FOTO: Alyssia Wilson/Unsplash

To vegar til ein berekraftig planet

Dei siste par åra har det komme ut to bøker internasjonalt som har fått overraskande lite merksemd i norsk klimadebatt. Det er to vegprosjekt som bygger på svært ulike kart over terrenget.

Den første kom i 2022: Earth for All. A Survival guide for Humanity. Det er ein oppfølgjar av den såkalla Romaklubbens rapport fra 1972, Limits to Growth, og med professor Jørgen Randers som leiande forfattar av begge.

Den andre boka har tittelen Not the End of the World. How we can be the first generation to build a sustainable world. Denne er skriven av Hannah Ritchie som er seniorforskar i Programme for Global Development ved Oxford og forskingssjef ved det den anerkjende databasen Our World in Data.

Boka Limits to Growth blei publisert med brask og bram i 1972 og spreidd i millionopplag over heile verda. Boka markerte starten på den ny-malthusianismen som har vore den dominerande forteljinga av kva miljøkampen har dreia seg om dei siste 50 åra. Den økonomiske veksten og vårt menneskelege forbruk var i ferd med å sprenge grensene for kva planeten og naturen kunne tole, blei det hevda.

Prosjektet bak boka var eit pionerprosjekt i å ta i bruk det som da var avansert datateknologi og matematiske modellar for å produsere scenario for global utvikling. Det teikna eit dystert bilde der fortsatt økonomisk vekst og folkeauke ville gjere slutt på råvarer (mellom anna oljen), skape ustyrlege avfallsproblem, få industrien til å bryte saman og matproduksjonen i verda til å kollapse.

Det er likevel mogleg å vende skuta og redde verda.

For å vise veg fekk dåverande president Jimmy Carter montert solceller på taket på Det kvite hus i 1979. Ikkje for å redde klimaet, men for å demonstrere kor viktig det ville vere å utvikle fornybar energi etter som oljen snart ville ta slutt.

 

Det nye prosjektet, og den nye boka, held fast på undergangsscenarioet med litt justering, men er kanskje enda meir alarmistisk enn den første boka. Faren for dramatiske og irreversible vippepunkt er akutt, blir det hevda. Regnskogen i Amazonas forsvinn raskt, isen i Antarktis er i ferd med å bryte saman, i Sibir og Canada smeltar permafrosten, osv.

Slike vippepunkt er ikkje noko som kan skje seinare i dette hundreåret, men er ein akutt fare på kort sikt. Vi er i ein «planetarisk naudsituasjon». Kloden kan liknast med ein Titanic som er 60 sekundar fra å brase inn i isfjellet, og vi har berre seksti sekundar på oss for å unngå kollisjonen (s. 16).

Det er likevel mogleg å vende skuta og redde verda, ifølgje forfattarane. Mens Limits to Growth skisserte ei uavvendeleg utvikling mot undergangen dersom verda ikkje fekk stoppa den industrielle utviklinga og folketalsveksten, har dette nye prosjektet også tatt på seg å kvantifisere grensene for kva planeten kan tole, for så å skissere ein strategi for at kloden kan halde seg innafor desse grensene. Prosjektet har fått namnet Earth4All, litt meir fancy enn boktittelen Earth for All.

Jørgen Randers. Foto: Susanna Junnola/Wikipedia

Her står framleis Romaklubben bak, men nå saman med Stockholm Resilience Centre og eit forskarnettverk som kallar seg Earth Commission, med den svenske miljøguruen Johan Rockström som ein leiande figur, saman med Jørgen Randers og ei rad andre forskarar.

Resultatet vil bli ille, og leie til at alle naturens tolegrenser blir overskridne.

Alt i 2009 publiserte Johan Rockström saman med fleire andre artikkelen A safe operating space for humanity. Her meiner dei å kunne bestemme dei «trygge» grensene for kva kloden kan tole. Det er dette konseptet forskingsprogrammet Earth4All har tatt med seg og bygd vidare på. Her opererer dei med ni planetariske grenser og hevdar at kloden alt har overskride fem av dei. Oppgåva nå er å bringe verda tilbake til under det som forskarane bak prosjektet kallar det «økologiske taket».

