. I 2011 braut dåverande listetopp Cecilie Bjelland samarbeidet med Høgre, og resultatet blei eit valresultat på nesten 30% – opp frå omkring 20%. Det var altså ikkje noko naturlov at Arbeidarpartiet skulle gjere det dårleg i Stavanger. Høgre har aldri tilgjeve Arbeidarpartiet for at dei braut sjelefreden og «andedam»-tilstandene i Stavangerpolitikken. I dag, etter to periodar i opposisjon (2011 til 2019), sit Arbeidarpartiet med ordføraren og alle dei raudgrøne partia med makta i Stavanger på sine eigne, raude premiss. Dette har kun vore gjort mogleg av eit brot med høgrehegemoniet i byen for å bli eit ordentleg opposisjonsparti i 2011.

 Frå grasrot til ei rot for sjeldne vekster

Denne insisteringa på å vere seg sjølv blei derimot ikkje gjort opp mot programmet i stortingsvalet i 2017. Kompromissa i Stortinget med regjeringa fortsatte. Mange AUF-arar vart svært demotiverte då Støre, kort tid etter at sentralstyret tapte avstemminga om å halde på KRLE-faget i skulen (AUF, som ville fjerne K-en, vann fram), gjekk ut og sa dette ikkje var viktig for Arbeidarpartiet og ville bli forhandla vekk i regjeringsforhandlingar. Igjen, for å appellera til KrF. Viktig sak eller ikkje, det står seg som eit døme på korleis meiningane til dei titusenvis av medlemmane og tusenvis av tillitsvalde i Arbeidarpartiet og AUF ikkje var så viktige for leiinga.

Kva er poenget med å ha landsmøte og vedta eit program, viss sentralstyret eller stortingsgruppa berre kan kaste vekk det som blir vedteke før regjeringsforhandlingar har starta? Er Arbeidarpartiet ein medlemsorganisasjon der leiinga skal representera landsmøtet, eller er landsmøtet til for å gi legitimtet til ønskja til heiltidspolitikarane?

Denne mistilliten og usemja med eigne medlemmar har Arbeidarpartiet demonstrert fleire gonger. Då ACER skulle opp i Stortinget i 2018, kort tid etter det store valnederlaget i 2017, var over 100 Ap-ordførarar, fleire Ap-lokallag, eit fleirtal av fylkeslaga, tillitsvalde ved ulike bedrifter og store delar av LO, offentleg ute og åtvara sterkt mot å støtte ACER. Debattane i mitt eige fylkeslag var ikkje pene. Som sterk motstandar av ACER, blei eg og fleire andre satt i bås med Trump og Dei Konservative (Tories) i Storbritannia. Tenk at me ikkje såg viktigheita av internasjonalt og europeisk samarbeid! LO blei anklaga for å drive med skremselspropaganda: det stemte ikkje at straumprisane ville gå opp og arbeidsplasser bli satt i fare, fake news!

Er Arbeidarpartiet ein medlemsorganisasjon der leiinga skal representera landsmøtet, eller er landsmøtet til for å gi legitimtet til ønskja til heiltidspolitikarane?

Som vanleg drog partileiinga rundt i fylka og prøvde å overtyde årsmøta om deira eiga overtyding: dei åtvara partiet mot å seie nei til ACER. Eit heilt legitimt standpunkt å ha, men eit tydeleg signal om at leiinga var i utakt med store deler av eigen medlemsmasse, i ei slik grad at grasrota vart bekymra. Partidemokratiet fekk nok eit slag for baugen då leiinga, trass åtvaringane, tok saka opp for diskusjon og røysting i Stortingsgruppa før alle fylkeslaga i partiet hadde hatt årsmøter. Enda på visa vart at fleirtalet av fylkeslaga til Ap sa nei til ACER, noko som kunne ha skifta resultatet i stortingsgruppa og slik samla ein raudgrøn front mot regjeringa.

Etter voteringa i stortingsgruppa insisterte fleire stortingsrepresentantar og leiinga på at saka var blitt behandla demokratisk og rettferdig. På målingar i dag, akkurat som i 2001, har Arbeidarpartiet låg oppslutning blant LO-medlemmar. Så seint som denne vinteren ville berre 3 av 10 røyste Ap, og 40% av medlemmane til LO ville kaste Støre. I raude Ap-bastionar som Sauda avlyste LO på eit punkt invitasjonen til Hadia Tajik om å halde 1. mai-tale, til stor frustrasjon og sinne frå fleire i partiet. I Sauda har Senterpartiet no hatt reint fleirtal sidan 2015.

