FOTO: Muhammad Muzamil/Unsplash

No trengst nye tankar for å oppnå gamle mål i utviklingspolitikken

2022 er ikkje eit godt år for å slutte med å gi ein prosent av landets inntekter til bistand. 

Det er uro i verda rundt oss. No ser me aukande prisar og krig, med alt det fører med seg. Men pandemien, klimaendringar og andre faktorar har også gitt store utslag dei siste par åra. Det er mogleg å vise til ei rekke eksempel om korleis verda har blitt tøffare.

Pandemien har gått ut over helsetenestene i verda. Ei utrekning frå Verdsbanken har vist at fleire kvinner og barn har mista livet som følge av at pandemien svekka helsetenestene i låginntekstland enn det var folk som døydde av korona.

Samtidig har Noreg fått uvanleg store inntekter på grunn av det høge nivået på energiprisane.

Klimaendringane har gitt utfordringar for matproduksjon og mattryggleik. I juni måtte Verdas Matvareprogram redusere og nokre stadar halvere matrasjonar til flyktningar i land som Etiopia, Kenia, Sør-Sudan og Uganda.

Eit veldig konkret utslag av korleis vilkåra har blitt vanskelegare for mange, er talet på kor mange tiåringar som kan lese ei enkel setning. I låg- og mellominntektsland har dette talet gått ned med ti prosentpoeng, ifølgje Verdsbanken.

Samtidig aukar ulikheita internt i land.

Noregs bidrag til bistand vil kunne hjelpe. Det finst veldig mange menneske der ute som vil kunne få ein betre kvardag av desse pengane. Det er godt dokumentert at god bistand fungerer. Det er i alle si interesse at Noreg bidrar meir til tryggleik, rettferdig fordeling og stabilitet i verda, men også til akutt hjelp til dei som er i djup nød, som Noreg har lang tradisjon for å gjere.

Samtidig har Noreg fått uvanleg store inntekter på grunn av det høge nivået på energiprisane. Me har i år eit overskot tilsvarande 40 bistandsbudsjett, ifølgje Nordea Markets.

Semja om å gi ein prosent av bruttonasjonalinntekta (BNI) til bistand, kan av og til framstå litt pussig, med tanke på at inntektene kan variere frå år til år, men ho er likevel ekstremt viktig. Dette løftet er laga for å hindre at bistand blir den faste pengesekken ein går til når budsjetta er stramme. Denne regelen sikrar at me over tid, under varierande økonomiske situasjonar, klarer å knyte handling til ambisjonen om å bidra til å gjere verda rundt oss meir rettferdig.

Denne lojaliteten til budsjetteknikken er ikkje til det beste for regjeringa, landet og verda.

No når regjeringa viker frå denne norma, ser det heller ikkje ut til å vere basert på politisk motstand mot målet i seg sjølv. Denne ambisjonen ligg fast i Hurdalsplattforma. Derimot ser målet ut til å stange i møte med at inntektene har auka så valdsamt det siste året. Samtidig har me ein sterk prisvekst her i landet. Regjeringa held igjen på pengane til mange sektorar av den grunn.

Paradokset er at denne forsiktige pengebruken ikkje handlar om at å gi ein prosent til bistand faktisk er skadeleg for norsk økonomi. Me veit alle at ei krone brukt utanfor den norske økonomien ikkje bidrar til inflasjonsvekst på same måte som ei krone brukt innanlands. Regjeringas budsjettforslag er forma av ein tanke om at éi krone brukt på bistand skulle påverke økonomien likt som dei andre kronestykka som ligg inne. Og av at Noregs BNI er såpass høg at ein prosent er langt meir pengar i kroner og øre enn det har vore før.

Denne lojaliteten til budsjetteknikken er ikkje til det beste for regjeringa, landet og verda. Særleg når verda rundt oss opplever minst like høg prisvekst som oss. Så når budsjettet ligg litt over nivået budsjettforslaget gjorde i fjor, betyr det i praksis at ein vil få langt mindre igjen for dei same pengane. Fordi alt kostar meir enn før.

Det finst også store, seriøse bistandsaktørar, mellom anna i FN-systemet, som er kraftig underfinansiert og treng meir pengar. Dei har tyngde nok til å bære dei ekstra inntektene dei ville kunne fått som følgje av at Noreg har uvanleg høge inntekter.

Me har meir enn nok pengar til å halde løfta våre.

Det politiske fleirtalet bør difor leite etter måtar å auke bistanden på, og helst framleis halde på einprosenten, utan at dei treng å vere useriøse i den økonomiske politikken. Alternativet er at Noreg blir mindre til å stole på i utviklingspolitikken, og at me blir med på eit kappløp mot botnen i utviklingspolitikken som fleire land er i gong med no.

Det burde ikkje vere naudsynt å minne om alvoret. I år har to av fem afghanarar fått hjelp frå Verdas Matvareprogram. Det er hungersnød i Somalia. Pakistan har nyleg vore råka av ein enorm flom som la ein tredel av landet under vatn. Det er krig i Ukraina. Verda er nettopp ferdig med ein alvorleg epidemi.

Me har meir enn nok pengar til å halde løfta våre. Det burde vere mogleg å finne ei løysing her som gjer at me blir eit land som gjer som me har sagt, og bidrar til auka velferd rundt oss, utan at det vil gi prispress i den norske økonomien.