FOTO: Erlend Aas / NTB scanpix

Eit livssynsnøytralt samfunn er ein utopi

I september presenterte SVs Bård Vegar Solhjell og Ketil Raknes «fem prinsipp for religion i nye Noreg». Dei gløymde i farta å forklare termen «nye Noreg» og kven som har definisjonsmakta på kva som er «typisk norsk»

Dei fem prinsippa som vart lagt fram av SVs Bård Vegar Solhjell og Ketil Raknes, er meint som eit fundament for at fleirreligiøsitet skal kunne inkluderast i den skandinaviske samfunnsmodellen. Tanken er i denne omgang retta mot utfordringar knytt til islam. Det er ikkje ein dum idé å ha ein strategisk plan for å klare dette, men prinsippa har ein tendens til å hoppe bukk over religionsrespekten.

Mørkemenn

Ifølgje prinsippforfattarane er det typisk norsk å vere «ikkje-religiøs», og denne haldninga er i deira auge ein verdi. Dette vert problematisk for meg, fordi i mitt omgrepsrepertoar er ikkje religiøsitet i seg sjølv ein verdi. Det manglar også ein definisjon på «typisk norsk» og kven som har definisjonsmakta over det «det norske verdifellesskapet». Passande nok vert «sekularisme» også peika på som ein sentral norsk verdi.

Eg tviler på at Solhjell og Raknes ser islam som utelukkande «mørkemenn».

Retorikken artikkelforfattarane brukar i setninga «Vi har kjempa mot mørkemenn i kristendomen gjennom hundrevis av år her i landet. No må vi kjempe mot mørkemenn i islam» er unyansert. Med litt kunnskap innabords er det klårt at kristendomen ikkje utelukkande har vore mørkemenn, og med litt kunnskap burde det vere klårt at islam heller ikkje er utelukkande mørkemenn.

Kritikk av strukturar som er manipulative og/eller undertrykkande er viktig, men kritikken må vere konstruktiv – ei kollektiv forakt mot ein eller fleire religionar løyser ingen religiøs undertrykking. Og ikkje minst, kritikken må vere definert og målretta. Eg tviler på at Solhjell og Raknes ser islam som utelukkande «mørkemenn».

Eg vil, i punkta under, primært vise til deira tekst, men også ved eit par anledningar peike på Knut Arild Hareide (KrF) sitt motsvar.

1) «Staten må være livssynsnøytral, og religionen tilbaketrekt i samfunnet»

For det fyrste saknar eg i dette prinsippet ein definisjon på kva «tilbaketrekt» tydar. For det andre burde «livssynsnøytral» vere ein foreldra term. Eit livssyns-vakuum er umogeleg å oppnå. Det nøytral-tilhengarane higer etter er eigentleg ei forrang til ikkje-religiøse livssyn i det offentlege rom.

På dette punktet støtter eg Knut Arild Hareide sitt kontra-prinsipp: «Staten og offentlegheita må vere livssynsope». “Livssynsope” er meir oppnåeleg enn det utopiske «livssynsnøytrale». Nøkkelen er Hareide si påpeiking: «det fleirreligiøse samfunnet», som vi faktisk lever i.

Eit livssyns-vakuum er umogeleg å oppnå.

Vi som har vakse opp i Noreg har opplevd eit samfunn der religion og politikk ikkje har vore spesielt tett knytt saman. Det er fjernt for oss med ein kvardag der ein ikkje skil mellom desse storleikane. Problemet er at vi har to svært ulike utgangspunkt. Vår vestlege kritikk må ikkje skje ugrunna og utan eit bakteppe av forståing.

Ved å forby element muslimar er vande med og meiner er naudsynte, utan å gi ei forklaring som er i dialog med deira bakgrunn, vil vere å skape framandgjering. Det vil fort resultere i det motsette av det prinsippa har som mål. Det gir ikkje rom for religionsdialog. Det vil skape motstandarar. Og det er vel nett det vi vil prøve å unngå?

Skal vi gjere noko med problematiske, religiøse fenomen, må debatten tas frå ein felles plattform tufta på respekt og forståing.

Ein sekulær stat er ikkje naudsynt synonymt med eit ikkje-synleg religionsbilete.

2) «Eit norsk verdifellesskap»

Enno ein gong må definisjonsspørsmålet reisast: Kva er «det norske verdifellesskapet»? Og kven har definisjonsmakt over det?

Kva er «det norske verdifellesskapet»?

