FOTO: Chris Boland / www.chrisboland.com

Tyrkia treng meir forvirring og mindre orden

– Det er behov for eit internasjonalt søsterskap, for kvinner taper mest på avdemokratisering, seier Elif Safak. Ho er bekymra for Tyrkia.

Forfattaren, som er blant Tyrkias mest kjende, er svært opptatt av utviklinga i Tyrkia, og særskilt kva det har å seie for kvinners rettigheiter. Landet har fått mykje uønskja merksemd dei siste åra, og er på veg vekk frå demokratiet. President Recep Erdogan har lukkast i å samle meir makt på sine hender, spesielt etter den knappe avrøystinga i april.

Det er alltid ein kollektivistisk dualitet i Tyrkia, alltid «oss mot dei».

Korleis kan eit land som har så mange val, vere på veg vekk frå demokratiet? I perioden 2014–2017 har Tyrkia hatt eitt lokalval, eitt presidentval, to parlamentsval og ei folkeavrøysting om grunnlova.

Safak seier at det har mykje med polariseringa landet gjennomgår å gjere. At sjølve valrundane er slitsame, konfronterande og splittande.

– Det er alltid ein kollektivistisk dualitet i Tyrkia, alltid ein «oss mot dei», uansett om ein er for eller mot myndigheitene, seier Safak.

– Det er nesten som om det er nokre innbilte stammar som folk heile tida grip til.

Dette er noko Safak har opplevd sjølv. Ho er den første forfattaren i Tyrkia som har stått i ein rettsal og forsvart noko ein av karakterane hennar har sagt. Boka «Bastard of Istanbul» omhandlar det armenske folkemordet, som Tyrkia nektar å anerkjenne, og Safak vart saksøkt for å «fornærme tyrkiskheita».

– Dette gjer det veldig vanskeleg å ta opp eller forsvare noko i Tyrkia, fordi det alltid er så kollektivistisk. Anten er du med eller mot, seier ho.

I dagens islamske verd er det kvinnene som stiller dei viktigaste spørsmåla.

På motsatt side vert ho jamnleg kritisert for å vere Erdogan-apologet, fordi ho tidlegare har omtalt delar av regjeringa sin politikk i positive ordelag.

– Eg ønskjer meg meir individualisme, at ein kan forstå at ein ikkje tilhøyrer nokon andre sin agenda, berre fordi ein har meiningar, seier ho.

 

Forvirring kan vere bra

– All fanatisme har noko til felles, og overforenkling er det viktigaste grepet til fanatikarane. Om det er islamistisk fundamentalisme, ekstrem nasjonalisme eller noko anna, så jagar dei overforenkling og skyr mangfald, meiner Safak.

– Dei ønskjer å redusere oss til ein enkel kategori, som anten er ein religion, eit kjønn, ein hudfarge, og dei er avhengig av å setje desse gruppene opp mot kvarandre.

Tyrkisk politikk har vore fastlåst lenge, og det har ikkje eksistert ein seriøs utfordrar til Erdogan.

Eit nytt tyrkisk demokrati kjem frå Tyrkia sine kvinner, påstår Safak. Kvinnesaka opptar forfattaren svært mykje, og krysspresset som kvinner i muslimske land vert utsett for er tema i hennar nyaste bok: I “Three daughters of Eve” følgjer Safak tre kvinner i løpet av ein middag i Istanbul, med tilbakeblikk på hendingar som har skjedd i Oxford. Dei tre kvinnene er alle muslimar, men forholdet deira til identiteten sin er svært forskjellig:

Originalomslaget til Elif Safaks roman «Three Daughters of Eve», som kom ut i 2016.

Shirin er dotra til eit eksil-iransk par, og er svært kritisk til all religion, men spesielt islam, på grunn av måten kvinner vert behandla på. Mona er egyptisk-amerikansk, går med hijab, er praktiserande muslim, og klager over at ho opplever islamofobi på nær dagleg basis. Peri er tyrkisk, og er nyfiken og spørjande til alt.