Per i dag ser det óg ut til at fagrørsla langt på veg hadde heilt rett i åtvaringane deira om ACER: i januar 2021 hadde me dei høgaste straumprisane som nokon gong er registrert. Me kan ikkje bygga og halde oppe industri i Noreg utan straum, kvifor går det gamle industripartiet Ap med på å prioritere sal av kraft til Europa heller enn industribygging i Noreg?

Det interessante med ACER-saka er at han er ein av få politiske konfliktar som har vore i Arbeidarpartiet etter valnederlaget, der det meste anna har handla om reine personkonfliktar mellom og i kretsar rundt Trond Giske, Hadia Tajik og Støre.

Desse døma illustrerer det som lenge har vore det konfliktfylte forholdet mellom Arbeidarpartiet og fagrørsla. Partiorganisasjonen har ei forventing om at LO skal støtte opp om Arbeidarpartiet, men Arbeidarpartiet kjenner seg sjelden forplikta til å støtte det LO meiner fordi det er LO som meiner det.

Framsida av Røyst #16: Val

Eg veit ikkje kor mange gonger eg har opplevd både stortingsrepresentantar og andre tillitsvalde argumentera med at Ap ikkje er eit utheng til LO, men ein sjølvstendig organisasjon som kan vedta den politikken dei vil. Ganske historielaus meining å ha, spør du meg.

 

Når LO då svarer med å til dømes avlyse 1. mai-invitasjonen til Hadia Tajik, set det likevel sinnene i kok i Arbeidarpartiet.

Det ser ut til at det lenge har hjulpe å gi plaster på såra Arbeidarpartiet laga i fagrørsla, men sår kan gi arr. Me kjenner alle til soga om Stoltenberg I, som innførte vikarbyrådirektivet og delprivatisering av Statoil, til stort sinne blant grasrota. Men heller ikkje i Stoltenberg II var alt enkelt: det var den rødgrønne regjeringa som forsøkte å få fleirtal for postdirektivet me irriterer oss blå av i dag, og samme regjering sørga for nedlegginga av allereie nemnte Tofte industripark. Igjen: Det er langt frå Arbeidarpartiets historiske misjon til denne politikken. Heldigvis nådde ikkje leiinga i Arbeidarpartiet fram med postdirektivet den gong, mykje takka vere den torande talen til Tore Eikeland på landsmøtet i 2011 og iherdig innsats frå LO, som forresten er eksemplarisk skildra i Vigdis Hjorth-romanen Leve Posthornet!.

Det er ganske utruleg kor i klinsj Arbeidarpartiet kan vere med fagrørsla: tidvis står LO som harde opponentar og konkurrentar mot sentralstyreleiinga. Samtidig meiner Arbeidarpartiet altså at dei er den udiskutable garantisten for interessene deira, noko som kort og godt er eit paradoks. Ei skildring av dette kan ein mellom anna finne i Røyst #15: Stoltenberg II.

Det er stadig mindre grasrot igjen i Arbeidarpartiet.

På eit punkt blir nok faktisk nok, og fagrørsla finn parti som betre representerer dei eller at andre parti lærer seg å appellere til LO-medlemmar. Som svar på aukande konflikt med fagrørsla har Arbeidarpartiet virka meir interessert i å flørta med MDG, og inviterer eit parti det – kanskje med rette – er skepsis mot i fagrørsla, inn i varmen. Det ser ikkje ut til å bry Arbeidarpartiet, eller AUF for den saks skyld, at Fellesforbundet i 2019 fleire gonger sa dei ikkje hadde tillit til energipolitisk talsperson Espen Barth Eide.