Kloden må styrast tilbake fra Antropocen til Holocen. Holocen er den epoken i geologisk historie som gjennom dei 12000 åra etter siste istid har halde planeten i «stabilt sideleie», som Rockstrøm formulerte det i ein anna samanheng. Holocen, sa Rockstöm i eit radioprogram i 2015, er «planetens paradis, vår Edens lustgård». Tilbake dit er det denne boka tar på seg å vise vegen.

Earth4All er ein numerisk datamodell for å produsere framtidsscenario gitt ulike føresetnader og «input». I boka beskriv dei resultatet av to slike computer-genererte scenario. Begge skal beskrive moglege framtider. For lite for seint (Too little too late) forutset at samfunnet handterer framtidige utfordringar på same måte som tidlegare gjennom inkrementelle tiltak og bit-for-bit politikk.

Fattigdom skal avskaffast ved mellom anna å endre heile dei globale økonomiske systemet.

Resultatet vil bli ille, og leie til at alle naturens tolegrenser blir overskridne. Gigantisk hopp (Giant Leap) forutset at samfunnet innser den naudsituasjonen som verda er i og straks set i gang dramatiske og samordna ekstraordinære tiltak på fem område: Fattigdom, ulikskap, styrking av kvinners stilling, matforsyning og energi.

Dersom dette kan gjennomførst raskt og effektivt nok, kan planeten halde seg innafor dei tolegrensene som forskarteamet har sett opp. Der tolegrensene alt er overskridne, kan utviklinga gjennom ulike former for nedvekst vendast tilbake. Men i motsetnad til ein del nedvekst-forkjemparar avviser ikkje denne boka all form for økonomisk vekst. Veksten må likevel styrast inn mot nyttig aktivitet og haldast innafor «tolegrensene».

Boka tar for seg dei fem områda kapittel for kapittel og beskriv kva som må gjerast. Det heilt grunnleggande er at heile det globale økonomiske og institusjonelle systemet må transformerast. Mat og andre tenester skal i større grad produserast lokalt. Jordbruket skal bli «generativt» og mest mogleg lokalt. På den måten blir det også mindre behov for transport og klimautslepp.

Men dersom ikkje verda lykkast med denne transformasjonen, ser det mørkt ut.

Fattigdom skal avskaffast ved mellom anna å endre heile dei globale økonomiske systemet. Fattige land skal få vekse, men innafor planetens tolegrense. Det internasjonale handelssystemet må leggast om. Opprettinga av eit globalt «Citizen Fund» skal bidra til å jamne ut sosiale og økonomiske forskjellar i verda.

Boka er meir optimistisk når det gjeld energi. Forskarane registrerer at veksten i fornybar energi nå skjer eksponentielt. Samtidig peikar dei på at med dei forslaga dei legg opp til, vil energibehovet gå ned: “Samanbrotet av karbonintensive industriar innan energi, transport og mat vil avslutte det store behovet for global logistikk og transport, frigjere milliardar av hektar med land, la hava regenerere seg og eliminere luftforureining.”

Men dersom ikkje verda lykkast med denne transformasjonen, ser det mørkt ut. Det er sivilisasjonens overleving i møtet med klimaendringane som står på spel. (s. 144)

Hannah Ritchie. Foto: Ryan Lash / TED

Det kapittelet vi saknar i boka, er kapittelet som beskriv korleis alt dette skal kunne gjennomførst raskt og effektivt, korleis verda skal få «a new economic operating system» i løpet av den korte tida vi angiveleg har på oss før Titanic brasar inn i isfjellet. Men vi får nokre hint. Forskargruppa har fått gjennomført ei meiningsmåling.

Tvert om var til dømes ekstrem fattigdom, hungersnød og tidleg barnedød på veg ned.

