FOTO: Ruben Skarsvåg/ANB

Valdtektsdebatten må opp av skyttargravene

Regulerer vi valdtekt på feil måte, får det konsekvensar for det mest intime: den seksuelle sjølvråderetten og tryggleiken. Da er det ikkje plass til symbolpolitikk og lettvinte forslag.

Korleis skal vi regulere valdtekt? Diskusjonen går mellom dei som er for ei såkalla «samtykkelov» og dei som meiner den noverande reguleringa bør vidareførast. Lovvedtaket i Sverige 23. mai, der «inte deltar frivilligt» vart gjort til det sentrale kriteriet i valdtektsstraffebodet, sette i gang nok ei runde i det norske ordskiftet.

Den relevante skilnaden ligg i om det a) skal stå «ufrivillig», «utan samtykke» eller liknande, eller om det b) er betre å løfte fram dei konkrete omstenda som klargjer at det mangla samtykke. Det noverande straffebodet gjer det siste. «Vold», «truende atferd» eller at motparten var «ute av stand til å motsette seg» den seksuelle omgangen er naudsynt for at det juridisk skal vere ei valdtekt.

Diskusjonen som går er veldig generell. Når det kjem til den konkrete rekkevidda av straffebodet, er det faktisk små skilnader mellom dei to posisjonane. Når posisjonane samstundes verkar vere fastlåste, kan det vere lurt å gå tilbake til teiknebrettet.

Det overordna målet er å verne om individa sin seksuelle integritet og sjølvråderett.

Vi bør spørje oss kva målsetningar eit valdtektsstraffebod skal tene og kva utfordringar som er knytt til å nå desse måla. Får vi grep om desse utfordringane, vil vi kunne spisse, nyansere og forbetre debatten.

Målsetningane er i utgangspunktet ganske klare. Det overordna målet er å verne om individa sin seksuelle integritet og sjølvråderett. Bakt inn i denne målsetninga ligg der samstundes delmål som kan vere meir utfordrande å balansere mot kvarandre. Heller ikkje i denne samanhengen kan vi få både i pose og sekk. Prioriteringar mellom oppfylling av ulike målsetningar kan tvinge seg fram.

 

«Negativ» og «positiv» seksuell sjølvråderett

Det mest grunnleggande for lovreguleringa av valdtekt er å sikre det som gjerne vert omtala som «negativ» seksuell sjølvråderett. Med det meiner vi at individa, og særleg kvinner, som utgjer den store majoriteten av valdtektsoffer, ikkje skal verte utsett for inngrep frå andre. Ein skal ha fridom til å disponere over sin eigen kropp og seksualitet.

Dette omsynet tilseier typisk ei strafferettsleg regulering av valdtekt som fangar opp alle dei tilfella der individet ikkje sjølv får bestemme over eigen kropp. Til dømes tilfella der individet vert tvungen til å ta del i den seksuelle omgangen. Gjeldande valdtektsstraffebod er utforma med slike situasjonar for auge, og rammar handlingar som utvilsamt krenker offeret sin seksuelle integritet og negative sjølvråderett.

nyhetsbrevet

Det er derimot ikkje eit føremål med forbodet mot valdtekt å hindre individa si utøving av den «positive» seksuelle sjølvråderetten, det vil seie fridom til å forme sine eigne seksuelle liv og disponere over kroppen på dei måtane dei sjølve ønskjer. Ein kan ikkje ha som rettsleg startpunkt at slik fridom for den einskilde utgjer ein trussel mot andre sin seksuelle fridom.

Tvert om er det å bevare så stor fridom som mogleg for kvart einskild individ ei sentral målsetning i den liberale rettsstaten. Her handlar det altså om å finne ei balanse mellom å hindre overgrep utan dermed å leggje unødige grenser på den einskilde sitt liv og fridom.

 

Regulering av sex og rus

At omsyna til vern om respektive «negativ» og «positiv» sjølvråderett kan stå i ei viss motsetnad til kvarandre, kan illustrerast med regulering av sex og rus.

