Eg kjem til å skrive nynorsk fram til ingen hever eit augebryn over at eg gjer det lenger.
Me liker alle å passe inn. Det er alltid stress dei gongane ein merkar at ein har bomma litt på ein sosial kode. Når ein møter opp i eit selskap litt for overpynta. Når ein har brukt litt for lite på ei gåve samanlikna med andre. Å snakke oslodialekt og skrive nynorsk gir av og til den same kjensla av å skilje seg ut. Ein får spørsmål på spørsmål, kommentar på kommentar på kvifor ein skriv nynorsk. Så kvifor orke?
Eg bestemte meg for å skrive nynorsk i 2005. Då var det nynorskforbod i ei rekke aviser. Til og med dei som ville sende inn lesarbrev til avisa måtte skrive bokmål til mange redaksjonar. Det var ingen filmar på kino som blei teksta på nynorsk. Det spelte sikkert også inn at eg var i siste del av tenåra, åra i livet der ein kanskje er mest open for å bli engasjert politisk. Så då ein kamerat var klar for å gå over på den andre sida og bytte hovudmål, var eg med. Og der har me blitt.
Det var ein demokratisk måte å bygge opp språket på.
Det finaste med nynorsken er ikkje kor fint det er i dikt. Det finaste er ideane språket bygger på. For då Ivar Aasen, nynorskens far, starta jobben med å samle dei norske dialektane, hadde me ikkje noko eige skriftspråk. Me hadde dansk, som var språket i vårt naboland. Elitane i storbyane snakka dansk. Alle andre taleformer fekk lågare status. For dei som ikkje snakka dansk blei dialekta eit problem, noko ein måtte legge av seg for å passe inn.
Aasen viste korleis dialektane over heile i landet hadde eit felles opphav i gammalnorsk. Og han skreiv nynorsken i eit forsøk på å samle dei igjen i eit felles skriftspråk. Språket samla den vifteformasjonen av dialektar norsk har utvikla seg til. I det låg tanken om at norsk skriftspråk burde basere seg på måten vanlege folk snakka på over heile landet. Det var ein demokratisk måte å bygge opp språket på.
Tanken om at dialekt var noko ein skulle legge frå seg i hovudstaden, på TV og i profesjonelle samanhengar, har hengt ved oss lenge. Heldigvis er det betre no. Barna som veks opp i dag høyrer langt fleire dialektar på TV enn me gjorde for 30 år sidan. Dette kan kanskje verke som ei naturleg utvikling, men det har vore eit resultat av politisk kamp. Oteren Sven snakkar trønderdialekt (rett nok med ein veldig rar stemme) på NRK Super, fordi nokon har orka å mase på NRK om barne-TV på dialekt.
Det er stress at noko av det fyrste mine matchar på Tinder spør meg om er kvifor eg ikkje bruker bokmål.
Men det er framleis vanleg at mange føler dei må legge om, og at mange synst det er lettare sosialt å snakke bokmålsnært når dei flyttar til meir sentrale strøk. Sjølv flytta eg mykje i oppveksten, og endte opp med å veksle mellom stavangerdialekt, trønderdialekt og oslodialekt ut i frå kven eg var saman med. Å legge om dialekta blei ein strategi for å passe betre inn. Kanskje det var difor tankane til Ivar Aasen trefte meg nok til å bytte til nynorsk nokre år seinare.
I våre dagar handlar språkdebatten mellom anna om at barn som veks opp med nynorsk som hovudmål ikkje får tilgang på nynorske læremiddel. Det er vanskeleg å halde på språket sitt om ein ikkje har fått læremiddel på eige språk og programvara lager raud strek under rett språkbruk. Akkurat no lager regjeringa ny opplæringslov og skal mellom anna ta stilling til om læremidla må ha nynorsk stavekontroll eller ikkje. Sjølvsagt burde dei ha det.
I 2017 opna VG for nynorsk på redaksjonell plass. Så fulgte Aftenposten og TV2 etter. I Dagbladet kan ein stadig ikkje jobbe i redaksjonen som nynorskbrukar. Denne utestenginga av nynorsk på redaksjonell plass gjer at mykje av den nynorsken me har rundt oss ikkje blir synleg i riksmedia. Nynorsk har blitt eit språk mange legg bort i vaksenlivet og jobblivet, mellom anna for å sleppe den sosiale kostnaden det har å insistere på å bruke sitt eige språk.
Personleg synst eg sjeldan det er skikkeleg vanskeleg å vere nynorskbrukar. Eg har gått inn i dette med opne auge. Men det er likevel av og til sosialt stressande. Det er stress at ei sms-utveksling med andre foreldre om dugnad på skulen går over i samtale om kvifor eg skriv på nynorsk. Det er stress at noko av det fyrste mine matchar på Tinder spør meg om er kvifor eg ikkje bruker bokmål. Det var ikkje primært for å fortelje om Ivar Aasen at eg lagde meg profil der.
Det er framleis grunn til å krevje at fleire aviser slepp nynorsken til i sine spalter.
Og eg veit at det sjølvsagt ikkje er vondt meint at folk spør. Eg veit at det ofte berre er venleg nysgjerrigheit. Men totalen av spørsmål er så stor at det blir slitsamt. Når nokon har spurd deg hundre gongar om kvifor du er litt annleis enn andre, er det lett å bli litt kort og sur i svaret.
Men sånn er det altså. Og kanskje illustrerer alle desse små, litt skurrande kvardagssituasjonane kor langt me er unna reell likestilling mellom dei to språka.
Samtidig gjer alt dette sosiale styret meg meir innbitt. Det er framleis grunn til å krevje at fleire aviser slepp nynorsken til i sine spalter. Det framleis grunn til å krevje at me har nynorske læremiddel til nynorskelevane. Og det er openbart alt for lite nynorsk rundt oss så lenge alle synst det er rart at Oslofolk som meg bruker dette språket.
(Teksten er også publisert i Dagsavisen, mandag 28. november.)
Kommentarer