Og medan eg er inne på dette med kven partiet representerer, er det ingen som reagerer på at leiaren for nominasjonskomiteen i Oslo Arbeidarparti for 2021-valet var leiar for ei NHO-foreining? Er det ingen som synest det er rart at Eskil Pedersen var leiar i eit AUF som ville ha kraftige reguleringar på kredittkortbransjen og motarbeide gjeldssamfunnet, men no jobbar i Santander Consumer Bank? Slike ting må ikkje nødvendigvis vere eit problem. Rikingen og borgarskapsbarnet Olof Palme er ein av dei store sosialdemokratiske statsleiarane i verdshistoria. Det bidreg likevel samla sett ikkje til å styrke truverda til eit arbeidarparti som allereie slit med å mobilisere dei tradisjonelle veljarane deira. Hugsar Arbeidarpartiet kva økonomiske interesser dei historisk representerer?

Det er stadig mindre grasrot igjen i Arbeidarpartiet. Partiapparatet liknar no meir på ei rot for ein sjeldan vekst som skal vise seg fram blant alt graset.

Internasjonal arbeidarrørsle – eller?

Medan eg var aktiv i AUF kom Jeremy Corbyn til makta i Labour og Bernie Sanders stilte til val for Demokratane mot Hillary Clinton. I store delar av Arbeidarpartiet og AUF var mottakinga av både Corbyn og Sanders lunka. Fleire sentrale folk i Arbeidarpartiet gjekk i ein kronikk ut og støtta Hillary Clinton og meinte Sanders-tilhengjarar eigentleg berre var skjulte sexistar. I tillegg gjekk noverandre leiar (dåverande nestleiar) i AUF, Astrid Willa Eide Hoem, på debatten i NRK og uttrykte støtte til Hillary Clinton. Argumentasjonen var at det var på tide at USA fekk ein kvinneleg president, og ho meinte samstundes at Bernie Sanders ikkje hadde gjort samme suksessen om han hadde vore kvinne.

Kvifor hadde ikkje norske sosialdemokratar tru på sosialdemokratisk politikk i USA, eller i det minste eit uttrykt ønske om at Sanders skulle lukkast?

Eg trur svært få er usamde i at det er snodig og svært talande for høva i USA at dei framleis ikkje har hatt kvinneleg president eller visepresident før no. Eg vil heller ikkje på nokon måte underkjenne dei openberre sexistiske åtaka Hillary Clinton er blitt utsatt for, og det er heilt sjølvsagt at kvinner har eit vanskelegare politisk liv enn menn. Likevel er det openbert feil at Sanders berre gjorde suksess fordi han var mann. Sjølv om desse meiningane blei uttrykte før «The Squad» med Alexandria Ocasio-Cortez i spissen  vart valt inn i kongressen, har det ikkje virka som eit problem at desse råtøffe damene vann både val og overtydande attval på ein sosialdemokratisk plattform som kvinner med minoritetsbakgrunn.

Legg til at Bernie Sanders først prøvde å få den progressive og radikale Elisabeth Warren til å stille som kandidat istadenfor han sjølv, og ein sit igjen med eit bilete om at det rett og slett ikkje var sexisme som mogleggjorde Bernie Sanders sin kampanje, men den sosialdemokratiske politikken han gjekk til val på. Kvifor hadde ikkje norske sosialdemokratar tru på sosialdemokratisk politikk i USA, eller i det minste eit uttrykt ønske om at Sanders skulle lukkast?

Det var kort og godt absurd å høyre fleire i AUF og Arbeidarpartiet stå og argumentere for ein kandidat som var ihuga Israel-venn og røysta for invasjonen av Irak. Kanskje endå rarere var det at ein sjølverklært sosialdemokrat, som gjekk til val på saker som etableringa av eit offentleg helsevesen, kutt i studentgjeld, auka minsteløn, styrka fagrørsle, eit åtak på eit heilt tydeleg korrupt, dysfunksjonelt og undertrykkande politisk system, ikkje var å føretrekke over ein høgreliberal hauk som har brukt ein stor del av karriera si på å motarbeide nettopp slike forslag. Eg forstår ikkje korleis det kan vere feminisme å røyste på ei kvinne som i fleire viktige saker meiner like ille ting som mennene ho stiller mot – sjølv om eg er samd i at symbolar kan vere viktig.

Kvar var solidariteten med det amerikanske folket som lir under eit konservativt og ekstremkapitalistisk samfunn, og som ønskja seg ein kandidat som kunne gi dei ein liten smak av det velferdssamfunnet Arbeidarpartiet er så stolte av å seie dei bygga her i Noreg? Kvar er støtta til systemkritikken som Arbeidarpartiet historisk dreiv med? Kvar var omfamninga av internasjonal arbeidarrørsle?

