Eit eventuelt regjeringsskifte i haust vil berre vere ein forseinka konsekvens av valresultatet i 2017.
Torbjørn Røe Isaksen skriv i Morgenbladet 12. oktober at ei regjeringskrise som følgje av retningsvalet til KrF vil vere av historiske dimensjonar. Røe Isaksen kan naturlegvis den parlamentariske historia si. Mi vesle høne å plukke med forteljinga hans, er at den historiske dimensjonen er noko overdramatisert.
Vel og merke er det slik at mange regjeringsskifte utanfor stortingsval kan opplevast dramatiske og historiske der og då. For det fyrste er regjeringsskifte vesentlege hendingar i nasjonens liv. For det andre forventar vi som veljarar ein direkte samanheng mellom resultatet av stortingsvalet og regjeringsskipinga.
Mange er kanskje ikkje klår over at mistillit faktisk er den ordinære konstitusjonelle mekanismen for regjeringsskifte i Noreg.
Det har vi for så vidt god grunn til, og det er viktig for stortingsvalets legitimitet at veljarane ser samanhengen mellom val og styring. For det tredje er det brei semje om at stabile og styringsdyktige regjeringar er viktig for god styring av landet.
Samstundes er det likevel slik at vi av og til får regjeringsskifte midt i ein valperiode. Røe Isaksen nemner fleire grunnar til at ei norsk regjering kan bli tvungen til å gå av utanfor eit stortingsval. Det er her eg meiner vi må trekke pusten før vi omtalar dei historiske og konstitusjonelle dimensjonane av KrFs eventuelle sidebyte.
Den fyrste grunnen Røe Isaksen nemner er at “grove feil” fører til at ei regjering mistar Stortingets tillit og må gå av. Kåre Willoch er inne på det same når han til VG seier at regjeringsskifte helst bør skje som følgje av eit stortingsval eller ei konkret sak. Mistillitsvedtaket mot regjeringa Gerhardsen i 1963 som følgje av Kings Bay-saka, er den einaste gongen etter 1945 at ei regjering har måtte gå som følgje av mistillitsvedtak.
Det treng altså ikkje ligge noko klander i mistillit, politisk usemje er nok.
I tillegg skjer det ikkje sjeldan at mistillitsforslag blir retta mot statsrådar for brot på konstitusjonelle reglar eller andre klanderverdige handlingar i stortingsfleirtalets auge. Det er difor lett å tenkje at mistillit er reservert for dei tilfella der Stortinget uttrykker klander mot regjeringa eller ein statsråd i ei konkret sak. For statsrådar er mistillit alltid eit uttrykk for klander i ei konkret sak. For regjeringar er det meir komplisert.
Mange er kanskje ikkje klår over at mistillit faktisk er den ordinære konstitusjonelle mekanismen for regjeringsskifte i Noreg. Når vi seier at ei regjering tapar eit stortingsval, er det fordi regjeringa som følgje av valresultatet har mista støtta frå fleirtalet i Stortinget. Ein annan og konstitusjonelt meir korrekt måte å seie det same på, er at regjeringa ikkje lenger har tillit i Stortinget. I det norske parlamentariske systemet har stortingsvalet i seg sjølv ingen direkte rettslege konsekvensar for regjeringas stilling.
Ei regjering styrer landet til statsministaren går av eller regjeringa blir kasta gjennom eit mistillitsvedtak i Stortinget. Ei regjering som mistar fleirtalet i eit stortingsval vil sjølv velje å gå av for å unngå eit mistillitsvedtak mot seg så snart det nyvalde Stortinget trer saman. Mistillit er altså ikkje berre regjeringars død, men også grunnlaget for nye regjeringars liv.
Det treng altså ikkje ligge noko klander i mistillit, politisk usemje er nok. Døme på dette er regjeringa Hornsrud, som vart felt ved mistillitsvedtak på regjeringserklæringa i 1928. Noko liknande skjedde med regjeringa Lyng i 1963, som sjølv valde å gå av då det viste seg at regjeringas tiltredingserklæring – altså politikk – ikkje hadde fleirtal – altså tillit – i Stortinget.
Her er vi ikkje så langt unna situasjonen dersom KrF skulle bryte med Erna Solbergs regjering.
I desse tilfella var det regjeringas generelle politikk som felte den, ikkje konkrete saker. Om KrF skulle gå til venstre og felle regjeringa ved mistillitsvedtak utan ei konkret sak, vil det vere uvanleg, ja, men ikkje eineståande i norsk parlamentarisme.
