FOTO: Cnj/Flickr cc

Dop i domstolane

LSD var visst ikkje så farleg som vi trudde, ifølge Høgsterett.

Den siste tida har domstolane våre flauma over av dop, skal vi tru pressedekninga. I løpet av to veker har den dømande makta minna oss om både alvoret i og absurditetane i narkotikalovgjevinga.

Domfellinga av politimannen Eirik Jensen i Oslo tingrett tidlegare denne veka minner oss om det strafferettslege alvoret i narkotikabrotsverk. Denne typen brotsverk, for Jensens del i kombinasjon med korrupsjon, kan straffast med 21 år i fengsel. Som drap, terrorhandlingar, landsforræderi, slaveri og grov tortur.

Rusmidlane straffelova via legemiddellova definerer som narkotika, er ei mangfaldig gruppe. Strafferammene speglar dette mangfaldet. Frå 21 år i fengsel i den eine enden, til bot i den andre enden.

I denne andre og mildare enden av straffelovas strafferammer for narkotikabrotsverk, går det ein debatt om legalisering: Bør det vere straffbart å bruke rusmiddel som ikkje er spesielt farlege og iallfall ikkje farlegare enn det lovlege rusmiddelet alkohol?

Den domfelte syntest dette var vel streng straff for litt uskuldig om enn ulovleg moro

Lat meg kaste Høgsterett (ufrivillig) inn i legaliseringsdebatten. Veka før den strenge dommen mot Jensen fall i Oslo tingrett, avsa Høgsterett tre dommar om straffenivået for narkotikabrotsverk.

Ein av dommane rokkar ved, eller iallfall nyanserer, strafferettens definisjon av narkotikabrotsverk som ein av vår tids største samfunnsfarar. Dommen gjaldt det psykedeliske stoffet LSD. Det var visst ikkje så farleg som vi trudde, sa Høgsterett.

LSD frå fyrste til siste instans

Saka gjaldt ein mann i 30-åra som på internett hadde kjøpt LSD i eige namn og til eige bruk. Dopet kom i posten, og ei av sendingane vart oppdaga av Tollvesenet. Då politiet banka på døra til den rushungrige mannen, fann dei meir LSD. Ingen røyk utan eld, veit du.

Mannen vart tiltalt for brot på straffelova § 231 om narkotikabrotsverk for innføring av 25 drypp LSD med styrkegrad på 125 mikrogram og 100 drypp LSD med styrkegrad på 100 mikrogram. Ein vanleg rusdose LSD ligg på rundt 100 mikrogram. Ingenting uvanleg så langt, men kva sa domstolane?

Tingretten som fyrsteinstans kom til at innføringa og oppbevaringa av denne mengda LSD måtte straffast med samfunnsstraff på 90 timar. Den domfelte syntest dette var vel streng straff for litt uskuldig om enn ulovleg moro og anka til lagmannsretten. Ankeinstansen viste til at straffenivået etter sikker rettspraksis må fastsetjast på grunnlag av ei brei vurdering av rusmiddelets rus- og skadeverknader.

For å finne ut av dette henta lagmannsretten inn erklæringar frå spesialistar i klinisk farmakologi. På grunnlag av nyare fagkunnskap konkluderte lagmannsretten med at straffenivået for LSD måtte setjast “noe ned” i høve til tidlegare rettspraksis. Fasit vart 75 timar samfunnsstraff.

Den domfelte syntest framleis straffa var for streng og anka til Høgsterett – siste instans. Lagmannsretten hadde lagt til grunn at LSD var om lag like farleg som amfetamin, medan forsvararen meinte at faregraden for bruk av LSD betre kunne samanliknast med hasj. Høgsterett la seg ein plass i mellom.

Konsekvensen var lågare straffenivå.