Kvar er støtta til systemkritikken som Arbeidarpartiet historisk dreiv med? Kvar var omfamninga av internasjonal arbeidarrørsle?

Det er same forteljinga om Jeremy Corbyn og Labour i Storbritannia. «Han kan ikkje vinne val. Han er for radikal. Ingen likar Corbyn.» Dette er berre noko av det eg høyrde fleire i organisasjonen uttale i det uendelege. Sjølv ikkje etter at Labour gjekk frå 26 til 40 prosent på to veker ved valet i 2017, var det særleg mykje entusiasme å hente. Støre meinte i eit intervju med Klassekampen at politikken Labour sto for under Corbyn allereie var mainstream politikk i Noreg: «Hvis du ser på Labours manifest til valet, så vil det med norske øyne være et ganske sentrumsbasert manifest. Det forteller litt om utviklingen det britiske samfunnet har hatt, i retning av privatisering og svekking av felles velferdstjenester. Deres forslag handler om å utvide et rom som er skrenket veldig inn.» LO-strateg Wegard Harsvik argumenterte også på en lignende måte i Agenda Magasin.

Eg er ikkje usamd med Støre eller Harsvik i at Storbritannia er betrakteleg meir høgrevridd enn Noreg, men han nemnte ikkje at det var Tony Blair og New Labour, som inspirerte politikken i den første regjeringa Stoltenberg og Støre begge satt i, som har stått for mykje av denne utviklinga. Dersom Labour sitt manifest var sentrumsorientert i norsk samanheng lurer eg på kvifor ikkje Arbeidarpartiet tør å gå til val på noko som likna meir på det Labour gjekk til val på: Gratis fibernett til alle, statleg oppkjøp i bedrifter for å gje arbeidarane aksjeandeler, 34-timars arbeidsveke, grønn ny deal (det er først nyleg Ap har omfamna denne politikken), storstilt nasjonalisering av infrastruktur og velferdstenester.

Det er tydeleg at leiinga i Arbeidarpartiet heller ville tilpasse politikken sin for å sitte i regjering med borgarlege KrF. Raudt, som allereie i 2017 gjorde suksess med å snakke om Einar Gerhardsen, var for radikalt, og LO og ACER-motstandarane måtte slutte med Trump og Brexit-tendensane deira og berre finne seg i å røyste på meiningsmotstandarane i Arbeidarpartiet likevel. Labour var sentrumsorientert, men særleg mykje av politikken ville ikkje Arbeidarpartiet omfamna. Kvar står då Arbeidarpartiet politisk?

Hovudaspektet som kjem fram i diskusjonen rundt både Sanders og Corbyn er korleis og av kven politikken blir utforma og fremja, ikkje berre kva forslag som blir foreslått. Rørslene rundt desse to personane klarte å inspirere og mobilisere hundretusenvis av nye aktivistar i Demokratane og Labour. Og det til og med i to av dei landa i den vestlege verda der nyliberalismen står sterkast og fagrørsla ligg med brekt rygg. Ein burde ikkje trenge å seie det, men det er slike masserørsler som bygga det meste av politiske og økonomiske goder mange i dag ser ut til å ta for gitt. Arbeidarpartiet ser ut til å ha gløymt at maktposisjonen deira er bygga på akkurat dette. Eit slikt engasjement tufta på ein tydeleg venstrepolitikk er, mot alle odds, blitt mogleg i USA og Storbritannia. Det burde gi oss håp for kva som er mogleg i Noreg. Den kalde skulderen og dei til tider arrogante og hånlege haldningane som fleire har vist mot slik grasrotmobilisering, er for meg forbausende. Det seier mykje om kva parti Ap har blitt.

Kvar står då Arbeidarpartiet politisk?

Eg nemner døma Clinton og Corbyn fordi eg synest det gir eit godt innblikk i korleis mange i Arbeidarpartiet tydelegvis tenker: radikal politikk vinn ikkje val, endå det nettopp var ein venstreprofil Arbeidarpartiet gjorde comeback med ved valet i 2005. Det var radikal politikk som gjorde Sanders til ein fullstendig realistisk presidentkandidat, og som gjorde at Labour løfta seg i oppslutnad for første gong sidan 1997. Eg har lenge lurt på kva dei som sa og meinte alle desse tinga om Sanders og Corbyn tenkjer no.