Vi kunne hatt svært strenge reglar som forbaud at ein har sex med personar som har nytta rusmidlar. Dermed ville ein truleg unngått ein del av dei vanskelege tilfella der dei involverte, rusa personane i etterkant er usamde om kor vidt det vart samtykka til den seksuelle omgangen.

Eit vidtrekkande straffebod om valdtekt basert på manglande «oppriktig samtykke» kan medføre ei utilsikta og uheldig kriminalisering av legitime seksuelle praksisar

Ei slik løysing ville då òg truleg ført til at fleire faktiske tilfelle av valdtekt vart straffa. Kort sagt, ein ville fått eit sterkare vern om den negative seksuelle sjølvråderetten i desse situasjonane. Men dette ville ha ein kostnad: Det ville ramma òg alle dei som ønskjer å kombinere sex og rus, til dømes det etablerte paret som går til sengs etter eit hyggeleg restaurantbesøk med fleire glas vin, eller som vil nyte nokre glas vin for å «komme i stemning» til å ha sex med kvarandre.

Eit forbod mot å ha sex med rusa personar ville også ramme ungdom som ender i seng med kvarandre etter å ha vore på fest saman og inntatt mykje alkohol. Å kriminalisere ungdommane sine handlingar kunne kanskje ha hindra slike «festvaldtekter» som er så mykje omtala i media. Men det må likevel diskuterast om ikkje eit slikt forbod er eit for stort inngrep i individa si fridom, og om det ikkje framleis bør vere slik at det først er i situasjonar der den eine parten er medvitslaus og ute av stand til å motsette seg handling, at ordet «valdtekt» bør nyttast.

Eit vidtrekkande straffebod om valdtekt basert på manglande «oppriktig samtykke» (som det har vorte føreslått i ei tidlegare runde av denne debatten) kan medføre ei utilsikta og uheldig kriminalisering av legitime seksuelle praksisar som individa utviklar i sine privatliv. Det er difor viktig at dei konkrete følgjene som eit framlegg som dette kan ha, vert grundig vurdert før ein bestemmer seg for eit alternativ.

 

Samtykke er eit uklart omgrep

Nært saman med kravet til å respektera individa si «positive» seksuelle autonomi, heng eit anna krav til god straffelovgjeving: Kravet om presise straffelover. Det er eit grunnleggande krav i ein rettsstat, nedfelt både i Grunnlova og i menneskerettane, at individa skal kunne føresjå kvar grensene for det straffbare går. Å nytta ordet «valdtekt» om handlingar som ikkje er prega av vald, truslar eller utnytting av ein person som er ute av stand til å motsette seg handlinga, strid mot vanleg språkbruk og forståing.

Ikkje minst implisitte samtykke og handlingar som kan tolkast som samtykke, kan gje opphav til tvil og usemje mellom dei involverte.

Om lova ikkje gjev individet klar beskjed om kvar grensene for det straffbare går, vil det kunne ha utilsikta konsekvensar. «Samtykke» er strafferettsleg eit ganske så uklart omgrep. Eit «samtykke» kan gjevast munnleg, skriftleg, implisitt, eksplisitt og ved «konkludent» åtferd (handlingar som i seg sjølv etablerer eit samtykke). Eit gyldig samtykke er til vanleg heller ikkje avhengig av at den som samtykker ønskjer det samtykket gjelder. Det er tilstrekkeleg at vedkomande aksepterer at det skjer.

Krav om samtykke til seksuell omgang vil difor medføre store utfordringar med å avklare om det føreligg aksept, i ord eller gjerning. Ikkje minst implisitte samtykke og handlingar som kan tolkast som samtykke, kan gje opphav til tvil og usemje mellom dei involverte.

Er det til dømes tilstrekkeleg «samtykke» at motparten smiler, kler av seg og legg seg i ein utfordrande stilling? Dersom individa opplever at slik åtferd inneber risiko for straffansvar, vil dei lett føle seg tvungen til å avstå frå slike og liknande former for seksuell samhandling utan uttrykkeleg samtykke. Her bør ein såleis avklare meir tydeleg kva som skal reknast som samtykke – men korleis klare det utan å ta med verken for mykje eller for lite?