Ifølgje forfattarane viser resultata «overveldande folkeleg støtte for at avgjerdstakarar gjennomfører økonomiske systemendringar som er nødvendige for å bygge ei naturvennleg, null-utslepp og likeverdig framtid for alle.» (s. 25) Men dei peikar likevel på eit ikkje uvesentleg vilkår: Alle må bli med: «politikarar til høgre og venstre, dei i sentrum og dei grøne, nasjonalistar og globalistar sjefar og arbeidarar, næringsliv og samfunn, veljarar og politikarar, lærarar og studentar, opprørarar og tradisjonalistar, besteforeldre og tenåringar.» (s. 9)

Earth for All er ein scenariobasert modellstudie av kva planeten kan tole, og med ei dramatisk skildring av kva for total transformasjon verda må gå gjennom for å redde oss fra sivilisasjonens samanbrot. Hannah Ritchies bok indikerer alt i tittelen eit heilt anna perspektiv. Vi står ikkje framfor verdas undergang: Det er Not the End of the World. Media og mykje av den offentlege debatten har skapt eit skremmebilde av situasjonen for kloden som det ikkje er grunnlag for, hevdar Ritchie.

Ho viser til korleis den svenske legen og statistikaren Hans Rosling synte at førestillinga om at dei sosiale problema i verda berre blei verre, var feil, og at bildet av ei verd med aukande fattigdom og meir svolt og underernæring i grunnen var eit medieskapt fenomen. Tvert om var til dømes ekstrem fattigdom, hungersnød og tidleg barnedød på veg ned.

Mange miljøaktivistar aksepterer dette, men dei hevdar at det har hatt som pris at miljøet er øydelagt og at naturens tolegrenser er i ferd med å bli overskridne, slik Earth for All hevdar.

Verda kan produsere nok mat til å brødfø dobbelt så mange menneske som i dag.

Hannah Ritchie tar på seg å vise det same for naturen som Rosling gjorde for samfunnet: Vise at det medieskapte bildet av tilstanden på jorda ikkje stemmer med fakta og lett tilgjengelege data. Ho tar for seg sju område: Luftforureiningar, klimaproblemet, avskoging, matproduksjon, biologisk mangfald og plastforureiningane i havet. La oss sjå på nokre, kanskje overraskande, fakta:

Luftforureiningane er eit stort problem. WHO reknar med at ca. 7 millionar menneske kvart år døyr som resultat av luftforureiningar. Men utviklinga er positiv. Mens det globalt var 156 døde per 100 000 i 1990, er dette talet redusert til 86 i 2019. Dei aller største problema finn vi i Kina og India, men her er også utviklinga positiv: i Kina fra 280 til 106, og i India fra 280 til 164.

Problemet heng nøye saman med klimaproblemet. I begge tilfelle er det delvis eit spørsmål om utsleppsfri energi: utfasing av kolkraft, overgang til utsleppsfrie bilar, elektrifisering av oppvarming og matlaging i den tredje verda, osv. Trass i stendig nye lovnader fra verdas leiarar om at klimautsleppa skal ned, har dei halde fram med å vekse.

Men det er teikn på at utviklinga er i ferd med å snu. Det er først og fremst i fattige og framveksande økonomiar at utsleppa går opp. I rike land ser vi nå nedgang, sjølv om det går for seint. Men omstillinga til fossilfri energi har skote fart, også i dei delane av verda med høgst utslepp, slik også World for All peikar på.

Eit viktig vilkår for å ta vare på det biologiske mangfaldet, er at vi tar vare på skogen.

Det er heller ikkje sant at verda står overfor ei matkrise og vil vere ute av stand til å brødfør dei kanskje ti milliardane menneske som vil finnast på kloden ved neste hundreårsskifte. Direkte hungersnaud er eit langt mindre problem enn for nokre ti-år tilbake trass i at folketalet på jorda aukar. Også i dag lir mange millionar menneske av svolt og underernæring, men det er ikkje fordi det ikkje finst nok mat. Det er eit krigs- og fordelingsproblem.