Michael Moore, i filmen Fahrenheit 11/9 (ikkje den Gullpalme-vinnande Fahrenheit 9/11) og Wikileaks har vist oss at Clinton og leiinga i Demokratane juksa for å få Hillary valt som kandidat – med Trump som resultat: Sjølv i statar der Bernie Sanders vann alle valdistrikta, fekk Hillary flest mandat på partikongressen, og ho fekk spørsmål til debattane utdelt i forkant. Som omtalt på nettstadene til Røyst, veit me frå ein intern partirapport at Corbyn vart utsatt for ein svertekampanje utan like av ein maktelite i eige parti som heller ville sjå Toryane enn Corbyn ved makta. For dei som faktisk gadd å lytte og følge dekninga av Corbyn og Labour, var dette tydeleg frå første dag.

Sosialdemokratiet har eit ansvar

Arbeidarpartiet har tapt veljarar en masse til «populistane» i SP, «kommunistane» i Raudt, «raudvinssosialistane» i SV og «veggispartiet» MDG, som dei heller ikkje ser ut til å hente tilbake i stor grad. Samstundes har sosialdemokratane gjort brakval i Portugal etter ein periode med samarbeid med kommunistpartiet og sosialistpartiet. Sosialdemokratane og venstresida i Danmark står fjellstøtt etter Mette Fredriksen tok eit gigantisk oppgjør med Helle Thorning-Schmidt og høgredreiinga til Sosialdemokratiet, vel å merke med ein uforsvarleg bismak i innvandringspolitikken. I Finland er sosialdemokratane forsiktig på veg over 20% igjen, etter elendege val på rundt 17–19%, og i full fart med å innføre 6-timarsdag. Arbeidarpartiet i Noreg fell samstundes som ein blokk bly, og veksler mellom å juble over at dei er større enn Senterpartiet eller større enn Høgre. Det alle søsterpartia til Ap har til felles, er at dei vinn oppslutnad på «populistiske» økonomiske og velferdspolitiske saker.

Skrekkeksempelet er derimot Sverige, der «sossarna» har gått så langt i samarbeidet med det svært nyliberale Centerpartiet, at politikken ikkje kan kallast venstrevridd lenger. Strategien med å halde Sverigedemokraterna borte frå makta ved å legge seg til høgre, har vist seg fullstendig mislukka: SD er nå blitt slepte inn i varmen av dei andre borgarlege partia, og desse partia ser no ut til å vinne valet i 2022. Me snakkar altså om at Sverigedemokraterna, eit parti med røter i nynazistiske rørsler og med høgst autoritære trekk, sjølv etter «modereringa» av partiet, blir det definerande partiet i svensk politikk. Med ny-fascistiske og autoritære parti i heilt open bloming, er det verkeleg tida for venstresida å skrike om moderasjon?

Ingen ny historie …

Det mest fascinerande med historia om Arbeidarpartiet under Støre, er at det som har skjedd dei siste åra slettes ikkje er noko ny historie i Arbeidarpartiet, eller norsk politikk forøvrig. Stoltenberg I gjennomførte meir høgrepolitikk på eitt år enn det Bondevik klarte i sine 7 år som statsminister, og i 2001 gjorde Arbeidarpartiet eit elendig val. Løysinga fram mot 2005 blei «Fagbevegelsen, fagbevegelsen, fagbevegelsen!» og eit raudgrønt regjeringsprosjekt saman med SV og SP. Eit på papiret svært venstrevridd regjeringsalternativ den gang. Arbeidarpartiet vann to val og styrka eigen oppslutnad når dei samla venstresida og fagrørsla i 2005 og 2009, men det krevde altså eit stort nederlag for å få høgre-sosialdemokraten Stoltenberg med på eit slikt prosjekt: det finst historiar i AUF om korleis Stoltenberg vart bua ned frå scena då han på sommarleiren til AUF i 2001 prøvde å selje inn eit regjeringssamarbeid med KrF. Høyrest ganske så kjent ut, ja.

