FOTO: Flickr cc/Torbjørn Tandberg

Asylbarna er den nye ulven

Statsråd Sylvi Listhaug er frustrert over at Stortinget overstyrte regjeringas politikk for einslege mindreårige asylsøkarar. Ho har eit poeng.

I vår var det ulven. No er det einslege mindreårige asylsøkarar som får Stortinget til å gå av skaftet og overstyre regjeringa på ein måte som bør få varsellampene til å blinke. Det vi ser er ein slags stortingspopulisme. I vår var det Senterpartiet og Hedmarksbenken på Stortinget som førte an. No er det Arbeiderpartiet.

Tysdag 14. november gjorde Stortinget med Arbeiderpartiet i spissen fire hastevedtak om rettsstillinga til einslege mindreårige asylsøkarar som kan visast til internflukt.

Desse vedtaka var ikkje behandla i Stortingets komitear, departementet eller sende på høyring. Berre regjeringspartia Høgre og Frp røysta mot. KrF og Venstre stilte seg altså på Arbeiderpartiets side. Kva er så problemet?

Kort fortald skjedde dette: Stortinget instruerte regjeringa til å instruere forvaltninga om både lovtolking og behandlinga av ei gruppe enkeltsaker. Les gjerne den føregåande setninga ein gong til. Du treng ikkje vere jurist for å skjøne at noko skurrar.

Eg skal forklare litt nærare. Meir presist vedtok Stortinget to pålegg til regjeringa.

For det fyrste la vedtaka føringar på tolkinga og praktiseringa av utlendingslova § 38. Denne paragrafen gjev heimel for opphaldsløyve grunna sterke menneskelege omsyn. Stortinget vedtok at regjeringa må oppheve ein instruks om praktiseringa av utlendingslova § 38 for einslege, mindreårige asylsøkarar mellom 16 og 18 år som kan visast til internflukt.

Noko rettsleg plikt til å følgje Stortingets oppmodingsvedtak har Listhaug derimot ikkje.

Regjeringa vart også pålagd å syte for at «omsorgspersoner, nettverk og/eller ressurser til å etablere seg i internfluktområdet skal ha betydning ved vurderingen av om det for enslige mindreårige asylsøkere skal gis ordinær tillatelse etter utlendingsloven § 38».

I vår var det ulven. No er det einslege mindreårige asylsøkarar som får Stortinget til å gå av skaftet og overstyre regjeringa på ein måte som bør få varsellampene til å blinke. FOTO: Int. Red Cross/Flickr cc.

For det andre påla Stortinget regjeringa å vurdere på nytt alle saker med vedtak om einslege mindreårige asylsøkarar som er vist til internflukt og har fått midlertidig opphald, frå 1. oktober 2016 og fram til i dag.

Dei fire vedtaka var såkalla oppmodingsvedtak («anmodningsvedtak») og var utforma som at «Stortinget ber regjeringen…». Intensjonen var likevel ein annan: Regjeringa skal gjere som Stortinget ber. Vedtaka var meint som pålegg til regjeringa, og statsråd Listhaug oppfatta dei som pålegg.

Trond Giske frå Ap sa det som det er under stortingsdebatten «at hittil har ingen konflikt mellom en statsråd og stortingsflertallet endt med at Stortinget går. Det er en statsråds grunnleggende plikt å prøve å gjennomføre den politikken som Stortinget vedtar.»

Giske har sjølvsagt rett. Noko rettsleg plikt til å følgje Stortingets oppmodingsvedtak har Listhaug derimot ikkje. Regjeringa kan nekte å følgje stortingsvedtaka og satse på at KrF og Venstre ikkje har mot til å felle den.

Vil vi at Stortinget hastig og utan førebuing skal overstyre forvaltninga i einskildsaker ut frå flyktige politiske interesser?

Problemet i denne saka er likevel ikkje om regjeringa må eller ikkje må følgje Stortingets vedtak. Problemet er konsekvensane av denne typen instruksar frå Stortinget til regjeringa.

Opp gjennom åra har det vore ulike syn på instruksjonsrettens statsrettslege status både på Stortinget og i juridisk teori. To ting har likevel også Stortinget halde fast på når det i komitéinnstillingar eller ved andre høve har sagt noko om Stortingets instruksar til regjeringa.

Det eine er at Stortinget ikkje skal og ikkje kan gje generelle instruksar om korleis regjeringa skal utøve ein kompetanse gjeven ved lov (sjå Innst. S. nr. 277 (1976-77) s. 6).

nyhetsbrevet

Det handlar om noko så enkelt som at lover berre kan endrast eller opphevast gjennom nytt lovvedtak. Og lovvedtak må følgje ein litt annan prosedyre enn andre stortingsvedtak (sjå Grunnlova §§ 76-79). Med lovprosedyren kjem også ei tryggare saksbehandling og konstitusjonelt og politisk ansvar.

Det andre er at Stortinget ikkje skal blande seg inn i forvaltningas behandling av einskildsaker. Dette handlar om at forvaltninga skal vere fagleg og styrt etter generelle normer for å trygge likebehandling.

Dei fire stortingsvedtaka om asylbarna kryssar iallfall den eine av desse to grensene som Stortinget tidlegare har sett for vedtak retta mot regjeringa. Dei seier noko om korleis forvaltninga skal tolke og praktisere utlendingslova.

Det betyr likevel ikkje at Stortinget kan overta statsforvaltninga og overstyre regjeringa i einskildsaker.

