FOTO: Venice Commission

Ulvetid for den europeiske rettsstaten

Donald Trumps ufine twitter-meldingar er som blåbær å rekne mot det som no skjer på dørstokken vår i ein av EUs største og viktigaste medlemsstatar, Polen.

Norsk media og kommentatorar har den siste tida lete seg sjokkere av Donald Trumps åtak mot amerikanske dommarar. Gløym Trump ein liten augeblink. Trumps ufine twitter-meldingar er som blåbær å rekne mot det som no skjer på dørstokken vår i ein av EUs største og viktigaste medlemsstatar.

Det er snakk om ein vinnaren-tek-alt-mentalitet.

I Polen har de felleseuropeiske idealet om sjølvstendige domstolar det siste året blitt sett på si hittil hardaste prøve sidan kommunismens fall. No tyder det meste på at rettsstaten tapar i Polen. Ringverknadane kan bli alvorlege for Europa.

 

Den polske rettsstaten for fall

Sidan sommaren 2015 har konstitusjonsdomstolen i Polen stått i sentrum for ein bitter politisk strid mellom det styrande høgreorienterte partiet PiS og den sentrumsorienterte opposisjonen rundt partiet PO. Konstitusjonsdomstolen er viktig for rettsstaten fordi den har makt til å handheve den polske konstitusjonen overfor regjeringa og parlamentet, og sikre innbyggjaranes grunnlovsbestemte rettar mot statlege inngrep.

Sett frå ein politisk ståstad kan derimot konstitusjonsdomstolen stå i vegen for radikale og djuptgripande politiske, sosiale og økonomiske reformer.

Det er lov å vere forvirra no, men vent, det blir verre.

Det som skjer i Polen er for det fyrste ein strid om dommarutnemningar. For dei politiske blokkene handlar det om å plassere «sine» dommarar i konstitusjonsdomstolen. Det er snakk om ein vinnaren-tek-alt-mentalitet, der det berre er rett og rimeleg at den politiske sigerherren også skal kontrollere domstolane. Dette er ein mentalitet som står fjernt frå europeiske ideal om domstolanes sjølvstende frå politikken som ein berebjelke i rettsstaten.

 

Råkøyr mot konstitusjonsdomstolen

Før parlamentsvalet i 2015 utnemnte det utgåande PO-kontrollerte parlamentsfleirtalet fem nye dommarar til konstitusjonsdomstolen. Det var to dommarar for mykje, fordi desse embeta fyrst vart ledige etter parlamentsvalet det året. Dette valet vann PiS, som skipa regjering. PiS utnemnte då fem nye dommarar til konstitusjonsdomstolen. Ikkje berre dei to embeta som vart ledige etter valet, men også dei tre embeta som hadde blitt ledige før valet, og som var lovleg fylt av PO.

Det er ikkje uvanleg at statar får kritikk frå Venezia-kommisjonen.

Det er lov å vere forvirra no, men vent, det blir verre.

Då dommarutnemningane kom på bordet til konstitusjonsdomstolen for godkjenning, godkjende den tre av dommarane utnemnt av PO og to av dommarane utnemnt av PiS. Problemet var at den polske presidenten Andrzej Duda frå PiS også måtte godkjenne dommarutnemningane. Han nekta å godkjenne dei tre dommarane lovleg utnemnt frå PO, og godkjende berre dommarane utnemnt frå PiS. Dermed stod konstitusjonsdomstolen att med tre ledige seter.

Parallelt med striden om dommarutnemningane har det PiS-kontrollerte parlamentet vedteke ei rekkje lovendringar for å hindre konstitusjonsdomstolen i å fungere effektivt. Alle triks i boka er teke i bruk. Til dømes vil eit krav om at domstolen må behandle alle saker i den rekkefølgja dei kom inn føre til at domstolen ikkje kan prioritere hastesaker eller politisk viktige saker framfor småsaker.

Denne saka har avslørt kor makteslause europeiske handhevingsorgan er.

Krav om at fleire saker må behandlast i plenum, samstundes som at eit mindretal av dommarane kan trenere plenumsbehandlinga, gjer at domstolen lett kan setjast ut av spel. Og slik held det fram. Summen av desse lovendringane er at domstolen ikkje kan fungere effektivt.

Den polske konstitusjonsdomstolen har i to dommar kjend desse lovendringane grunnlovsstridige. Det har ikkje stoppa PiS. President Duda har ganske enkelt nekta å publisere konstitusjonsdomstolens dommar og hevdar dommane då ikkje er gyldige. For norske juristar vil dette resonnementet om at avgjerdene til ein domstol må godkjennast av den utøvande makta for å vere gyldige, føre tankane tilbake til eineveldets glansdagar før 1814. Men no er vi i Polen i 2017.

