FOTO: JESHOOTS.COM/Unsplash

Sur lektors klageliste

Å vere 69 og prestere som ein 30-åring er eit nådelaust krav, som kjem til å knekke folk ein etter ein.

For oss lærarar skjer det mykje på ein gong no, som vil ha betydning for kvardagen vår resten av både yrkeslivet og det andre livet. Vi har mange som vil mykje med oss, og det er ikkje alltid desse premissleverandørane er samkøyrte når dei får nye idear som dei vil sette ut i livet.

Vi har på oppdrag frå Stortinget ei pågåande fagfornying, som lukkelegvis har ei god demokratisk tilnærming, der lærarane får vere med i heile prosessen. Samstundes har vi fått ei landsdekkjande lærarnorm, som skal sikre ein viss minste lærarmengd. Vi har frå før fått kompetansekrav med tilbakeverkande kraft for undervisingspersonale, og vi har eit framlegg til ny pensjonsavtale å ta stilling til.

Å utdanne nok lærarar til å realisere lærarnorma vil medføre ein enorm kostnad.

Om denne fagfornyinga skal bli vellukka, krev det mykje samarbeid mellom skuleeigar og lærarane, det krev mykje samarbeid på skulane, og det krev at den einskilde lærar bruker tid på å gjere seg kjent med det potensial som ligg i det nye planverket. Vi kan ikkje rekne med at vi får mindre å halde på med, eller betre tid, med det fyrste.

Lærarnorma er bra, men er nok eit sjokk for arbeidsgjevar. Å realisere denne vil bety fleire tusen nye stillingar på landsbasis. Dette kostar flesk, og kvar er grisen vi kan slakte? Å utdanne nok lærarar til å realisere lærarnorma vil medføre ein enorm kostnad, og ikkje minst fordrar det at langt fleire enn i dag blir lærarar.

At du i dag må ha karakter fire i matematikk frå vidaregåande for å bli norsk eller kroppsøvingslærar, har gjort at mange som kunne blitt strålande lærarar, har valt heilt andre yrkesløp. Lærarnorma vil i liten grad påverke storleiken på elevgruppene. Eg som norsklærar vil til siste arbeidsdag ha grupper på 25-32 elever å ta vare på, med alle slag utfordringar.

Vi må likevel vere ærlege på at det er eit oppjaga og stressande yrke, som stadig får nye krav.

Vi lærarar som ikkje har blitt underkjent gjennom dei nye kompetansekrava, kan heller ikkje utan vidare rekne med å få vidareutdanning. Vi må stå i klasserommet medan kollegaene våre må fylle opp med studiepoeng i matematikk, engelsk eller norsk. I mellomtida blir vi kjende med nye vikarar. Halvstuderte, ustuderte og utstuderte røvarar som vi må passe på ikkje dummar seg heilt ut når dei skal vere erstatningar for dei som er i vidareutdanning

Framlegget til ny pensjonsavtale går og inn i reknestykket, i lag med det eg har skrive til no. Fram til i dag har ein grei og føreseieleg pensjon vore den kanskje viktigaste føremonen med å arbeide i offentleg sektor. Vi har med å bli lærarar og sjukepleiarar valt vekk dei høge lønningane, og gått for yrke som har gjeve ein viss tryggleik for heile livsløpet. Dette kan no endre seg, og det kan undergrave både rekruttering til yrket og kvaliteten på profesjonen.

nyhetsbrevet

Vi har allereie eit vedtak om levealdersjustering av pensjon, som gjer at vi som er født på slutten av sekstitalet og seinare, er nøydd til å jobbe lengre enn dei som er eldre enn oss. På sett og vis er dette rett og rimeleg. Ein pensjonert lærar som gav seg ved 67-årsalder i 1980 hadde statistisk eit kortare pensjonistliv enn vi som er fødd etter at røyking var blitt farleg. Vi er som lærarar likevel ein profesjon som har høg psykisk slitasje, og det er mange som av omsyn til totalhelsa må gje seg tidleg i sekstiåra, om dei vil eller ikkje.

Klart det er ei nøtt når mange av oss må kaste inn handkledet so tidleg, samstundes som vi har ei helse som gjer at kroppen tikkar, hanglar og går til vi er nitti. At vi lever lengre, gjer ikkje naudsynleg at vi kan jobbe lengre. Dette er ikkje teke omsyn til i det nye framlegget til pensjonsavtale.