Ein kan ha ulike syn på om Stortinget også blandar seg inn i einskildsaker her, men føringane er sterke og talet på saker vedtaka gjeld er avgrensa.

Ein kan gjerne meine at Arbeiderpartiet i denne saka står på «den gode sida» ved å hindre ein omstridd statsråd i å utøve skadeleg politikk. Målet heilagar middelet og alt det der. Men løftar vi blikket spring farane oss i auga. Vil vi at Stortinget hastig og utan førebuing skal overstyre forvaltninga i einskildsaker ut frå flyktige politiske interesser?

I eit parlamentarisk system som vårt følgjer vi ikkje eit strengt maktfordelingsprinsipp sidan eit fleirtal i Stortinget når som helst kan kaste regjeringa (sjå Grunnlova § 15). Det gjer at regjeringa aldri kan vinne ein kamp mot eit fast bestemt stortingsfleirtal.

Det betyr likevel ikkje at Stortinget kan overta statsforvaltninga og overstyre regjeringa i einskildsaker. Det er framleis slik at regjeringa er konstitusjonelt og politisk ansvarleg for statsforvaltninga. Og det er framleis slik at Stortinget er ei forsamling av 169 kvinner og menn som slett ikkje er organisert til å styre forvaltninga i stort og smått.

Ein kan gjerne meine at Arbeiderpartiet i denne saka står på «den gode sida» ved å hindre ein omstridd statsråd i å utøve skadeleg politikk. Men løftar vi blikket spring farane oss i auga. Foto: Ap/Flickr. Cc

Føremålet med det parlamentariske systemet er eit anna: Om fleirtalet på Stortinget ikkje er nøgd med regjeringas styring, kan det anten kaste regjeringa eller endre lovene som regulerer forvaltningas kompetanse og organisering. Då kjem ansvaret med på kjøpet.

Jeg fraråder på det sterkeste at Stortinget går inn for hastevedtak i disse sakene.

Under stortingsdebatten var det få som løfta blikket ut over det konkrete spørsmålet om asylbarna. Det var eitt heiderleg unnatak. Det var éi røyst som svevde under ein høgare himmel og som fekk C. J. Hambros statue framfor Stortinget til å felle ei lita tåre.

Eg gjev dykk Kristin Ørmen Johnsen frå Høgre:

«Det er oppsiktsvekkende det Arbeiderpartiet gjør i dag. De går altså inn for – uten at man har komitébehandlet, hatt høring eller fått departementets vurderinger – å instruere en fagetat. Instruksen Arbeiderpartiet vil oppheve, er at manglende nettverk eller ressurser til å klare seg i internfluktområdet og sosiale humanitære forhold ved retursituasjonen ikke alene kan begrunne at det gis ordinær oppholdstillatelse.

Instruksen sier også at det skal foretas konkrete, individuelle vurderinger i hver eneste sak uavhengig av søkerens alder på vedtakstidspunktet. Hva Arbeiderpartiet egentlig mener, er uklart. Det kan stilles mange spørsmål i denne saken. Det er derfor jeg er meget urolig når Stortinget skal ta stilling til så mange saker på så kort tid uten at det er behandlet.

I dag har vi faktisk sårbarhetskriterier. De ligger også i utlendingsloven. Jeg utfordrer Arbeiderpartiet til å konkretisere hva det egentlig er. Jeg fraråder på det sterkeste at Stortinget går inn for hastevedtak i disse sakene. De hører hjemme i komitébehandling, i høringer og i vurderinger fra departementet.

Jeg mener saksbehandlingen er uansvarlig, og at hele grunnlaget for maktfordelingsprinsippet faktisk blir utfordret. Det er ikke Stortinget som skal behandle asylsøknader. Det er fagmyndighetene.»

Det er forvaltningas plikt å følgje lova og tolke ho lojalt.

Denne statsrettslege kraftsalva burde fått Stortinget til å tenke seg om, men det skjedde ikkje. Ikkje i ulvesaka, og ikkje no. Det uroar meg.

Først ulven, nå asylbarna. Professor Eirik Holmøyvik er uroa. Foto: ANB.

I denne saka ville det har vore naturleg for Stortinget å gjere det grunnlovfedrane i 1814 tenkte at Stortinget skulle gjere i ny og ne, nemleg å endre lova. Paragraf 38 andre ledd i utlendingslova listar opp ei rekkje moment som skal vektleggjast i vurdering av om det er «sterke menneskelige hensyn» som grunnlag for opphaldsløyve. Ordlyden er tydeleg på at lovas momentliste ikkje er uttømande («kan blant annet legges vekt på»).

Det er Stortingets rett og oppgåve å bestemme kva moment som til ei kvar tid skal vektleggast i slike vurderingar. Det er forvaltningas plikt å følgje lova og tolke ho lojalt.

Om det er slik at stortingsfleirtalet meiner forvaltninga i vedtak etter utlendingslova § 38 ikkje vektlegg tilstrekkeleg mangel på omsorgspersonar, nettverk og/eller ressursar til å etablere seg i internfluktområdet, ja så er det berre å skrive desse momenta inn i lova. Men det krev skikkeleg saksbehandling.

Det krev at Stortinget tenker breitt og heilskapleg fordi lover nettopp skal vere generelle og ikkje individualiserte. Og det krev at Stortinget tek ansvar framfor å skyve det over på regjeringa og forvaltninga gjennom instruksar.

nyhetsbrevet