Verda kan produsere nok mat til å brødfø dobbelt så mange menneske som i dag. Stikkordet er nye planteslag som gir langt større avkasting per dekar og utvikling av kunstgjødsel. I dag kan verda produsere langt meir mat enn nokon gong på eit langt mindre areal.

Utan moderne kunstgjødsel, ville verda kunne brødfør berre halvparten så mange menneske som i dag. Skulle vi prøve å fø dagens åtte milliardar menneske med organisk landbruk, ville det krevjast langt meir landbruksareal enn det som faktisk finst på kloden. Samtidig ville det meste av verdas skogar gå med, og med dei konsekvensane det i sin tur ville ha for de biologiske mangfaldet.

Det er for tidleg å hevde at vi står framfor ei sjette masseutrydding av livet på jorda.

Dermed er vi ved det biologiske mangfaldet. Eit viktig vilkår for å ta vare på det biologiske mangfaldet, er at vi tar vare på skogen. Og takk vere utviklinga av landbruket til å bli meir produktivt og dermed legge beslag på mindre areal, veks dei skogkledde områda i verda. Kloden har aldri vore grønare etter den industrielle revolusjonen.

Ritchie skriv likevel at problema knytte til det biologiske mangfaldet kanskje er dei vanskelegaste. Ser ein på fakta, blir likevel bildet meir nyansert enn det debatten gjerne gir inntrykk av. Nesten halvparten av alle artar pattedyr viser auke, litt over 40 prosent nedgang og ca. 10 prosent inga endring. Det same gjeld for insekt.

Det er for tidleg å hevde at vi står framfor ei sjette masseutrydding av livet på jorda. Det er dessutan teikn til at prosessen på nokre område kan vere i ferd med å snu.

Bestanden av ei lang rad ville dyr i Europa er i framgang. Får vi redusert klimautsleppa, begrensa jordbruksarealet gjennom fortsett effektivisering av jordbruket, redusert kjøttkonsum osv., vil det også tene det biologiske mangfaldet.

Korleis står det så til med fiskeressursane? Fram til ca. 1995 hadde mengda av fisk som blir fanga globalt gått opp jamt og trutt. Etter det har kurva flata ut på ca. 100 millionar tonn kvart år. Ikkje alt dette skjer på ein berekraftig måte, men over 80 prosent av alt fiske i verda i dag skjer likevel berekraftig. Samtidig aukar fiskekonsumet dramatisk. Forklaringa er ein nærmast eksplosjonsarta vekst i fiskeoppdrett. I dag blir det konsumert meir oppdrettsfisk enn villfanga fisk på verdsbasis.

Takk vere denne utviklinga, kan ei veksande verdsbefolkning halde fram med å ete meir fisk (og mindre kjøt), samtidig som enda betre regulering av fisket, vil vere med å sikre det biologiske mangfaldet i havet.

Difor er det viktig at dei fattigare delane av verda får ta del i veksten, og dermed held fram utviklinga mot reduksjon av fattigdom og handtering klima- og miljøproblema.

Det minst problematiske av dei sju miljøproblema som Ritchie behandlar i boka, hevdar ho er plastforureininga i havet. Som mange andre forureiningsproblem av denne typen er plastproblemet lett synleg. Men det er eit renovasjonsproblem som har relativt enkle teknologiske løysingar. I den rike delen av verda har ein komme langt med å handtere problemet, sjølv om vi også her finn plast langs strendene. Det har blitt løyst på same måten som vi langt på veg har løyst luftforureiningsproblemet.

Til liks med luftforureiningane, er plastureiningsproblemet i dag først og fremst eit u-landsproblem. Det vil langt på veg seie at nøkkelen til å få bukt med problemet, er økonomisk utvikling. Med økonomisk vekst og utvikling følgjer også kapasitet og overskot til bygge ut infrastruktur som kloakkreinseanlegg, søppelhandtering og renovasjon.

Den viktigaste bodskapen i Ritchies bok er at dersom vi skal få bukt med dei miljø- og klimaproblema som verda står overfor, er vi avhengige av at den globale økonomiske veksten halde fram og at vi veit å ta i bruk og utvikle vidare den teknologien som denne veksten skaper. Det er dei rike landa som har komme lengst i å ta vare på naturen, bygge ut renovasjon, gjenvinning og miljøtiltak for å få kontroll med forureingane.