Midt opp i dette har det også vore presidentskifte i konstitusjonsdomstolen. Perioden til Andrzej Rzepliński gjekk ut 19. desember i fjor. PiS var då raskt på bana med ei rekkje strategiske lovendringar som endra prosedyren for val av ny domstolspresident. Desse lovendringane, som polske kommentatorar seier er opplagt grunnlovsstridige, gjorde at ein av dei to PiS-utnemnte dommarane vart midlertidig president.

Her er eg sjølv medlem frå Noreg, og eg har følgd dramaet på nært hald.

Denne dommaren godkjende straks dei tre øvrige PiS-utnemnte dommarane som Rzepliński hadde nekta å godkjenne. Det betyr at når enno eit dommarembete blir ledig til sommaren, vil dei PiS-utnemnte dommarane vere i fleirtal.

Enden på visa er altså at vel eit år med konstant råkøyr mot konstitusjonsdomstolen har enda med total siger for PiS.

 

Europa er handlingslamma

Den regelrette politiske overtakinga og kastreringa av konstitusjonsdomstolen i Polen har skjedd heilt opent og framfor auga til eit europeisk publikum. Denne saka har avslørt kor makteslause europeiske handhevingsorgan er mot ein nasjonalstat som er fast bestemt på å avvikle sentrale rettsstatsgarantiar som ein konstitusjonsdomstol er meint å vere.

Europarådet kom raskt på bana gjennom Venezia-kommisjonen, som er Europarådets handhevingsorgan for felleseuropeiske konstitusjonelle standardar. Her er eg sjølv medlem frå Noreg, og eg har følgd dramaet på nært hald. Venezia-kommisjonens vurderingar er berre rådgjevande for medlemsstatane, men har autoritet gjennom sin høge ekspertise og lange erfaring.

Rettsstaten er død i Polen. Ikkje mindre.

I to grundige og kritiske rapportar konkluderte Venezia-kommisjonen med at lovendringane til PiS i sum ville undergrave den polske konstitusjonsdomstolens sjølvstende og effektivitet.

Etter den andre rapporten i oktober 2016 svara den polske regjeringa på krast vis med å bryte alt samarbeid med Venezia-kommisjonen. Det er ikkje uvanleg at statar får kritikk frå Venezia-kommisjonen, men dette var fyrste gong i kommisjonens historie at ein stat bryt samarbeidet etter ein kritisk rapport.

Også EU kom på bana. Striden om den polske konstitusjonsdomstolen er elddåpen til EU-kommisjonens Rule of Law Framework – EUs handhevingsmekanisme mot systemtrugslar mot rettsstaten i medlemsstatane. Dette rammeverket vart oppretta av EU-kommisjonen i 2014 i kjølvatnet av EUs manglande evne til å stoppe tilsvarande politiske inngrep overfor domstolane i Ungarn under statsminister Viktor Orbán.

Sjølvstendige domstolar er heilt nødvendige i ein demokratisk rettsstat.

I 2016 sette EU-kommisjonen Polen formelt under overvaking etter prosedyrane i Rule of Law Framework og konkluderte med at det er ein «systemic threat to the rule of law in Poland». Problemet er at dette regelverket ikkje kan føre til andre sanksjonar enn å setje i verk det som i EU er kjend som «the nuclear option», nemleg å ta frå Polen røysterett i EUs institusjonar.

Det er ikkje berre politisk svært vanskeleg i desse Brexit-tider, der EU-skeptiske rørsler er på frammarsj i mange medlemsstatar. Det kan òg vise seg å vere juridisk umogleg all den tid eit vedtak krev samtykke frå alle medlemsstatane. Ikkje overraskande har Viktor Orbán for lengst gitt klår melding om at Ungarn aldri vil gå med på sanksjonar mot Polen.

nyhetsbrevet

Spørsmålet no er om EU-kommisjonen likevel må føreslå sanksjonar mot Polen for å ikkje tape andlet etter å ha formelt konstatert at rettsstaten er i fare i Polen. Mykje står på spel også for EU. Kan EU i det heile leve med at ein av dei største medlemsstatane etter EU-kommisjonens syn ikkje har sjølvstendige og effektive domstolar?

Det er dette prinsippet vi no ser står for fall i Polen.

Saka om den polske konstitusjonsdomstolen viser kor sårbare dei europeiske handhevingsordningane og rettsstatsprinsippa er overfor ein stat som ikkje bryr seg om internasjonal kritikk.

 

Kva står på spel?

Sjølvstendige domstolar er heilt nødvendige i ein demokratisk rettsstat. Domstolane skal på den eine sida sikre at demokratisk vedtekne lover blir følgde, og samstundes passe på at politikken held seg innanfor dei konstitusjonelle spelereglane.

