FOTO: Marit Hommedal/NTB

Kan Vestlandet målast i raudt og grønt?

Det trengs ein raudgrøn strategi for Vestlandet.

Eg er sosialist på min hals. Eg har vore med å stifte og drive eit venstretidsskrift i eit heilt tiår. Eg har nyleg blitt med i eit kor som berre synger arbeidarmusikk. 

Kanskje eg kunne lært noko av Høgre sitt gamle motto om at det finst grenser for politikk. Likevel forstår eg kvifor mange vestlendingar i 2023 stemmer borgarleg.

Vestlandet er den dårlegast representerte landsdelen i den noverande regjeringa

På snittmålingane ligg det an til borgarleg styre i dei tre vestlandske fylka frå hausten av. Raudgrøn side slit jamnt over: Ap ligg under sine nasjonale målingar i alle tre fylke. Sett vekk frå Sp (samt Vestland MDG og SV), gjeld det også dei andre raudgrøne partia. 

Likegyldigheiten kan også gå i retning frå politikken mot vest. Den nye toppleiinga i Ap fekk er nesten ribba for representasjon frå landsdelen. Valkomitéen hevda at det no er tid for å toppe laget. Det kan ein forstå, all den tid det er krise på målingane.

Det foregår likevel geografisk vekting. Dei tre nordlegaste fylka får ein representant kvar i sentralstyret. Det samla Vestlandet, som er Noreg sin einaste verkelege motpol til Austlandet med omsyn til folkemengde og økonomi, vert avspist med ein einaste representant. Kommentator i BT Morten Myksvoll konkluderte med at Ap samlar by og land, men berre på austlandet

Problemet råkar heile raudgrøn side. Eit notat frå tankesmia Initiativ Vest har slått fast at Vestlandet er den dårlegast representerte landsdelen i den noverande regjeringa. Dette er også eit historisk faktum: Landsdelen har vore underrepresentert i samtlege Ap-leia regjeringar sidan i alle fall 1990.

Vi som kjem langt vekke frå Oslo veit at representasjon tel.

Vi kan sjå lengre tilbake. Industrien har historisk vore synonym med arbeiderpartibastionar. Spreidd utover landsdelen finn ein nokre av Ap sine toppkommunar som Høyanger, Sunndal, Sauda, Odda og Årdal. Industri har også skapt oppslutnad i storbyar som Bergen. 

Den nye boka Norske partier og velgere skildrar korleis Ap likevel har vore eit framandelement på mykje av Vestlandet, som har vore ein motkulturell periferi definert av den frikyrkjelege lekmannsrørsla, avholdsrørsla, og nynorsken. Her har utvalte kulturelle spørsmål vore politisk viktigare enn økonomiske forskjellar, som har lagt lengre under overflata enn i aust og i nord. Derfor har venstresida spelt på bortebane. 

For å forstå kvifor vestlendingar støyter frå seg ein raudgrøn koalisjon bør vi også vende merksemda mot den noverande regjeringa. Hausten 2021 utspelte ein av bergenspolitikken sine mest pikante kriser seg: Det Ap-leia byrådet til Roger Valhammer tok politisk sjølvmord, for å stå opp igjen frå oska nokre veker seinare. Det gjorde han for å sikre fleirtal for at bybana nordover skulle gå over verdsarven på Bryggen, snarare enn i tunnel.

Kva var løna frå regjeringa for at deira eigne langt på veg la den evige bybanestriden daud? Den trakk først Erna sin lovnad om to tredjedelar statleg finansiering. Følgja var at bybana nok ein gong kom i spel. No har Ap sitt landsmøte igjen innstilt til om lag same statleg pengebruk. Dei schizofrene signala vitnar om fråvær av lokal kunnskap og langsiktige tankar.

Det lågast hengande eplet på det vestlandske frukttreet er å halde opp med å sage ned hardt framkjempa sigrar på lokalt nivå.

Det opphavlege forslaget frå regjeringa til statsbudsjett for 2023 var også ein katastrofe for bergensregionen, som i stort monn vart avverga av byborgar Audun Lysbakken. Etter opphavlege kutt forhandla SV inn pengar til å førebu ny jernbanestrekning mot Voss samt opprusting av E16 mellom Bergen og Voss. Stamvegen mellom Voss og Bergen går på folkemunne og i lokalpressa ved namnet dødsvegen som følgje av hyppige ulykker. Mange pusta derfor letta ut. 

Det varte ikkje lenge. I vår foreslo Jernbanedirektoratet og Statens Vegvesen i sine innspel til Nasjonal transportplan at det tidlegast vert byggestart for ny jernbane i 2036, utsatt frå neste år. Trygg veg mellom Bergen og Voss ryk også. Fylkesordførar frå Sp Jon Askeland uttalte at han var fly forbanna. Det er sterkt språk, all den tid dei på toppen er hans eigne folk. 

Skal ein snu skuta behøver dei raudgrøne ein strategi for å vinne Vestlandet. 

Samferdselen er openbert ein nøkkel til eit landskap som gjer at framkomst alt for ofte vert eit spørsmål om liv og daud. Her må regjeringa vise vilje til å faktisk prioritere landsdelen. Vestlendingar er ikkje godtruande nok til å kjøpe at kutt først og fremst er eit spørsmål om økonomisk handlingsrom, dersom Oslo-regionen ikkje må gjennom tilsvarande hestekur. 

Det trengs også næringspolitikk som med truverd klarar å støtte opp om mangfaldet av eksportnæring i landsdelen. Høge straumprisar trugar framleis med å rive teppet under kraftkrevjande industri. Ein målretta politikk for næringsutvikling vert viktigare når skattetrykket aukar for sentrale eksportnæringar som oppdretten. 

Til slutt må det byggast bevegelse. Det lågast hengande eplet på det vestlandske frukttreet er å halde opp med å sage ned hardt framkjempa sigrar på lokalt nivå. Den beste måten å sikre det er at vestlendingar blir sluppet inn i makta sine inste korridorar. 

For vi som kjem langt vekke frå Oslo veit at representasjon tel. Denne regjeringa har gitt ei klar stadfesting av akkurat det.