 

Ulike former for seksuelle krenkingar

Samstundes som balansen mellom «negativ» og «positiv» sjølvråderett er utfordrande, er det å forme eit godt valdtektsstraffebod vanskeleg òg av ytterlegare grunnar. Ein slik grunn er det som kallast «fair labelling», eller kort sagt målet om å finne passande merkelappar på dei ulike krenkingane.

Vi kunne hatt berre eitt vidt straffebod som rammer alle former for seksuelle krenkingar, men då ville vi sett same merkelapp på den som på ein pub tek ei kvinne på brysta utanpå kleda og den som etter stengetid følger etter kvinna når ho går heim åleine, overfell, utøver massiv vald mot og gjennomfører vaginale og anale samleie med den same kvinna.

Dei fleste vil synes det er stor skilnad på desse to tilfella, og at det ikkje er rettvist at dei har det same namnet. Straffelovgjevinga har difor laga eit system som nyanserar mellom ulike typar krenkingsmåtar, som gjev meir passande merkelappar på ulike handlingar og tilhøyrande særskilte strafferammer.

Den som tek kvinna på brystet i det første tilfelle vil i dag dømmast for seksuell handling utan samtykke (§ 297), overfallsvaldtektsmannen for grov valdtekt (§§ 291 jf. § 293). Dei vil dermed møte klart ulike strafferammer – den første si handling vil ha ei strafferamme på 1 år, for den andre vil det kunne dømmast til fengsel i inntil 21 år. For sistnemnte vil det òg vere ei minstestraff på tre år.

Valdtektsstraffebodet er ofte ein kjerne i slike system av seksualkrenkingar. Valdtekt er det alvorligaste av seksuallovbrota. Men kor vidt eller snevert skal det vere, og kva andre merkelappar treng vi eventuelt for å kunne nyansere mellom ulike typar og grader av alvor av seksuallovbrot?

 

Eit valdtektsstraffebod utan symbolpolitikk

Til sist er det ei viktig side av god straffelovgjeving at den er generelt tilpassa strafferettssystemet i vid meining. Den målsetninga inneheld i sin tur fleire delar, slik som at det aktuelle straffebodet skal passe godt inn i den lovsamanhengen det skal inngå i. Særleg viktig er det òg at straffebodet kan nyttast i praksis. Det krev at ein  vurderer om dei straffbare handlingane er utforma på ein måte som gjer at ein vil kunne bevise dei i domstolen. Det er problematisk med straffebod av symbolsk karakter som genererer arbeid for rettssystemet (er «prosess-skapande»), men som svært sjeldan vil kunne oppnå domfelling.

Dersom til dømes eit framlegg til eit nytt valdtektsstraffebod viser seg å ville føre til mange meldingar om påståtte valdtekter, som vil vere resursskrevande å undersøke, men som sjeldan vil kunne forfølgast for domstolane, vil dét i seg sjølv vere eit vektig motargument mot eit slikt framlegg.

Skal vi gjere reguleringa betre, er ikkje symbolpolitikk og lettvinte endringar vegen å gå.

I dei svenske førearbeida har ein òg vore klar på at det ikkje er grunn til å vente seg fleire tilfelle av domfelling for valdtekt etter endringa. Snarare vil truleg oppklaringsprosenten gå ytterlegare ned på grunn av fleire melde brotsverk som ikkje leier til tiltale og dom.

Den norske debatten om utforming av valdtektsstraffebodet hadde hatt godt av å kome seg vidare frå den polemiske konfrontasjonen mellom to grunnhaldningar og ned i ein meir nyansert og samansett debatt. Vi treng meir kunnskap om den gjeldande reguleringa og kva som eventuelt er dei konkrete problema med denne. Dersom ein finn problem som det bør gjerast noko med, må vi tenke på og studere alternativ, til dømes i den internasjonale floraen av ulike reguleringar av valdtekt.

Valdtekt i tydinga krenking av individets «negative» integritet og sjølvråderett er eit alvorleg samfunnsproblem, som straffelova allereie tek på stort alvor. Skal vi gjere reguleringa betre, er ikkje symbolpolitikk og lettvinte endringar vegen å gå.

nyhetsbrevet