Solhjell og Raknes vil forby ansiktstildekkande plagg i utdanningssetting. Vi kan godt ta diskusjonen om desse plagga er kvinneundertrykkande, men det fører ingen veg om vi står her med vår «kvite, vestlege sekularisme», og risikerer at fleire jenter faller utanfor skulen – fordi dei ikkje får lov å delta utan religiøse plagg. Det same gjeld «burkini-debatten».

Kanskje ynskje om kjønnsdelt symjeundervising hadde stilna, om jentene fekk lov å bruke dette plagget? Eg har ingen intensjon om å godta alt «berre fordi det er religiøst». Men eg har ingen tru på at eit sekulært lovverk, utan rom for dialog og møter, vil endre enkeltpersonars behov for religiøs påkledning.

3) «Norsk fyrst, religiøs etterpå»

Solhjell og Raknes fortsett å gløyme definisjonsbiten, og eg er ikkje overtyda om at det er konsensus rundt kva det tyder «å vere norsk». Det er også problematisk om ei styresmakt går inn og prøver å regulere personleg identitet. Storleikane etnisitet og livssyn er ikkje motpolar, og kan ikkje målast opp mot kvarandre på denne kvantitative måten.

Det er mange menneske som vil leve i det norske samfunnet, også over lengre tid, som av mange årsaker ikkje har moglegheit til å definere seg som «norsk fyrst». I dagens moderne verden, er det ikkje slik at alle menneske fødast, veks opp og fortsett å leve i eitt og same land. Dette er det mange grunnar til – både valde og påtvungne. Eksempel er asylsøkarar, arbeidsinnvandrarar og personar som gifter seg med ein frå eit anna land.

nyhetsbrevet

Kan vi krevje at alle desse skal vere «norsk fyrst»? Eg vil tru at for ein del av nemnde eksempel er fødeland ein nærare assosiasjon som fyrsteprioritet i identiteten, enn det «å vere norsk». Skal vi på den andre sida også krevje at alle etniske nordmenn som er busett i utlandet skal endre identitet til for eksempel «spansk fyrst»?

Skal vi på den andre sida også krevje at alle etniske nordmenn som er busett i utlandet skal endre identitet til for eksempel «spansk fyrst»?

Frasen «norsk fyrst, religiøs etterpå» gir meg automatisk ei tolking som seier at verdiane i «det norske, sekulære verdifellesskapet» aldri kan vere synonyme med religiøse verdiar. Det ville tilsagt denne rekkefølga: «sekulær fyrst, religiøs etterpå». Det gir inga meining. Sekularisme kan ikkje vere ein «sentral norsk verdi», samstundes som religion skal få lov å vere ein del av menneske sitt liv.

Å sekularisere strukturane i det offentlege tilbodet i ein velferdsstat, ja det eg er samd i. Men terminologien kan ikkje direkte overførast til ein personleg verdi. Prinsippforfattarane har i beste fall bomma på ordval, i verste fall starta ein vendetta mot det religiøse mennesket.

4) «Religion er inga privatsak, om lover vert brotne eller menneske undertrykt»

Altså, INGENTING er ei privatsak om lover vert brotne. Det gjeld så vel politikk, kultur, helsetilbod og alle andre samfunnssfærar, som religion.

I dette punktet finn vi utsegnet: «Eit liberalt samfunn skal vere tolerant, men toleransen må stoppe ved det intolerante.» Her vert fenomenet «liberalt samfunn» introdusert. Igjen er det fråvær av definisjon, og liberal heng i lause lufta. Tydinga av omgrepet har faktisk ulike konnotasjonar i ulike høve. Det er ikkje slik at alle i eit moderne eller sekulært samfunn er samde i at «liberalt» er bra. Eksempelvis er ikkje alle «ikkje-religiøse» for ein liberal økonomi. Det er heller ikkje slik at alle «ikkje-religiøse» vil assosierast med eit liberalt, politisk parti.

Det er ikkje slik at alle i eit moderne eller sekulært samfunn er samde i at «liberalt» er bra.

Der religion gjer overtramp på menneskerettigheitene, der har vi både lov og plikt til å seie i frå. Men diskusjonen må, som Hareide også peika på, skje konstruktivt. Den tiltalande part må møte den religiøse med ei grunnleggande forståing og respekt, fordi religiøs overtyding er ein djuptgåande dimensjon i tilværet, og kritikken bør ikkje momentant bli oppfatta som eit åtak. Ein slik retorikk frå tiltalar er ekskluderande og framandgjerande.