Den andre grunnen til regjeringars avgang Røe Isaksen nemner, er kabinettspørsmål. Her er det snakk om at regjeringa vel å gå av fordi stortingsfleirtalet går mot den i ei konkret sak. For Willoch i 1986 var det bensinavgifta. For Bondevik i 2000 var det bygging av gasskraftverk. Samstundes må ikkje sjå oss blinde på dei konkrete sakene for kabinettspørsmåla.
Alle regjeringar kan finne ei sak den vil tape eit kabinettspørsmål på, berre saka er avvikande nok frå stortingsfleirtalets politikk. Den underliggande årsaka til kabinettspørsmål er nemleg at regjeringa ikkje lenger har fleirtal i Stortinget for det regjeringa sjølv ser på som ein vesentleg del av politikken sin. Ei regjering stiller helst ikkje kabinettspørsmål i småsaker.
Den tredje grunnen Røe Isaksen nemner er at regjeringskoalisjonen sprekk som følgje av indre politiske motsetnader mellom regjeringspartia. Regjeringane Borten i 1971 og Syse i 1990 er døme på det. Her er vi ikkje så langt unna situasjonen dersom KrF skulle bryte med Erna Solbergs regjering.
Tidlegare i år gjekk Venstre inn i regjeringa, men det gir ikkje regjeringa fleirtal i Stortinget.
Dagens regjering er ei mindretalsregjering, som i perioden 2013-2017 styrte med fleirtal i Stortinget på grunnlag av ein formell samarbeidsavtale med Venstre og KrF Regjeringsskipingar på grunnlag av formelle samarbeidsavtalar med parti utanfor regjeringa er norsk parlamentarismes svar på EØS-avtalen:
På same måte som at Noreg gjerne vil vere med i EUs indre marknad, men utan røysterett i EUs institusjonar, ville KrF og Venstre gjerne støtte politikken til Erna Solbergs regjering og bruke denne til å fremje eigen politikk, men utan statsrådstaburettar som løn og ansvar som byrde. Støttepartia vil altså vere både innanfor og utanfor regjeringa. I praksis fungerte den formelle samarbeidsavtalen mellom regjeringa og KrF og Venstre som ein regjeringskoalisjon, då avtalen garanterte regjeringa eit stabilt fleirtal i Stortinget.
Etter stortingsvalet i 2017 styrer som kjend regjeringa Solberg utan ein formell samarbeidsavtale med Venstre og KrF. Begge partia gjekk likevel til val på at Erna Solberg skulle halde fram som statsminister, men utan Frp i regjering. Tidlegare i år gjekk Venstre inn i regjeringa, men det gir ikkje regjeringa fleirtal i Stortinget.
Dersom no KrF vel å søke samarbeid med Arbeiderpartiet og Senterpartiet, vil det i praksis bety at regjeringskoalisjonen Erna Solberg stabla på beina i 2013, bryt saman. Som nemnt er dette ikkje ein ekstraordinær situasjon i norsk parlamentarisk historie.
Partiet må bestemme seg for kva del av valløftet det skal ære.
Regjeringsmakt i det norske parlamentariske systemet handlar om å byggje eit fleirtal for regjeringas politikk i eit parlament med fleire ulike parti utan fleirtal åleine. Ryk fleirtalet, ryk regjeringsmakta. Det er fellesnemnaren for dei fleste regjeringsskifte, anten det skuldast stortingsval, mistillit, kabinettspørsmål eller regjeringskoalisjonar som sprekk. Det same vil vere grunnen dersom KrF vel å felle regjeringa Solberg: Fleirtalet på Stortinget vil då ha ein annan politikk enn dagens regjering står for.
Det som verkeleg er ekstraordinært i denne saka er det politiske handverket til KrF. Partiet gjekk til val på at Erna Solberg skulle halde fram som statsminister, men utan Frp i regjering. Det var eit valløfte sjølv ikkje eit religiøst mirakel kunne oppfylle. Det sprikande valløftet og dårlege valresultatet er også grunnen til partiets retningsval no.
Partiet må bestemme seg for kva del av valløftet det skal ære. Slik sett vil eit eventuelt regjeringsskifte i haust berre vere ein forseinka konsekvens av valresultatet i 2017.
Kommentarer