Det vanskelege med situasjonen no, er for det første at Arbeidarpartiet gjer det endå dårlegare på meiningsmålingane enn i 2001, og at dei har gjort det dårleg over mykje lengre tid. I tillegg må me heller ikkje glemme at ein skuffa fagrørsle og tydelege innslag av det som i praksis har vore ein høgrevriding i partiet, har eksistert i ganske lang tid, slik Jan Balstad uttalte til Nettavisen. Det er heilt absurd at det er blitt uttrykt nostalgiske tankjar til tida under Jens Stoltenberg, som om Arbeidarpartiet var eit einmannsshow og ikkje ein politisk organisasjon som kan stå for reelle endringar i partikultur, rekrutteringsstrategi og politikk.

… men intet lært

Arbeidarpartiet har, trass fleire moglegheiter til å gjere det dei siste åra, og trass eit godt val i 2015, ikkje klart å spele rolla som eit arbeidarparti i opposisjon til den mest borgarlege og høgrevridde regjeringa me har hatt etter krigen. Då blir det rom for andre å plukke opp dei misnøgde, ikkje-borgarlege veljarane. Takk og lov har FrP sjølv deltatt i den no upopulære Solberg-regjeringa, og kan derfor ikkje sitte på utsida og spele misnøgd. Då blir det fritt fram for den radikale venstresida og Senterpartiet å fylle det politiske holrommet Arbeidarpartiet har laga.

Då blir det fritt fram for den radikale venstresida og Senterpartiet å fylle det politiske holrommet Arbeidarpartiet har laga.

Kva gjer så Arbeidarpartiet som svar til den politiske utviklinga? Jo, dei ber Senterpartiet avklare kva side dei skal samarbeide med i lokalvalet i 2019 – endå det ikkje sit langt inne for Arbeidarpartiet å gå til høgresida i fleire kommunar, særleg ikkje i Rogaland. Framleis høyrer eg folk i Arbeidarpartiet snakke om at Senterpartiet kan gå til Høgre om dei får statsministeren. Men kan Senterpartiet, som veks på opposisjon og motstand til regjeringa, gjere det? Kan Senterpartiet, som veks i tidlegare svært raude bastionar som Sauda, Trøndelag og Nord-Noreg, gjere det?

Støre opna for samarbeid med Raudt og MDG, men nytta landsmøtene deira i 2021 til å igjen lukke for samarbeid. Når Tore O. Sandvik, leiar i det ein trudde var det knallraude fylket Trøndelag, samstundes går ut og ønsker seg regjering med berre Ap og Sp, gir han folk som ønsker venstrepolitikk meir grunn til å røyste SV og Raudt, enn Ap. Mitt gratis råd til Sandvik og Arbeidarpartiet er å lytte meir til korleis dei radugrøne sikra makta i Stavanger i 2019, mellom anna skildra av Mimir Kristjánsson i Klassekampen og underteikna.

Tilbake til røttene

Arbeidarpartiet sitt store problem er at sosialdemokratiet står sterkt i Noreg, sjølv om Arbeidarpartiet gjer det dårleg. Det finst i dag ikkje lenger eitt sosialdemokratisk parti i Noreg. Arbeidarpartiet har sjølv eit ansvar for at det er blitt slik. Trygve Svensson i Tankesmien Agenda kallar Raudt sitt økonomiske opplegg for moderat og spør, med eit snev av humor og provokasjon vel å merke, om ikkje det no er plass til eit parti til venstre for Raudt.

Arbeidarpartiet har hatt fleire moglegheiter dei siste åra på å revitalisere seg sjølv og ta opp i seg tidsånda, som det er tydeleg ikkje har vore så annleis i Noreg som i andre vestlege land. Desse moglegheitene har partiet ikkje tatt, og konsekvensane heimsøker dei no. Eg håper Støre er – han bør iallefall vere – siste skanse av ein type politikar og representant for nyliberal styringsideologi i Arbeidarpartiet. Vel – om ein ser vekk ifrå at dei aller fleste i den nye generasjonen arbeidarpartipolitikarar alle vart aktive og politiske skolerte i Stoltenberg-tida. Om dei representerer eit politisk alternativ gjenstår å se. Både Bernie og Corbyn er å rekne som politiske broilerar med fleire tiår i politikken. Likevel klarte dei framstå som grasrotleiarar, folkerepresentantar og politiske innovatorar, ved å omfamne «gammaldags» sosialdemokratisk politikk og retorikk.