Det er fordi ei rikare verd har ressursar til å redde folk og redusere skadane ved naturkatastrofar.

Difor er det viktig at dei fattigare delane av verda får ta del i veksten, og dermed held fram utviklinga mot reduksjon av fattigdom og handtering klima- og miljøproblema. På same måte som Hans Rosling viste at det er den økonomiske veksten i verda som har løfta hundretals millionar menneske ut av ekstrem fattigdom, fått spedbarnsdød ned til eit minimum og gitt verdas kvinner betre kår og ei lysare framtid, hevdar Hannah Ritchie at det er fortsett økonomisk vekst som kan redde naturen og for første gong i menneskas historie skape ein berekraftig planet.

Noko av det mest interessante i Ritchies bok, er at ho avviser påstanden om at det er umogleg å frikople økonomisk vekst fra auka CO2-utslepp. Ho dokumenterer korleis land for land i den rike og utvikla delen av verda har hatt jamn og sikker økonomisk vekst fra 1990 og fram til i dag samtidig som CO2-utslappa har gått ned (rett nok ikkje så raskt som politikarane har sett seg som mål). Og dette er ikkje fordi forureinande industri er flytta til u-land.

Ho viser også ein anna (og samanhengande) trend som sjeldan får merksemd i dagen klimadebatt. Sjølv om dei samla globale utsleppa fram til nå har gått opp, har utsleppa per person gått ned. Vi er blitt meir energieffektive. Det faktum at verda er blitt rikare, har rett nok ført til auka utslepp av klimagassar, men klimaendringane har ikkje ført til at fleire omkjem i naturkatastrofar, slik mange får inntrykk av fra media. Tvert om. Langt færre døyr i dag i naturkatastrofar enn tidlegare.

Det er fordi ei rikare verd har ressursar til å redde folk og redusere skadane ved naturkatastrofar. Sølv om vi framleis har problem med å få kontroll over klimaproblema, har den økonomiske veksten, og det faktum at verda har blitt mykje rikare, sett oss betre i stand til å handtere verknadene av klimaendringane.

Ein kan spørje seg kvifor den offentlege miljø-og klimadebatten så sjeldan gir rom for møteplassar der desse perspektiva kunne prøvast mot kvarandre i open debatt.

Ritchie avviser også at det skulle vere mogleg å kombinere nedvekst med meir rettferdig fordeling av veksten til alle. Dersom det hadde vore politisk mogleg å løfte alle verdas folk ut av fattigdom med ei inntektsfordeling som i Danmark, ville det krevje ei firedobling av verdsøkonomien, har ho rekna ut. Så kan ein tenke seg korleis det ville bli kombinert med nedvekst. Resultatet ville bli at alle blei fattige.

Stilt saman illustrerer desse to bøkene diametralt motsette syn på kva som kan vere ein farbar veg ut av dei miljø- og klimaproblema som verda står overfor. Earth for All sitt overordna ny-malthusianske perspektiv er ein klode med begrensa ressursar, der utfordringa er å styre verda innafor planetens tolegrenser. Vi må styre samfunnet tilbake til ein økonomi med mindre ressursbruk og begrensa økonomisk aktivitet og vekst. Ritchie nemner ikkje naturens tolegrenser.

Tvert om ligg det i hennar framstilling at fortsatt økonomisk vekst og teknologisk utvikling er eit vilkår for å skape eit berekraftig samfunn der naturen blir tatt vare på. Sett på spissen er det ny-malthusianisme mot økologisk modernisering. Ein kan spørje seg kvifor den offentlege miljø-og klimadebatten så sjeldan gir rom for møteplassar der desse perspektiva kunne prøvast mot kvarandre i open debatt. Ein slik debatt burde meir enn desse to bøkene gjer, også problematisere kva som skal til for politisk å realisere den utviklinga dei skisserer.