Det siste som må peikast på i dette punktet er at Solhjell og Raknes skriv rett ut at «religionar er maktsystem». Denne definisjonen har eg til gode å lese i ei fagleg kjelde. Det kan vere både sunne og usunne maktstrukturar i ein religion, men dei religionane eg kjenner til har ikkje «maktsystem» som kjernen i sin natur. Her viser prinsippforfattarane enno ein gong uvitenheit og lite vilje til å forstå det religiøse aspektet. Eit dårleg utgangspunkt for religionsdialog, spør du meg.

5) «Det står ikkje mellom kristendomen og islam. Det står mellom eit sekulært eller eit religiøst samfunn»

Det har vel aldri vore foreslått å innføre «eit religiøst samfunn», i den forstand at religiøse lovar legg grunn for statleg/offentleg reglement. Vi har eit sekulært samfunn i dag. Eg er samd i at det er viktig med eit sekulært styresett. Men det å ha rom for religion i det offentlege rom vil ikkje gjere at landet vert utelukkande religiøst.

Ved å vere eit pluralistisk og fleirkulturelt samfunn, burde vi vere forplikta til å la menneske vere seg sjølve. Dette inkluderer religionsfridom, som burde vere synonymt med å ha lov til å bere sin religiøse identitet også i det offentlege rom.

Ved å vere eit pluralistisk og fleirkulturelt samfunn, burde vi vere forplikta til å la menneske vere seg sjølve.

Ironisk nok snakkar Solhjell og Raknes også om «ein tolerant sekularisme med stort rom for den enkelt si tru». For det fyrste kjennest ikkje utgreiinga av desse fem prinsippa som spesielt tolerante. For det andre opnar den ikkje for særleg stort rom for «den enkelte si tru». Her er det anten eit misforhold mellom mål og verkemiddel, eller tomprat for å vere politisk korrekt.

Islam sine utfordringar

Når religion og politikk for nokon vert to udelelege storleikar, kjem vi ikkje unna å måtte forstå denne situasjonen for å kunne ta tak i utfordringane religion i dagens samfunn står ovanfor. Men før vi går til det steget å trykke nye, norske lover som innskrenkar religiøs fridom, må vi sjå til dei delane av verda der «problemet» oppstod.

Korleis og kvifor oppstod det muslimske brorskapet, som artikkelforfattarane viser til som ein viktig grunn til den vaksande, ytterleggåande delen av islam. Kvifor vert religion i det heile politisert?

Det er ikkje alle «muslimske land» der dette har vore konsekvent. Vi må rett og slett forstå strukturane, for å ha ballasten til å stå i ein slik type dialog. For det er framleis dialog vi treng. Det nyttar ikkje å lage reglar i Noreg, som får eit ekskluderande resultat her og er i fare for å bygge opp under nemnde ytterleggåande islam, utan å rette blikket ut. Opphavet til «problemet» ligg ikkje her heime, men ein plass utanfor landegrensene våre.

Vi kan regulere så mykje vi vil, men tar vi ikkje ei oppgjerd med utanforliggande strukturar, er det fånyttes.

Gode intensjonar

For å vere heilt klar; eg trur intensjonane er gode i dette prinsippføreslaget. Men eg er redd mottakinga – frå den målgruppa desse «prinsippa» i utgangspunktet er retta mot – er forakt mot eit maktspråk dei kjenner som eit åtak.

Poenget er at vi må bruke eit anna språk for denne konflikten, og ein anna plattform som utgangspunkt. Å avfeie ein religiøs ståstad med argument som ikkje snakkar same språk som den religiøse, det er ikkje vegen til semje og eit religionsope samfunn. For akkurat her er eg i alle fall samd med Hareide; eit livssynsnøytralt samfunn er ein utopi.

Religion må få lov å vere ein del av det offentlege rom, utan at det i nokon sine auge er synonymt med å setje presedens for eit statleg lovverk. Religiøse tendensar som er i strid med menneskerettigheitene, ja dei må vi gjere noko med – men dialog er vegen å gå.

Det er inga tvil om at vi står ovanfor utfordringar knytt til islam og andre religionar. Men det ser diverre ut som mange framleis manglar eit adekvat språk for å ta debatten.

Til sjuande og sist er det terminologien, framfor intensjonen, i innlegget til Solhjell og Raknes eg er usamd med. Fordi språk er makt. Språk definerer. Språk inkluderer og ekskluderer. Det er inga tvil om at vi står ovanfor utfordringar knytt til islam og andre religionar. Men det ser diverre ut som mange framleis manglar eit adekvat språk for å ta debatten. Desse prinsippa har ein god intensjon, men druknar i uintenderte provokasjonar.

nyhetsbrevet