Saman omtaler dei seg som “syndaren”, “den truande” og “den forvirra”. Det er den forvirra jenta, Peri, som er hovudkarakteren.

– Forvirring er overalt, og Tyrkia er på mange måtar forvirra. Men forvirring kan vere bra, seier Safak.

– Det er eit teikn på eit tenkjande hovud, å ha fleire spørsmål enn svar. Peri ser på forvirring på same måte som Tyrkia – som ein byrde ho vil bli kvitt.

Det er heilt bevisst at alle karakterane i boka er kvinner.

– I dagens muslimske verd, men òg generelt, så er det kvinnene som stiller dei viktigaste spørsmåla, seier ho, og fortsetter:

– Når samfunn snublar og blir populistiske, autoritære eller fundamentalistiske, så har kvinner meir å tape enn menn.

 

Kvinneleg presidentkandidat?

Tyrkia har allereie eit tydeleg skilje mellom menn og kvinner. På World Economic Forum sin Gender Gap-indeks ligg Tyrkia på 130. plass, rett framfor Bahrain, men bak land som Qatar, UAE, og Tunisia.

– Tyrkia er eit veldig patriarkalsk land, så det er ikkje så lett for kvinner å komme ut av den private sfæra og ta del i den offentlege samtalen, seier Safak.

 

nyhetsbrevet

 

Ei som kan påverke Tyrkia si framtid er Meral Aksener. Ho har vore medlem av det ultranasjonalistiske partiet MHP sidan 2001, og var innanriksminister i Erbakan-regjeringa, som militæret avsatte i 1997. Aksener er ein politisk veteran som i fjor utfordra MHP-leiar Devlet Bahceli sin posisjon.

Aksener er ein av få som kan tenkjast å ha det som skal til for å utfordre Erdogan.

Den ekstraordinære partikongressen vart stoppa av politiet, etter at Bahceli fekk hjelp frå både regjeringa og rettsapparatet til å stoppe leiarvalet. Aksener vart kasta ut av partiet, og mange ventar på – og forventar – at ho startar sitt eige parti. Ho er òg ein mogleg presidentkandidat i 2019.

Meral Aksener. FOTO: Haber Medya Grubu.

Tyrkisk politikk har vore fastlåst lenge, og det har ikkje eksistert ein seriøs utfordrar til Erdogan. Då AKP ikkje oppnådde reint fleirtal i parlamentet i juni 2015, klarte ikkje opposisjonen å samle seg om eit alternativ. Heller enn å samarbeide, om enn berre for å redusere sperregrensa, endte det med nyval og nytt AKP-fleirtal.

Oppstarten av eit nytt parti kan vere det som endrar dynamikken i partisystemet, slik at ein kan sjå for seg eit alternativ. Aksener er ein av få som kan tenkjast å ha det som skal til for å utfordre Erdogan. Han har blitt stadig meir nasjonalistisk dei seinare åra, samtidig som MHP under Bahceli si leiing har blitt eit tannlaust underbruk av AKP.

 

Val i 2019

Aksener er neppe det Tyrkia har behov for, men er samtidig kanskje det dei treng mest. Det vil vere vanskeleg å samle liberale stemmer som Safak rundt ein slik kandidat, men alternativa deira er ikkje-eksisterande. Det kombinerte president- og parlamentsvalet i 2019 blir ekstremt viktig.

Det landet eigentleg treng meir av, er forvirringa til Peri.

Landet er prega av eit ønskje om orden, og Erdogan driv kontinuerleg valkamp på dette. Landet treng stabilitet, seier han, og eit sterkt styre som står mot alle truslane som landet står ovanfor.

Det landet eigentleg treng meir av, er forvirringa til Peri. Søkjing etter svar heller enn dei imaginære stammane sine bastante konklusjonar. Eit mindre polarisert samfunn starter med at kvinnene tar større del i offentlegheita.

 

nyhetsbrevet