Slik eg kjenner kulturen og stemninga i Arbeidarpartiet, ser eg ikkje at det er leiarkandidatar eller noko særleg grasrotrørsle som står for endringar med grunnlag i politisk opposisjon i partiet. Det er iallefall ikkje eit generelt trekk ved partiet i dag, eller nokon større gruppering, sjølv om det heilt sikkert finst lokallag, mindre grupperingar eller enkeltpersonar som forsøker å stå for ein slik kurs. Eg vil likevel leggje til at AUF har gjort framifrå mobilisering i klimasaker og i ACER-saka. Eg vonar dei óg vil mobilisere i store velferds-, økonomiske og sosiale saker – også mot eiga regjering.

Der Labour på eit punkt klarte å foreine trotskister, miljørørsla, studentar, urbane radikalarar, fagforeiningar og distriktsarbeidarklassen i ein storkoalisjon, har Arbeidarpartiet heller bidrege til å styrke rekrutteringa til Senterpartiet, Raudt, SV og MDG, som eg vil påstå er dei som i Noreg rekrutterer desse gruppene. Kva veljarar er då igjen for Ap å rekruttere? Venstresida og Ap må nok venne seg til ein politisk realitet der partiet ikkje lenger er det leiande partiet alle andre må spele etter pipa til. Men fordi veljarane trekker seg til venstre gjennom fleire parti, trur eg dette kan vere starten på ei partimessig oppdelt, men totalt sett styrka venstreside som står for ny, radikal og samfunnsendrande politikk. Ein politikk som tar oss i ei heilt anna retning enn me har gått i dei siste tiåra. Det som ved første augekast virker som ei oppsplitting og kaos på venstresida i form av eit svakt Arbeidarparti, treng altså ikkje å vere eit problem for venstresida.

Det er ingen naturlov at Arbeidarpartiet skal vere største parti på venstresida.

Venstresida i Portugal og Danmark står støtt etter at sosialdemokratane har omfamna eit «gammaldags» sosialdemokrati. Raudt og SV profitterer på ein liknande profil om dagen. Sjølv Sp har i dag enkelte trekk ved seg som minner om eit tradisjonelt sosialdemokratisk parti. Uansett om dei får statsministeren eller ikkje til hausten, kan ikkje Arbeidarpartiet seie seg fornøgde med å kjempe med Høgre og Senterpartiet om å vere største parti. Sjølv om det har gått framover med Arbeidarpartiet per mai 2021, kan dei ikkje seie seg fornøgde med å ligge på 20-talet i oppslutnad. Om ikkje Arbeidarpartiet tør å bli eit endringsparti framfor eit styringsparti, vil ikkje partiet bygge opp att eksistensgrunnlaget sitt. Då vil me ut over 2020-talet sjå Arbeidarpartiet bli politisk utraderte, slik som søsterpartia i Hellas (rundt 5 %), Frankrike (6.35 %) og Tyskland (15 %). Utan å seie så mykje meir, er det heilt klart at det vil få katastrofale følger og gi ei politisk utvikling som er direkte farleg.

Kvar vil Arbeidarpartiet?

Det er ingen naturlov at Arbeidarpartiet skal vere største parti på venstresida. Ei partisplitta venstreside etter valet i haust kan bli starten på ei revitalisert og sjølvsikker venstreside med handlekraft og reformvilje. Om målingane per i dag slår til, er det lenge sidan dei raudgrøne partia har hatt eit så overtydande og sterkt mandat. Det i seg sjølv er først og fremst ein stor moglegheit, trass i at røystene fordeler seg over fleire parti og venstresida på papiret er fragmentert.

Diverre er eit mogleg skrekkscenario ei regjering med Arbeidarpartiet og Senterpartiet i mindretal – eller fleirtal – som finn løysingar til høgre for seg sjølve. Det vil vere katastrofalt for legitimiteten til eit venstrepolitisk prosjekt, og med det for Noreg. Om Arbeidarpartiet ønsker ei relevant framtid som maktparti, må dei omfamne radikal politikk og rekruttere politikarar forankra i folke- og arbeidarrørlser igjen. Eg håpar Arbeidarpartiet vil vere med på det – for det er slettes ingen naturlov at sosialdemokratiet og venstresida vil stå sterkt i all framtid her til lands heller. Alternativa vil vere mykje, mykje verre.

 

Denne teksten er hentet fra Tidsskriftet Røyst #16: Val