Det er dette prinsippet vi no ser står for fall i Polen. To nylege lovendringar gir ein peikepinn på kva som er i vente.

PiS har òg teke kontroll over statlege media.

For det fyrste har det PiS-kontrollerte parlamentet alt vedteke ei lov som innskrenkar forsamlingsfridomen slik at regjeringa kan forby demonstrasjonar. President Duda har nekta å skrive under på lova og sendt den vidare til konstitusjonsdomstolen. Spørsmålet er likevel om ein PiS-utnemnt konstitusjonsdomstol vil setje foten ned for ei slik lov?

Eit anna lovforslag frå PiS som no er under vegs går ut på å gjere endringar i utnemningsprosedyrane for dommarar i dei ordinære domstolane. I Polen, som i fleire andre europeiske land, skjer dommarutnemningar i eit uavhengig organ, der representantar frå dommarstanden er i fleirtal.

Lovendringa går ut på å sparke medlemmane av det noverande utnemningsorganet og gi dei politisk utnemnte medlemmane høve til å blokkere framtidige dommarutnemningar. I tillegg skal den polske presidenten få det avgjerande ordet i dommarutnemningane. Det er neppe tvil om at lovforslaget er grunnlovsstridig, men igjen: Vil ein PiS-utnemnt konstitusjonsdomstol setje foten ned for denne lova?

Det som skjer i Polen no kan få konsekvensar langt ut over Polens grenser.

Reaksjonane blant polske dommarar er sterke, men mykje tyder på at dei er makteslause. Etter at lovforslaget vart lagt fram uttalte presidenten i den polske høgsteretten at «the époque in which we relied on the principle that the democratic state is ruled by law, as expressed in Art. 2 of the Constitution, has ended«. Rettsstaten er død i Polen. Ikkje mindre.

Innskrenking av forsamlingsfridomen og politisk kontroll over utnemningane til dei ordinære domstolane. PiS har òg teke kontroll over statlege media. Kva blir det neste?

 

Ringverknadane i Europa og i Noreg

Det som skjer i Polen no kan få konsekvensar langt ut over Polens grenser. Når PiS i Polen kan halde på som dei gjer utan frykt for sanksjonar anna enn verbale protestar frå andre europeiske statar og institusjonar, kan det inspirere illiberale politiske grupperingar i andre statar til å gjere det same?

Hendingane i Polen bør vere ein vekkar for nordmenn.

Avviklinga av rettsstaten i våre dagar skjer ikkje nødvendigvis ved at styresmaktene kastar dommarane i fengsel, slik vi ser i Tyrkia. Det kan også skje som i Polen i form av lovendringar som kvar for seg kanskje kan sjå uskuldige ut, men som i sum kan undergrave domstolanes sjølvstende og effektivitet.

Striden om den polske konstitusjonsdomstolen er viktig for Europa fordi den dessverre er symptomet på ein urovekkande tendens på at domstolanes sjølvstende er under stadig sterkare politisk press på kontinentet vårt. I EU-landet Slovakia manglar konstitusjonsdomstolen tre av tretten dommarar fordi presidenten i over to år har nekta å godkjenne kandidatane som det slovakiske innstillingsrådet for dommarar har vald.

Eit litt anna døme på at domstolane blir politiserte, er den engelske tabloidavisa som på framsida hengte ut dommarar som «Enemies of the people» etter dommen i Brexit-saka.

Også her heime burde hendingane i Polen vekke uro. Polen er ikkje berre eit viktig EU-land. Det er også ein viktig handelspartnar for Noreg og heimlandet til mange av innbyggjarane våre. Det er altså eit rettsstatleg samanbrot i ein av våre næraste samarbeidspartnarar vi no ser utfalde seg framfor auga våre.

Dei verkelege ulvane går fritt i Europa.

Hendingane i Polen bør vere ein vekkar for nordmenn om domstolanes viktige rolle i ein demokratisk rettsstat. Her heime har samfunnsvitarar i årevis fortald oss i at auka rettsleggjering og domstolsmakt er ein trugsel mot demokratiet. Det kan sjølvsagt vere noko sant i det. Domstolanes lagnad i Polen minner oss likevel om at utan sterke og sjølvstendige domstolar kan det gå dårleg med demokratiet også.

Noreg står enn så lenge fjernt frå det konstitusjonelle dramaet som utspelar seg rundt om i Europa. Den store demokratidebatten i Noreg på nyåret gjeld noko så smått som fellingsløyve for nokre stakkars få ulvar. Dei verkelege ulvane går fritt i Europa.

nyhetsbrevet