Spørsmålet for Høgsterett var: Kor farleg er LSD, eigentleg? Svaret var: Ikkje så farleg som Høgsterett trudde då dei sist behandla spørsmålet i 1999. I mellomtida har ny forsking og kunnskap kome til. (Eventuelt har fordommar og moralisme falle frå.)

På grunnlag av dagens fagkunnskap om skadeverknadane til LSD gjekk Høgsterett vekk frå sin eigen etablerte straffutmålingspraksis, der LSD hadde blitt samanlikna med ecstasy.

Høgsterett korrigerte også lagmannsretten, som hadde konkludert med at LSD var like farleg som amfetamin. Dommarane i siste instans meinte LSD var “noe mindre farlig enn amfetamin”. Konsekvensen var lågare straffenivå.

For den tiltalte medførte Høgsteretts nyvunne innsikt i LSD ei samfunnstraff på 45 timar, altså ei halvering av straffa frå dommen i tingretten. For innføringa av LSD åleine, før korreksjon for dei konkrete formidlande omstendene i saka, nedjusterte Høgsterett straffa frå lagmannsrettens 90 dagar i fengsel til 60 dagar.

nyhetsbrevet

Høgsterett endra straffutmålingspraksisen sin, kva så? Det vesentlege er grunngjevinga.

Ruspolitikk i møte med juridisk logikk

Domstolane tolkar ikkje berre lovas paragrafar. Dei bestemmer òg kva som er rett faktum, som det heiter i juridisk språkbruk, for å kunne løyse tvisten på grunnlag av dei rette rettsreglane. Sagt på ein annan måte: Domstolane bestemmer korleis verda er og heng saman innanfor bevisføringa og rammene av saka dei skal avgjere. Høgsterett gjer det i siste instans.

Våre folkevalde lovgjevarar på si side kan late seg styre av breiare ruspolitiske og moralske omsyn framfor fagkunnskap når dei bestemmer kva handlingar som skal vere strafflagde og kva straffenivået skal vere. Domstolane må halde seg til fakta. I Høgsteretts språk: “den fagkunnskap de sakkyndige til enhver tid har om det enkelte stoffs skadevirkninger”.

Så kva seier fagkunnskapen anno 2017 om farane med bruk av LSD?

Her er det Høgsterett kom fram til (avsnitt 13-20 i dommen):
• LSD kan gje sansebedrag som i einskilde tilfelle kan føre til åtferd med risiko for farlege og ukontrollerte handlingar.
• Bruk av LSD i samband med bilkøyring er potensielt trafikkfarleg.
• Sansebedraga kan i nokre tilfelle vere skremmande, særleg ved høge dosar.
• Psykiske seinskader kan skje, men både omfang og årssakssamanheng er usikker.
• Svært få LSD-brukarar opplever kroniske seinskader ved sporadisk bruk av vanlege rusdosar.
• LSD vert rekna som lite giftig i vanlege dosar. Det finst ingen dokumentasjon for at LSD i vanlege rusdosar kan gje fysiske kroniske skadeverknader.
• LSD er berre dødeleg ved ekstremt høge dosar, og risikoen for overdosedødsfall er liten. Høgsterett viste til at LSD er langt mindre giftig enn rusmiddel som alkohol og kokain. Det er ingen kjende tilfelle av dødsfall som følgje av LSD-overdose.

Ein kan nok lese Høgsteretts oppsummering av skadeverknadane til LSD ulikt alt etter om ein er for eller mot avkriminalisering. Eg les Høgsterett slik at LSD ikkje er eit spesielt farleg rusmiddel. Det er også grunnen til at Høgsterett la om straffutmålingspraksisen. Alle punkta i lista over gjeld også det lovlege rusmiddelet alkohol – truleg i vesentleg større grad.

Kan vi seie at bruk av LSD utgjer ein skade eller fare for skade på interesser som bør vernast av samfunnet?