Vi må halde tempoet oppe til ein ende som blir meir og meir bitter.

Eg ser at det er litt av ei klageliste det her. Vi har verdas beste yrke, og det å undervise barn og unge med livet framføre seg, er noko som vi alltid skal vere takknemleg for. Vi må likevel vere ærlege på at det er eit oppjaga og stressande yrke, som stadig får nye krav. Vi må jobbe meir, og vi må jobbe lengre og lengre for å få ein pensjon som kan matche våre eldre kollegaer sin.

Eg saknar gode tiltak som kan kompensere for alle desse «gode» ideane vi har blitt utsett for. Eg saknar at dei som bikkar seksti kan ha ein kvardag som gjer at dei både kan og vil halde det gåande til dei er sytti, som mange av våre kollegaer i høgskule og universitet. Det er kanskje urimeleg at vi som lærarar har same arbeidskrav når vi er 65 som når vi er 40.

I mange yrke i det offentlege er det mogleg å gå over i meir administrativt arbeid på tampen av arbeidslivet. Vi må halde tempoet oppe til ein ende som blir meir og meir bitter. Å gjere det mogleg å stå i arbeid til du er sytti, vil og bli styrkande for rekrutteringa.

Samstundes er det grupper som får ha goda sine intakte. Politiet har ei særaldersgrense som gjer at dei kan bli pensjonistar før dei er 60. Politifolk i operativ teneste har ofte god helse og fysikk, og dei går ikkje til gyngestolen når dei fyller 60, men spenner på seg joggesko og speidar etter neste maratonløp.

Politiyrket er og so mangslunge at ein på tampen av arbeidslivet kan gå over i mindre fysisk krevjande arbeid, og arbeide ganske lenge. Dette medfører at vi har politifolk som etter dei har blitt pensjonistar held fram med å jobbe som politi, eller dei tek seg jobb i rådgjeving, miljøarbeid i institusjon og liknande. Då får dei seg då lommepengar i storleik ei årsinntekt i tillegg til pensjon.

Vi har mange slag slitarar, det er både fysiske og mentale ryggar som sig saman i løpet av eit langt arbeidsliv.

Det kan kome godt med når dei set seg i SUV-en, køyrer til Haugastøl, spenner på seg ski og fyller opp pulken med barnebarn i helgene. Bensin og skismurning er dyrt må vite, og ny sukkeravgift har store følgjer for Kvikk Lunsj-inntaket. At politiet har fått halde på si særaldersgrense i dette utkastet til ny pensjonsavtale er rimeleg provoserande. Eg veit om døme på kvinnelege nyutdanna politifolk som ikkje kjem seg i arbeid fordi bælspreke pensjonistar fyller stillingar dei kunne fått.

Dette er provoserande for den kommunalt tilsette i skule og helse, som ikkje har helsestatistikken på si side, vi veit at ein stor del ikkje vil klare å stå i jobb til fylte 67. Vi har mange slag slitarar, det er både fysiske og mentale ryggar som sig saman i løpet av eit langt arbeidsliv.

For at denne nye pensjonsplanen skal fungere etter intensjonen, er det avgjerande at arbeidssituasjonen for 60+ blir sett nøye på. Å vere 69 og prestere som ein 30-åring er eit nådelaust krav, som kjem til å knekke folk ein etter ein. Vi ligg i praksis an til å få ein høgare pensjonsalder, og når dette skal vere i yrke som er totalt rigide når det gjeld å få ein avlasta arbeidssituasjon, veit vi at i realiteten blir dette rein sparing etter kvart som vi må kaste inn handkledet ein etter ein, om vi vil det eller ikkje.

Om eg stemmer ja eller nei til avtaleutkastet veit eg ikkje. Det kjem an på kva Roar (50) tør å gjette om helsa og livsgnisten til Roar(67), og kor langt solidariteten strekk seg når det kjem til stykket.

Men snart er det vår og høgsesong for retting for alle lærarar. Når nabo politimann fyller pulken opp med barnebarn på laurdagsmorgonen, skal lærarar frå 28 til 70 rette heildagsprøver i bunker som truar med  halde vårsola ute. Og det er vel like bra.

nyhetsbrevet