LSD ligg også heilt i botn på målingar av skadeverknadane til ulike rusmiddel, med alkohol i motsett ende av skalaen (sjå til dømes EU-studien Van Amsterdam, Nutt, Phillips og Brink, ”European rating of drug harms”, Journal of Psychopharmacology, 2015 s. 655-660).

Konklusjonen til Høgsterett var at “LSD med hensyn til ulike former for farepotensiale, ligger under de fleste andre narkotiske stoffer, herunder amfetamin og ecstasy”.

Kriminalisering ut frå skade eller moral?

Når ein les Høgsteretts nøkterne gjennomgang av det låge skadepotensialet til LSD er det nærliggande å spørje: Kvifor er det straffbart å bruke LSD?

Høgsterett kan ikkje i doms form gå inn for å avkriminalisere LSD og andre ulovlege rusmiddel. Høgsterett må halde seg til straffelova slik Stortinget har bestemt ho skal vere til ei kvar tid. Slik er maktfordelingsprinsippet i eit demokrati.

Høgsterettsdommen bør likevel vere eit klårt og tydeleg insentiv til lovgjevar om å revurdere kriminaliseringa av LSD. Konklusjonen om at LSD er mindre farleg enn vi trudde, kjem ikkje frå aktivistar, men frå sindige dommarar i svarte kapper og er stempla med riksvåpenet.

Spørsmålet om kva åtferd som skal kriminaliserast er i straffelova styrt av det såkalla skadefølgjeprinsippet. I førearbeida til straffelova er skadefølgjeprinsippet formulert slik:

“Atferd bør bare gjøres straffbar dersom den fører til skade eller fare for skade på interesser som bør vernes av samfunnet. I tillegg må to andre kriterier vurderes for at loven skal sette straff for en bestemt atferd: (1) Straff bør bare brukes dersom andre reaksjoner og sanksjoner ikke finnes eller åpenbart ikke vil være tilstrekkelige. (2) Straff bør bare brukes dersom nyttevirkningene er klart større enn skadevirkningene.” (Ot.prp. nr. 90 (2003-2004 s. 88 andre spalte)

Kan vi seie at bruk av LSD utgjer ein skade eller fare for skade på interesser som bør vernast av samfunnet? Og for dei skadeverknadane LSD eventuelt kan ha, finst det ingen andre verkemiddel mot dei enn straff, til dømes regulering av omsetning som for alkohol og tobakk?

Men bør avvik frå fleirtalets moralnormer føre til straff om dei ikkje påfører andre skade?

Om vi ikkje kan svare ja på desse spørsmåla, og mykje tyder vel på det, så er kriminaliseringa av LSD grunngjeven i moralsk klander. Eller skal vi seie dobbeltmoral? Alkohol, med alle sine kjende skadeverknader, er jo eit lovleg rusmiddel.

No skal eg leggje til at strafferettsleg forsking for lengst har påvist og problematisert at skadefølgjeprinsippet ikkje er konsekvent gjennomført i straffelova (Thomas Frøberg, ”Prinsippstyring av strafferettspolitikken”, Kritisk juss 2010). Framleis finn vi straffebod som primært er grunngjevne i vern av samfunnsmoral, som forboda mot bigami, incest og pornografi. Frå historia hugsar vi kriminaliseringa av homofili fram til 1972 og blasfemi fram til 2015.

Men bør avvik frå fleirtalets moralnormer føre til straff om dei ikkje påfører andre skade? Det er eit spørsmål eg håpar våre nyvalde folkevalde på Løvebakken kan gruble litt over.

I det minste må vi i eit demokrati som vårt kunne forvente at lovgjevar er open om grunngjevinga for å kriminalisere åtferd. Om det for LSD og andre forbodne rusmidlar ikkje kan dokumenterast relevante skadeverknader, bør lovgjevar vere open om at kriminaliseringa er grunngjeven i moralsk klander ut frå tanken om at anna rus enn alkohol ikkje “sømer seg”.

nyhetsbrevet